søndag 3. januar 2010

Oppstart 2010

Denne helga er helga der vi førebur oss til ny start. Eg ser på facebook at mange av mine vener skriv om at det er siste fridag, eller at ein gler seg/er klar for/eller kvir seg litt til dagen i morgon, dagen då alt starta opp att.
Då eg var jente var kvelden før første skuledag etter ferie ein vanskeleg kveld. Ikke det at eg eigentleg hadde så mykje å kvi meg for, men spenninga i møte med ein ny kvardag utanfor mi faste ramme var krevjande, og i mange år måtte far vika plassen i senga si for meg framfor slike oppstartsdagar. Det var ei god løysing den gongen.
Eg kjenner litt av det same framleis. Eg er spent på morgondagen og på ein ny oppstart. Det nye året vil by på mange store utfordringar, eg veit det. Ikkje minst tenkjer eg på engasjementet mitt i NMS, og det er der eg startar når eg i morgon tidleg kl 06.00 set meg i bilen på veg til Flesland/Oslo.
I misjonen er det slik at vi vil så mykje, vi ser så mange muligheter, vi ser så mange utfordringar og difor vi blir så frustrerte når økonomien set sine nådelause grenser. Det var jo ikkje for å skjera ned på misjonsaktiviteten eg engasjerte meg, det var jo fordi eg ville vidare ut med julebodskapen!! Men eg prøver å festa blikket litt lenger framme - førebur meg på utfordringane vi må gjennom, og når balansen er eit faktum og inntektene aukar då skal vi vidare, endå lenger.
Eg trur nok at eg skal sova litt i natt, og heldigvis er eg ikkje åleine i natta.
Takk til alle som er med i denne prosessen. Takk for at de ber og gjev støtte.