torsdag 25. oktober 2012

Lemstrappa

Lemstrappa i det gamle huset der eg levde mine første barneår, kjem for meg kvar gong eg syng "Den fyrste song". Trappa var gråmåla, og veggen var grønmalt trepanel. På kvart bord oppover hadde søstra mi skrive slike R-ar som lærarinna hadde skrive i leksebøkene hennar. Storesøster øvde seg, skulle nemleg bli lærar,  - og lærar vart ho! I svingen på trappa sto far sitt gevær, det han tok fram og pussa og stelte kvar gong han skulle i heimevernet. Ikkje noko innelåst våpenskap der i huset nei!
Eg har mange minne frå denne trappa. Det sterkaste er kanskje den marsdagen i 1954 då far kom heim og fortalde at eg hadde fått ei ny søster. Eg vart så skuffa over at det ikkje vart bror, at eg måtte skunda med opp i trappa for at far ikkje skulle sjå at eg ville gråta. Eg ville jo ikkje visa at eg var skuffa. Men eg kan forsikra alle om at det gjekk fort over - heldig var eg som fekk ei veslesøster!
Songen som får meg til å tenkja på denne trappa har eg sunge i gravferd i dag - songen av Per Sivle - og setninga som får meg til å tenkja på lemstrappa er denne, "dei synte meg ein fager veg opp frå vår vesle stova"
Til langt opp i barneåra tenkte eg at den vegen det var lemstrappa det! Den gjekk frå stova og opp der eg skulle sova. Opp til soverommet der mor og far, og etter kvart tre jenter sov. Så enkel var mi tolking!
Eg har etter kvart forstått at det ikkje er lemstrappa det er snakk om. Eg har på nytt oppdaga det i dag når eg har fylgt ei god mor, bestemor,oldemor og tippoldemor til grava og vi har sunge denne songen. Eg har sett i dag på nytt at det handlar om noko anna enn ei gråmalt trapp!
Det handlar om verdiar som både løftar og festar oss, og som gjev oss himmel over livet og styrke til kvardagen. 
Mange mødre og fedre har med og utan tone sunge verdiane inn i barnehjarte og barnetanke. Verdiar som har gjeve barnet retning og kurs for både gode og tunge dagar og netter! I min generasjon er vi mange som "høyrer stilt frå mor si grav" og takkar for det vi høyrer, og eg gler meg over foreldre som formidlar verdiane vidare til sine små! Det ligg livskraft og livsmeistring i slik formidling!
Tryggleik og omsorg, og tru på ein Frelsar og ein himmel.

søndag 21. oktober 2012

Morgontankar frå Solastranda


Eg er på strategisamling for NMS på Solastranda denne helga. Saman med tilsette og tillitsvalde frå hele det verdensvide arbeidet vårt arbeider vi med vegen vidare for NMS. Her er det mange spennande foredrag og drøftingar, gode samlingar med song, bøn og forkynning og fin teateroppleving i Stavanger i gårkveld - alt saman til ettertanke og inspirasjon! Eg trivest i denne samanhengen, og høyrer til i dette arbeidslaget. Å ha fått tillit som landsstyreleiar gjer meg audmjuk, kampvillig og takksam.  Eg er i gang på fjerde året, har to igjen før denne epoken er over. Målet for oppgåva mi er enkelt sagt å medverka til vidareutvikling av NMS som aktør og reiskap for at nye menneske møter Jesus, hans kjærleik og frelse.
I talen min hadde eg to hovedfokus:

1.       Korleis kan NMS bli ein meir «lettbeint» organisasjon

2.       Kvar vil vi i framtida finna den åndelege og økonomiske motoren for NMS

For meg er dette viktige moment for vidare utvikling.
Eg har ikkje alle svara på dette i dag, men eg er overtydd om at det er viktige spørsmål for nytt og kreativt engasjement, og for styrke og kraft i arbeidet vårt vidare. Samtalen og drøftingane i går gav  mange viktige innspel. Det er med forventning og tillit til fellesskapet og misjonens Herre eg gjer meg klar til siste arbeidsøkt på denne konferansen.
God søndag
(og skal du ikkje på gudsteneste eller andre stader der du gjev di gåve i dag, så må du gjerne hjelpa meg med innsamlingsprosjektet mitt til Madagaskar. Eg manglar endå ein del før målet er nådd, og avreisedagen nærmar seg)
http://www.karisorheim.no/2012/09/byggeprosjekt.html


fredag 12. oktober 2012

Takk for dagen

Strålande sol og nydelege haustfargar. Haustferie og fødselsdag, heldige meg. Takk for livet, takk for dagen!

"Lunger som pustar
hjarte som slår
frisk og rørig i livet eg står

Hender som tek om
føter som går
arbeid og yrke og trygge kår

Tanke som tenkjer
kjensler i sinn
livet det lever i kvardagen min

Leva i medgang
i lukke og fred
leva i motgang med det som bryt ned

Livet det lever
i livet mitt òg
i grått og i fint ver der livet eg såg"

onsdag 10. oktober 2012

"Nå er livet gjemt"

I dag har eg brukt litt tid på å gjera blomar og hage i stand til haust og vinter. Dei blomsterpryda mjølkespanna, og den gamle sinkbaljen har mista si fargeprakt, og skal få overvintra inne. Blomane har hausten teke - eg var førebudd på at det skulle gå slik. Synes faktisk det er heilt ok, og det er nett som eg frydar meg over at potter og baljar skal få koma i hus og ha det trygt, tørt og godt inne. Kan ikkje vera stas å stå tomme ute i alle slags ver sjølv om bøtter og spann er døde ting. Men blomar og graset lever, og dør.
I dag er det 35 år sidan minsteguten vår vart fødd. Vesle Øyvind, han var ein nydeleg liten gutt. Ein knupp som sprang ut i livet, og såg så aldeles fullkomen ut. Men alt blir ikkje slik vi håpar, og slik det ser ut. Sjølv den vakraste rose visnar, og sjølv det mest fantastiske skal døy ein gong. Øyvind fekk fire og eit halvt år, akkurat som broren Åsmund. Men vakre var dei og verdifulle var dei, og livets rett hadde dei til fulle!
Det gjer meg vondt langt inn i sjela å vera vitne til debattar som går om dagen, m.a. frå Stortinget sin talarstol om tidleg ultralyd, og abort på grunn av ulike avvik. Var det vanskeleg å stå mot legar sin kunnskap og råd for 40 år sidan, er det slett ikkje lettare i dag. Eg har medkjensle med alle som i dag er i same situasjon som vi var i. Så einsamt, og så stort eit mamma- og pappaansvar når samfunnet seier at det ikkje er nødvendig at barnet blir fødd. Samfunnssvikt kallar eg det, sjølv om dei fleste politikarar er ueinige med meg i det.
Det er ei stor sorg, det er tøft og arbeidssamt når livet ikkje blir A4, men livet kan bli rikt, og blomebeda meir fargerike om også dei litt annleis blomane får vera med. Alle blomar skal jo visna -  og" mennesket er som gras", seier Skrifta. Dette ser eg tydelegare i denne haustdagen enn eg såg det for 35 år sidan.
Sorg og tap til trass, i dag vil eg gle meg over vesle Øyvind, og takka for den gleda han gav oss. Eg vil takka alle som forsto oss, som støtta og hjelpte oss, og så takkar eg Svein Ellingsen for alle hans flott salmar for krevjande livssituasjonar. I dag er det denne som passar så godt:

"Nå er livet gjemt hos Gud
Vi overgir alt til Ham
Håpet er tent i liv og død
Ingen er glemt av Gud"