mandag 7. desember 2020

Med munnbind

Der var det eg skulle hatt!
Det var ei fin veske, full av gjennomsiktige munnbind, eg skulle hatt.
Eg skulle hatt den med meg på julehandelen.
Eg skulle gjeve eit til ho/han som står i kassen 
bak maska si.
For eg  skulle så gjerne sett kva dei sa!

Men, eg tenkte ut ein strategi - løysingsorientert som eg likar å tru at eg av og til er.
- Berre svar nei takk kvar gong du trur dei spør deg om noko, Kari
Det går jo bra for
spørsmåla er jo enkle
- har du medlemskort?
- vil du ha pose?
- vil du ha kvittering?
Berre sei nei takk
kvar gong!
Smil med augene bak maska di til dei bak bak disken med maska si, og sjå nøgd ut!
- Dei veit jo ikkje at eg er hørselshemma!

Eg tek sats og prøver.
Svarar nei takk,
og nei takk,
og nei takk.

Så kjem eg på at det kanskje er lurt med byttelapp.
Det er jo vanskeleg å treffa smak og storleik til så mange...
- Legg du ved ein byttelapp, spør eg 
- Ja, det var det eg spurte deg om, smiler ekspeditøraugene.
Så måtte det seiast - beklager- eg er hørselshemma -
Og så avslører eg strategien min! 
Han smiler med augene og seier noko fint - trur eg! 

Og medan vi ventar på gjennomsiktige munnbind, må eg tenkja ut ein ny strategi.
Eg må få inn eit ja takk! 
- helst på rett plass!

søndag 15. november 2020

Vidare

Når også det beste 
må bli eit minne
Puss det blankt
med tårer  
av takk 
og tårer 
av sakn
Lat det stå der å skina
Men bli ikkje blenda
Reis deg 
og gå

tirsdag 6. oktober 2020

Stunda


Fjorden ligg svart og blank
Fargerike ospeblad
heng urørlege
Hauststilla
er vakker og god

Fjorden og ospeblada
veit det skal så lite til
- så uendeleg lite til
Difor samlar dei på stunda

Eit vindpust
og fjorden er grå
Eit vindpust
og blada driv mot bakken
Difor samlar dei på den hauststille stunda

Det skal så lite til
i oktober
Så lite
for fjorden
for haustbladet
og for henne
under ospetreet
ved fjorden

Fjorden og ospeblada
er utan tanke
Men omtanke
og varme
veit dei å visa.

Oktoberjenta takkar
og samlar på stunda

lørdag 20. juni 2020

Takk likevel

draumen i natta
der augo våre møttes

dei fine augo dine
vesleguten min

ville løfta deg 
men rakk det ikkje

slik er draumen
den korte draumen
- men takk likevel

Mange av lesarane mine veit at to av gutane våre døydde då dei var 4 1/2 år.
Den eine i 1977 og den andre i 1982.
Det er lenge sidan dette, men dei er alltid med.
Stundom kjem dei så levande fram i draumen - i den korte, så alt for korte draumen.
Det gjer godt, og det gjer vondt.
Eg tenkjer: så godt at det framleis gjer vondt!
Alle skjønar at det er katastrofalt å mista born....

Men livet har gått vidare, og mykje, mykje godt og fint har det gjeve.
Likevel -plassen deira er plassen deira!
- Og, eg skriv ikkje for å få medkjensle - det har eg fått mykje av gjennom åra.
Eg skriv fordi det gjer godt!

søndag 24. mai 2020

Treåringen vår
fyller tre i dag
Ny i verda
- men verda er ikkje ny
Treåringen smiler trygt
- men verda er utrygg
"Alt skal bli bra"
skriv borna
Men alt blir ikkje bra
Nokon betalar prisen
for det vonde
Borna også
Bestemor tente lys i kyrkja i dag
eit lys for borna
For treåringen sin
men også for
borna
i flyktningeleir
borna
med dei tomme matskålene
Borna er skatten vår
rikdomen vår
framtida vår
Også dei spirande livsfrøa
er med i bøna
Frøa som ligg gøymt
i det lune, mørke rommet
Kyrie eleison må bestemora ropa
Lys
for ein treåring
Lys
for alle born
i ei verd
der ikkje alt blir bra
før ventetida er omme.
" Herre, når din time kommer,
åpenbarer du ditt rike,
og i klarhet får vi skue,
alt det skapte, frigjort, fullendt.
Vi skal se deg som du er!
- Svein Ellingsen - nr 510 i Salmeboka

søndag 26. april 2020

Stolpejakt

Stolpar
er in
Stolpar
som kan jaktast på

I minnekortet mitt hadde stolpar leidningar
som fører straum
til bygd og by
ENERGI til folket

Andre stolpar
hadde leidningar
som ved eit under
førde samtalar
frå hus til hus
KONTAKT mellom folka

I minnekortet jakta vi
på hjorten
med jaktløyve og gevær
heilt utan stolpar

Men alt er annleis
i desse tider
Vi jaktar på stolpar, vi

Og det merkelege,
og det gode
er at jakta fører
ENERGI og KONTAKT
til folket
der dei med to meters avstand
luskar i skog og fjell
med eit trålaust våpen
i handa
og med rå muskelkraft
på stolpebeina!

mandag 13. april 2020

Det var Han

Dei gjekk på vegen
til Emmaus
Tunge til sinns
med bøygde hovud
og delte
opplevinga
og sorga

Ein dei ikkje kjenner
kjem inn i følgje deira
Kva snakkar de om?
spør han

Dei kunne svara
- vi snakkar om Deg
Men dei visste det ikkje
auga kunne ikkje sjå
sorga var for tung

Men hjarta brann
då Skriftene vart utlagd
medan dei gjekk
Augo vart opna då han
braut brødet
medan dei åt
Då kjende dei han

Så vart han borte

Han dei hadde
gått vegen med
lytta til
invitert inn
ete med
Det var Han!

I same stunda
braut dei opp
Sprang ut og fortalde
til dei andre.

Oppstodevitne
vart dei
Og alt vart nytt!

onsdag 8. april 2020

Kvar kjem det frå?

Kvar kjem det frå
dette smeltande smilet
frå eit nyvakna liv
som smiler mot oss
Som smiler utan å ha lært
Som smiler
utan å vita at det er eit smil

Kvar kjem det frå
dette umedvitne smilet
Dette ekte smilet
som ingen har lært
men som kjem
og gjer så godt
og som får heile verda
til å smila?

Kvar kjem det frå?


tirsdag 7. april 2020

Dåpssong til Ylva


Denne songen vart skrive til Mathea sin dåpsdag i 2010.
Seinare har vi bytta namn og sett inn Lukas, Levi, Silas, Åsmund, Frøya og Ylva.
Bestefar har på dåpsdagen sunge songen til alle desse.
Kaja, den første, kom til verda før songen, men namnet hennar hadde passa fint inn det også!

Gud signe deg du vesle  Ylva vår
så inderleg god og så fin
ho bestemor kjenner på gleda når
ho ser deg på dåpsdagen din

Gud styrke deg du vesle Ylva vår
må foten din veksa seg sterk
Eit nytt liv frå dåpen til æva når
og du er eit Guds underverk

Gud vare deg du vesle  Ylva vår
må foten din gå på den veg
der dåpen sin Herre deg føra får
då trygg du kan gå dine steg

Gud, takk for eit under, for  Ylva vår
ha takk for ein heilt nyskapt skatt
Vern livet for tornar og djupe sår
lat vegen bli bein, ikkje bratt

Gud, bestemorsbøna for  Ylva vår
vil nå deg kvar einaste dag
Ei pakt har du teikna, på denne det står
at Ylva og du er på lag

melodi: Ein fin liten blome

tirsdag 10. mars 2020

Mariastund ved Sognefjorden

Ei lita stund som Maria
ved Meistarens føter
Ei lita stund få velja den gode del
som ikkje skal takast frå henne
Ho lyttar og undrar
Ho lyttar og takkar
Ho lyttar og trur

Takk til dykk som stelte til vakker ramme rundt Mariahelga på Alværa,
og til dykk som formidla og delte så Livsnært og Gudsnært!

fredag 28. februar 2020

Ut for vindauga

kastar tida mi ut vindauga
studerar flytrafikken utanfor
dei flyg og flyg
fram og tilbake
fram og tilbake
lette på vengen
mellom dalande snøfiller
får stilla sin svolt
billege i drift
utsleppsmengda lik null
støyen minimal og
underhaldningsverdien umåleleg

søndag 23. februar 2020

Historia om ein trehest på hjul


Farmora mi, bestemor i Vågen, hadde to gutar og ei jente som fylte år i oktober.
Gutane feira først, jenta nokre nokre dagar seinare.
Gåvene gutane fekk hjå bestemor kunne gje signal om kva som kunne ventast.

Eit år på femtitalet fekk gutane kvar sin fin, kvit trehest. Dei sto på hjul, hadde fin lugg og hale, og ein vakker påmala sal.
Dei var som eit eventyr!

Jenta fekk halda dei, og ho kjenner endå kva ho kjente.
Ville ho også få ein slik?
Eller var ikkje dette jenteleike?
Ho venta med spenning på dagen.

Men ho fekk ingen hest.
Bestemor kom glad med gåve, og var nok heilt uvitande om veslejenta sitt sterke ønskje.
Ho hugsar at ho fekk ei kvit trøye.
Men det store minnet frå denne dagen var - at ho ikkje fekk hest.

I dag er ho vaksen nok til å skjøna bestemor som tenkte slik den tida tenkte
- ein hest var ikkje var presang til oktoberjenta hennar.
Etter som tida gjekk forsona ho seg med gåvefordelinga, 
og når ho var på besøk hjå oktobergutane fekk ho låna Peder sin hest.
- Og heime hadde ho ein snill, fin, og levande hest. 
Det var hennar triumf! 

Trehestane tapte sin glans. Dei vart klipte og strigla både framme og bak. Hjula vart borte i leiken, og ein dag var også det pålimte hovudet borte.
Likevel, ho lika å leika med den. Det var så godt å stryka den over ryggen.

Ein dag kom Peder og spurte - vil du ha hesten min?
Ho forsmådde ikkje den rause gåva. 
Ho fekk ein hest! 
Rett nok utan hovud, utan lugg og hale.
Men den glatte ryggen var framleis like, ja kanskje endå glattare.

I dag har ho hatt ei møtestund med den fine hesten. Ho har stroke den over den like glatte ryggen, og småprata med den før den kom på plass att på hylla si i Karihaugen!

Der skal den få stå som eit kjært minne og ei viktig livserfaring.
Ho fekk ein hest til slutt, og ho kjente glede over den sjølv om finstasen var borte.

Og kvar gong ho høyrer eller les Jakob Sande sitt dikt "På krambua", så kjenner ho sterkt på guten sin lengt og sorg - guten som ikkje fekk hesten han sparde til.
Det var ein gut med ei rik mor som fekk den.
Og til dykk som kjenner diktet, og som kjenner ho som skriv, så seier deg dette:

- At det var "prestegardsfrua" som tok gleda frå guten på "Krambua hans Mons" i Sandediktet, står der som ei plagsam sanning for prestefrua som skriv ! 
Det er mange som ikkje får "sine hestar" her i verda - ikkje ein utan hovud og hale eingong.

tirsdag 14. januar 2020

Stjerner

Det er mørkt ute
seier veslejenta
og tek bestemor fast i handa

Det er skummelt, seier ho
som har oppdaga
mørket

Så pratar vi om
mørket
og ser på det

Då oppdagar vi stjerner

onsdag 8. januar 2020

Roger

Tenkjer i dag at det hadde passa best at det var teknikarar som vart hørselshemma - om nokon trong å bli det då!
Det er jo ein stygg og egoistisk tanke.
Eg veit det, og seier orsak med ein gong🧐
Men det seier pip
og det seier dut- dut
Det lyser rødt og
det lyser gult
Det lyser blått
og det blinkar grønt
Og lite skjønar eg
her eg sit i haugen av dupidittar, leidningar og bruksanvisningar
Eg burde vore teknikar!
Men alt er til mitt beste
det trur eg jo - truande som eg er....
Og det er nok til mitt beste, eg kan jo ikkje tru noko anna!
I går fekk eg meg ein ny venn. Han heiter Roger Pen, og eg er bittelitt optimist for eg kjenner ein bra mann som heiter Roger! Ein svoger faktisk! Han får mykje til! Eg trivest i hans selskap!
No set eg mi lit til at mitt nye Rogerbekjennskap er like triveleg og kreativ som svogerRoger! Då blir det sikkert lyd! Då høyrer eg deg nok i telefonen, i bilen, på møte eller når vi går på tur!
Men teknikar - det blir eg aldri!