fredag 28. februar 2020

Ut for vindauga

kastar tida mi ut vindauga
studerar flytrafikken utanfor
dei flyg og flyg
fram og tilbake
fram og tilbake
lette på vengen
mellom dalande snøfiller
får stilla sin svolt
billege i drift
utsleppsmengda lik null
støyen minimal og
underhaldningsverdien umåleleg

søndag 23. februar 2020

Historia om ein trehest på hjul


Farmora mi, bestemor i Vågen, hadde to gutar og ei jente som fylte år i oktober.
Gutane feira først, jenta nokre nokre dagar seinare.
Gåvene gutane fekk hjå bestemor kunne gje signal om kva som kunne ventast.

Eit år på femtitalet fekk gutane kvar sin fin, kvit trehest. Dei sto på hjul, hadde fin lugg og hale, og ein vakker påmala sal.
Dei var som eit eventyr!

Jenta fekk halda dei, og ho kjenner endå kva ho kjente.
Ville ho også få ein slik?
Eller var ikkje dette jenteleike?
Ho venta med spenning på dagen.

Men ho fekk ingen hest.
Bestemor kom glad med gåve, og var nok heilt uvitande om veslejenta sitt sterke ønskje.
Ho hugsar at ho fekk ei kvit trøye.
Men det store minnet frå denne dagen var - at ho ikkje fekk hest.

I dag er ho vaksen nok til å skjøna bestemor som tenkte slik den tida tenkte
- ein hest var ikkje var presang til oktoberjenta hennar.
Etter som tida gjekk forsona ho seg med gåvefordelinga, 
og når ho var på besøk hjå oktobergutane fekk ho låna Peder sin hest.
- Og heime hadde ho ein snill, fin, og levande hest. 
Det var hennar triumf! 

Trehestane tapte sin glans. Dei vart klipte og strigla både framme og bak. Hjula vart borte i leiken, og ein dag var også det pålimte hovudet borte.
Likevel, ho lika å leika med den. Det var så godt å stryka den over ryggen.

Ein dag kom Peder og spurte - vil du ha hesten min?
Ho forsmådde ikkje den rause gåva. 
Ho fekk ein hest! 
Rett nok utan hovud, utan lugg og hale.
Men den glatte ryggen var framleis like, ja kanskje endå glattare.

I dag har ho hatt ei møtestund med den fine hesten. Ho har stroke den over den like glatte ryggen, og småprata med den før den kom på plass att på hylla si i Karihaugen!

Der skal den få stå som eit kjært minne og ei viktig livserfaring.
Ho fekk ein hest til slutt, og ho kjente glede over den sjølv om finstasen var borte.

Og kvar gong ho høyrer eller les Jakob Sande sitt dikt "På krambua", så kjenner ho sterkt på guten sin lengt og sorg - guten som ikkje fekk hesten han sparde til.
Det var ein gut med ei rik mor som fekk den.
Og til dykk som kjenner diktet, og som kjenner ho som skriv, så seier deg dette:

- At det var "prestegardsfrua" som tok gleda frå guten på "Krambua hans Mons" i Sandediktet, står der som ei plagsam sanning for prestefrua som skriv ! 
Det er mange som ikkje får "sine hestar" her i verda - ikkje ein utan hovud og hale eingong.