mandag 18. oktober 2021

Lite og mykje

den jamne pusten
den gode varmen
frå vesle kroppen
som veit så lite
som er så mykje
på bestemorsfanget
tidleg ein fredagsmorgon

torsdag 16. september 2021

Haustkåpe

Fryd deg over meg
seier blåbærlyngen
stolt over si nye kåpe
Eg har gjort mitt
Har vore raus i år
No kler eg meg i jordfargen
Fryd deg over den
den er ekte
Ja, fryd deg over jorda
og ver du også raus



torsdag 9. september 2021

Heimreis

Det set ei lita erle ut for glaset
På den grå grusen
Ei einsleg lita sølvgrå erle
Ho har funne seg ein liten sølepytt
Pussar fjørdrakta si
Pussar, pussar og pussar
Pussar dei grå vengjene
og den kvite bringa si
Tenkjer du å reisa vesle erle
- Klart eg skal reisa
- Alle reiser heim
Ho gjorde eit vengeslag
trekte opp føtene og drog!

lørdag 6. mars 2021

Ropte høgare
då svara var enklare
Synet var klårare
då fokus var smalare
- Det freistar å teia i dag

onsdag 17. februar 2021

Gamalt venskap

 

Sitja på kvar sin stol
På kvar si side av eit kafebord
Maska må av då!👍
Sjå kvarandre inn i augene
prata, prata, prata
Smila og le
og kjenna stemma skjelva
Vi har delt mykje
Gjennom viktige fasar i livet
Møtes alt for sjeldan
- og åra går
- og går
Men gamalt venskap varer!

lørdag 6. februar 2021

Utover

 Når ein går langs ein smal fjord går ein enten innover eller utover! Slik tenkjer eg det!

I dag har eg gått utover langs fjorden. Over bøar og bygdevegar med snø på!
Eg tek meg i det og tenkjer - er det utover som er vegen å gå i denne verda?
Er det der framtida ligg?
Eg oppdagar at hendene lett legg seg på ryggen medan eg går, og at eg stoppar og snur meg. Ser innover!
«Dei gamle» gjekk på søndagstur med hendene på ryggen. Kvar skulle dei elles gjera av dei når dei ikkje gjorde på noko?
Og eg tenkte- no er eg visst som dei gamle - og ja, eg er då på deira alder - innser eg.
Men eg går utover langs fjorden.
Eg vil gå utover fjorden!
Eg vil tenkja at framtida er utover!
Men eg kjem oftare enn før til å leggja hendene på ryggen- snu meg og sjå innover.
Det ligg så mykje der, og meire vil det koma etter som stega går.
Men framtida ligg utover til det eg endå ikkje har sett!

torsdag 28. januar 2021

Fullmåne


Månen lyser opp
her i grisgrende strøk i kveld.
Ingen veglys dempar glansen her
- og fordi eg ofte blir litt undrande i månelyset, så tenkjer eg mine rare og tildels barnlege månetankar.
Månen, den underlege skapningen der oppe
som oppfører seg så
opp og ned
og som openberrar seg på himmelen slik i ny og ne,
og som endå til blir bortimot full på ein onsdagskveld- midt under pandemi og elende i den store vide verda.
Så er det no godt for noko då,
at polet er ope
- slik at månen kan bli full også i januar 2021.
- Men det var vel tullete tenkt!
Han skal no ha takk
for det kalde lyset han sender - ja, for månelyset er kaldt!
Og eg ønskjer han ei god natt.
Eg håpar stjerner og planetar rund han passar på no når kveldsroen fell over Skår
- og eg håpar han ikkje frys langt der oppe i kuldegradene!
Ingen må frysa!
- Men mange frys!
Det er det vondt å tenkja på!
Frys inne i si einsemd.
Frys ute på gater og i skur.
Månen kan lite gjera med det
anna enn å visa seg der oppe
som eit teikn
frå ei betre verd
Ei verd der ingen frys!