tirsdag 13. desember 2016

Desse dagane

Desse dagane 
når skodda legg seg som florlett slør over bakkar og vatn
og dreg oss inn i eventyret!

Desse dagane 
når sola leikar gøymsle mellom skoddeflaka
og spreier sine gylne fargar 
lik ein pensel blandar fargar over lerretet!

Desse dagane då verda blir pakka inn 
og vi anar noko bak!

Desse eventyrdagane!

Fotograf: Knut Fr. Sørheim

lørdag 10. desember 2016

Glede på ein torsdagskveld!

Denne veka var vi på ei nydeleg samling i ei stove i nærområdet!
Vi var i underkant av 20 personar. 
Alle hadde blitt pensjonistar- dei yngste ferske, dei eldste rutinerte.
Halvparten av dei som var der hadde same utdanning og hadde hatt same yrke, og det var "sjefen" deira som inviterte.
Programmet var - fellesskapsglede -  god mat - og ikkje minst; åndeleg fellesskap og song!
Den halvparten som ikkje hadde same utdanning og arbeidsgjevar, hadde førebudd seg godt!
Dei hadde fått i oppgåve å føreslå ein salme, og sei nokre ord om kvifor nett den!
Det vart ei god stund! Ni flotte, enkle, mektige salmar knytta til vitnemålet om kvifor nettopp den salmen hadde verdi i livet vårt. Stunda vart prega av truserfaring og salmeglede.
For salmeglade meg kunne eg kanskje ikkje fått betre underhaldning ein mørk og våt desemberkveld midt i adventstida. 
Mitt salmeval var Arve Brunvoll sin salme "Du ord frå alle æver". Her er det mykje å "grunna på". 

Mi helgehelsing til dykk som les dette vert det siste verset - verset som utfordrar meg og som løftar fram trua på fridom eingong!

"Lat dine vitne vise
di sanning med sin munn,
og verdsens von få prise
til siste dag og stund,
når folk av alle ætter
står fritt for trona di
og takk og ære retter
mot deg til evig tid"


mandag 5. desember 2016

Vi vert sitjande

Regjeringa vert sitjande,
det vert eg også.
Regjeringa har støtteparti,
eg har støttestavar.
Regjeringa ønskjer å sitja lenge,
det ønskjer ikkje eg.

Det er den store forskjellen!

Og når eg ikkje får vera gjest på Dagsrevyen så får eg senda ut bodskapen sjølv :-)

torsdag 24. november 2016

Kor lenge?

Kor lenge kan vår dyktige statsminister leva med ein statsråd som rir på den populistiske bylgja?
Kor lenge kan ho finna seg i retorikken som utspinn seg i innvandrings- og inkluderingsministeren sine spor og på facebooksida hennar?
Er det ei regjering verdig å ha ein statsåd som uttrykkjer at "hele verden kan ikke komme til Norge!"? Kven er det ev som skulle meina det? Det er då heilt villeiande og utanfor alle realitetar! Og korleis kan ei regjering leva med at ei av dei som sit rundt Kongens bord kallar meiningsmotstandarar for "hylekoret"? Eller korleis kan det aksepterast at utvising av to mindreårige gutar blir brukt som eksempel på handlekraft?
Korleis fremjar dette ein sakleg og verdig debatt om eit vanskeleg spørsmål?
Dette, og meire til, undrar eg meg verkelge over.

Lat oss for all del vera ueinige! Det er i brytningspunktet der meiningar kvessest at gode løysingar kan finnast - om viljen er til stade. Den populismen vi er vitne til om dagen, i "lukkerus" over m.a. Trump og populismen sin valsiger, må ikkje få "fritt leide" inn i demokratiet vårt.
Den overdrevne trua på kontroll og offentleg styring over menneske sine val, og stivbeint byråkratisk og utilgjengeleg språk, er heller ikkje sunt. Men eg forventar at det på regjerings- og stortingsnivå blir brukt sakleg argumentsjon, at det er vilje til å lytta, og til å debattera på ein verdig måte.

Ei debattform, og ein facebookstil som vi prøver å læra born og unge å styra unna i respekt for medmenneske, må ikkje rivast ned av personar rundt Kongens bord, eller andre som har fått folket sin tillit. Slike leiarar vil eg ikkje ha!

Statsministeren har sagt at ho "ville ikke uttrykt seg slik". Det trur eg henne på - men kor lenge og kor mykje vil ho akseptera utan å mista respekt og autoritet?

lørdag 19. november 2016

Regnet og vinden

Det velsigna regnet
som møtte mitt sjuke andlet.
Den friske vinden
som ruska mitt ustelte hår.
Det var som sekund av lukke
frå ei anna verd
utanfor huset med dei kvite frakkane.

Berre nokre ufarlege døgn innanfor
mellom gode smil og mykje varme.
Kjennes likevel som
å koma fri
verta vaska
verta rein
av regnet frå himmelen
og vinden frå fjella.

Så sårbare vi er
der innanfor.
Gå til Siloadammen og vask deg,
sa Meistaren.
Kjenn vatnet
og vinden
sitt underverk!

lørdag 12. november 2016

Skråblikk frå "grostolen"

Bloggen min er ikkje for dei store tankane og dei djupe utgreiingane.
Den er for dei enkle observasjonane og opplevingane for kvardagsmennesket, Kari.
I dag blir det eit nytt skråblikk frå stolen - denne gong frå "grostolen"!

Foten
Denne veka har foten min fått ny status - lårhalsbrot heiter det no. I fire veker har eg hoppa rundt på krykkjer, køyrt bil, halde opp til fleire talar og vore i Gjenbruksbutikken i trua på strekk og kraftig slag. På onsdag vart det ny diagnose, innlegging for operasjon og utskriving utan operasjon for å humpa vidare på krykkjer i eit par veker til! "Du er unik", sa legen i går då han studerte røntgenbileta og eg reiste heim med godt mot.
I skrivande stund får eg kontramelding frå sjukehuset, og i morgon blir det operasjon! Bra dei passar på meg! Eg var visst ikkje så unik likevel. Kanskje heller litt uvanleg!

Trump
Så har det fridomselskande og demokratiske USA vald seg ny president! Eg kjente eit indre stikk i heile meg då eg realiteten gjekk opp for meg! Kva er det som skjer? Er det så stor avstand mellom folket og makta at veljarane vågar eit slikt val? Det kan verka slik! I tilfelle er det eit varsko til både politikarar og velgjarar også hjå oss! 
Eg ber om at dette går betre enn frykta.

Kristen
Media melder at det var dei kristne som gav makta til Trump. Dette fell mange av oss kristne tungt for brystet. Eg kjenner meg i same bås som Lisa Maria Hareide som på si facebookside sa at "I dag kaller jeg meg ikke kristen." - " i dag kaller jeg meg for en Jesu-disippel" Og når vi ser korleis somme i det konservative kristennorge jublar over sigeren, så kjennes det ikkje som vi lever i same verd! Vebjørn Selbekk i avisa Dagen skriv glimrande godt om dette!
Vi kjem nok til å kalla oss kristne framleis vi som trur på den Treeinige Gud! Men vi må ha lov og undra oss over at det berre er abortkamp, kamp mot homofile ekteskap og Israelspolitikk som skal definera kva som er kristne kampsaker! Jesus viste oss noko langt meire!

Skulegudsteneste
Så kom skulegudstenestedebatten. Den er jo like viss som den første snøen. Kva eg meiner treng eg ikkje utdjupa. I dag spør eg berre; Kvifor avlyser vi ikkje heile jula? Kva skal vi med jul? Er det julenissen, luciafesten, pepparkakebyen som er jul, eller er det handelsstanden si fest? Er det julemusikkstemning og juleborda som er jula? Tåler ikkje borna og skulane våre i eit fleirreligiøst samfunn, eit møte med kyrkja, - ja moskeen eller synagoga for den del? 
Eg veit at dei aller fleste lesarane mine stiller dei same spørsmåla som eg.

Sjakk
Og så har sjakk-VM starta. På NrK2 var det stille og fredeleg underhaldning i går kveld. Men du verden så mykje det kan prarast om nokre menn som set bøygd over kvite og svarte figurar med artige namn! Av og til slår ein bonde eller springar til, og etter mange timar er det over. 
Som ei som har hatt tre born som har vakse opp i sjakkbygda Sandnes i Masfjorden, har det ikkje vore til å unngå å stifta kjennskap til dette rutete brettet. Eg innser at dette er godt for konsentrasjon, tankearbeid og strategi, og eg likar dette "stille" spelet sjølv om eg aldri har vunne ein einaste kamp!

Messe
Sist helg hadde vi flott misjonsmesse for NMS i Knarvik. Mykje folk i alt for små lokaler, og ca 1/4 mill til misjonen. I dag har NLM si messe - dei har flytta til Nordhordlandshallen og slår nok resultetet vårt! Storveges at misjonsmesser slår til.
I morgon er det gudsteneste(messe) på Seim. Då hadde eg tenkt å humpa meg ut av "grostolen" og til kyrkje! Det blir det neppe - om ikkje nokon ombestemmer meg endå ein gong :-)
God helg!

fredag 4. november 2016

Ei av dei

Eg ser og møter kvinner som har flykta frå krig, ufred og farar så godt som kvar dag. Mange er blide, positive og kontaktsøkjande. Andre er sky, unnvikande og kanskje redde. Alle har dei sin historie og opplevingar. Eg har lytta til ein del av dei.

Dette tenkjer eg på i dag:
  • Kva om eg var ei av dei som etter månader, ja kanskje år på flukt hadde blitt omplanta til dette vesle, rike landet med snø på langt oppe i nord!
  • Kva om eg hadde mista mine kjære og alt eg eigde og hadde bygd opp!
  • Kva om eg var ei av dei som fekk med meg nokre av dei eg er aller mest glad i på reisa!
  • Kva om eg var ei av dei som kom heilt åleine!
  • Kva om eg fekk eit hus med varme, senger, mat og nokre kroner i lommeboka!
  • Kva om eg møtte hyggelege menneske som ville meg det beste - på eit framandt språk!
  • Kva om det var eg som måtte streva for å finna ord for mine behov, min lengt og min historie!
  • Kva om alt det eg hadde bygd opp av kunnskap, erfaring og kvalifikasjonar måtte prøvast på nytt i eit bitte lite land der det bur færre menneske enn det var heime i den øydelagde byen min!
  • Kva om eg var ei av dei som måtte venta lenge på dei viktige svara!
Korleis ville eg hatt det då?

mandag 31. oktober 2016

Skråblikk frå stolen

Det er i alle fall ein ting som, i beste fall, kan vera positivt med det å sitja i ein stol med foten høgt; ein får god tid til å fylgja med på nett, aviser og TV.
Mykje engasjerer - det meste kan eg gjera lite med.
- Men det er jo alltid i slike situasjonar vi er klokast....

Her kjem det nokre enkle observasjonar og "forståsegpå-tankar" frå  nokre av siste vekes medieoppslag:

For det første - tenk om eg kunne fått sagt nokre vettuge ord om ansvar, seriøsitet, respekt, nestekjærleik, forvaltning og demokrati til desse lite tillitsvekkjande presidentkandidatane i USA. Det vi er vitne til om dagen, er uverdig, og i verste fall farleg! Ein av desse vil få enorm makt. Frå stolen min verkar det som kandidatane ikkje har den klokskap som trengs for å forvalta denne makta! Håpar eg tek feil!
Skulle gjerne ønskja eg fekk ta ein alvorsprat med dei, begge to!

Så har eg ikkje unngått å fylgja med på Hanevoll-debatten. Den debatten er langt frå oppbyggeleg, og eg får slett ikkje energi til å kasta frå meg krykkjene av den. Eg blir sint og forarga for å sei det mildt. Men ikkje berre det, eg blir også trist og skuffa. Vi vedkjenner oss då den same Gud og les den same Bibel!
Her må det ryddast! Dette er øydeleggjande! Mine råd ville neppe blitt teke omsyn til, men eg håpar andre kloke, velmeinande folk blir lytta til!

Og så til denne munnsårsalven - Kjære vene, får eg lyst til å seie! Den som har hatt store munnsår i sol og snø, veit kva dette er.
Sjølvsagt er vi i mot doping, men dei fleste av oss har for lite greie på dette til å meina noko kvalifisert. Likevel, for oss som set rundt TV-skjermen og ser på langrenn er det noko som ikkje stemmer når ein munnsårsalve vert straffa slik Therese Johaug opplever det om dagen. Håpar det løyser seg! Eg heiar på henne!

Eg må også ha med nokre ord om Trude - Trude Drevland. Denne fargerike tidlegare bergensordføraren, som også har kome i eit uføre. Også ho må venta til makta har tala. Men kjekt var det å ha henne tilbake på skjerm og aviser. Tungt å høyra om hennar personlege kamp, og befriande å sjå henne glimta til med sine kjappe kommentarar som ikkje berre rører ein bergensar, men også ein stril litt utanfor "Byen" i Trude sitt hjarta!

Elles har eg fått med meg er at Kristiansund fotballag har arbeid seg opp i elitedivisjonen! Slikt er godt nytt. Mitt fotballhjarta er alltid hjå dei som gradvis arbeider seg oppover. Ingen skal kjenna seg trygge på toppen. Dette er sunt! Heia Kristiansund!

I jobben min fekk eg ofte telefonar frå engasjerte og kloke folk som ringte etter at avisene var lese om morgonen. Du verden så engasjerte, taleføre og tildels hissige mange av dei var! Og så opplagte grunnar til problema - og så enkle løysingar dei såg! Det forundra meg inn i mellom - kvifor vart det aldri politikarar eller biskopar av desse kloke folka?

Så set eg altså her - på dagen to år etter at eg slutta i jobb - med skamfaren fot, og har tru på at om dei med makta berre hadde høyrt på meg, så hadde verda, og media, og kristenfolk, og idretten unngått alle desse problema dei har å hanskast med.
Slik kan det gå!
Med andre ord: "Intet nytt under solen".

lørdag 15. oktober 2016

Fallet

I dag har eg slikt å gjera på.
Inspirert av Jakob Sande sitt dikt om Kallen og Katten, pluss krykkjene eg humpar heilt nødvendige ærend på, harseler eg litt med meg sjølv i kveld! Det er god medisin det!
(ikkje brot - men dugeleg strekk)

Fallet

Ho Kari Skår Sørheim med damer
la ut på så vakker ein tur.
Og lite ho tenkte på farer
som snublande nær låg på lur.

Og sola gjekk ned ut på Skauge
og frostrøyken låg over myr.
Og alt var så vakkert for auge
sjølv store og beitande kyr.

Då turen den vakre var over
og kaffi og kringle fortært.
Dei takka for turen i go'ver
og fellesskap som dei har kjært.

Men best som ho sto der så låg ho
på asfalten skitten og svart.
På foten den eine no står ho
den andre tok ulukka "hardt".

Og doktor kom til og så presten
dei sjekka og støtta og sa;
Du kjem deg nok "oppatt på resten"
men Kari var langt i frå glad.

Og no går ho heime og plagast
tilårskomen, rastlaus og grå.
Ho håpar det snarast skal lagast
at ho på to føter skal stå!

Og syndaren store var lissa
på turskoen stødig og god.
Den knytte seg opp i den vissa
at turen var over den no.

Moralen i visa må verta
at "den som står støtt" må sjå til,
at ikkje dei også må detta
sjølv om dei det slett ikkje vil.

mandag 3. oktober 2016

Velsigninga

Eg er glad i velsigninga.
Den Gudsvelsigninga som blir nedbedt over meg i kyrkje og forsamlingshus.

Den aronittiske velsigninga som avsluttar alle 
gudstenester i kyrkja mi lyder slik:

"Herren velsigne deg og vare deg
Herren late sitt andlet lysa over deg og vere deg nådig
Herren løfte sitt åsyn på deg og gjeve deg fred"
Dvel ved desse mektige orda som kan
fylla oss med tryggleik, håp og fred!

Om eg ikkje klarar å konsenterera meg like sterkt under
heile gudstenesta/møtet, så klarar eg det når velsigninga
blir "lyst over" meg! 
Og sjølv om det ikkje er så mykje "hands up"
i kyrkja mi, så er det noko symbolskt og fint når presten løftar hendene når han/ho
nedber Herrens velsigning over oss, og vesle meg.

I somme samenhengar blir velsigninga sunge som fellessong/bøn.
Også det kan vera fint, men det er ikkje det same.
Det er ein styrke å få vera stille mottakar av velsigninga.

Dette var det eg hadde på hjarta i kveld!


tirsdag 27. september 2016

Bokstavdraum

Påverka av TV- kåringa av  Norges beste dikt, "Det er den draumen me ber på" av Olav H Hauge, deler eg min underlege bokstavdraum.

Bokstavdraum!

Himmelen var full bokstavar
dei dansa og svinga seg lett!
Dei var som små lysande englar
slikt ingen før meg hadde sett!

Eg retta ut hender mot dansen
og ein etter ein steig bokstavane ned.
Så pusla eg saman i måneskinnglansen
og orda eg fann var
Kjærleik og
Glede og
Fred!

Då vakna eg brått!
Og visste det straks;
- Det er den draumen eg ber på.


torsdag 11. august 2016

Solstrålemot

Nokre solstrålar
finn opning
gjennom skylaget
og får oss
til å tru
at no kjem ho.

Vi smiler
og fattar mot.
Klart at sola
og varmen
kjem!
Det trur vi,
og knepper
jakken godt rundt oss.







fredag 29. juli 2016

Spara på krefter ?

"Du kan ikke spare på ungdommens krefter
og ha dem til senere år." skriv Arne Paashe Aasen i diktet "Til ungdommen".
Kloke og sanne ord, vil eg vel meina.

Spørsmålet mitt i kveld blir; 
Kan det sparast på "pensjonistdommens" (nytt ord - vegrar med for å bruka alderdommens) krefter?
Det er det eg tenkjer på i kveld - på sjølvaste Olsokkvelden!
Eg set nemmeleg heime i stolen min i staden for å reisa på Fjon på olsokfeiring slik eg pleier gjera. Husbonden reiste åleine.

Så set eg her og filosoferar over om eg er heime fordi eg er trøytt etter mange aktive dagar på gjenbruksbutikken denne veka, pluss slåttearbeid heime i går - eller om eg set her for å spara på krefter til 70-årsfeiring i morgon kveld, og feriestart på søndag.

Set eg heime fordi eg er trøytt, eller fordi eg sparar på kreftene?
Det er det eg skal skriva meg fram til eit svar på i kveld.

Fornuften og kroppen seier eg er trøytt i kveld. Det er ikkje latkvinnes jobb å leva som gjenbrukt!
Tunge kassar, møblar, prating, nesten ikkje tid til mat - slik går gjenbruksdagen. Det er ein fryd!

Men trøytt blir eg.
Så kjem spørsmåla; blir eg trøytt fordi eg ikkje er god nok til å spara på kreftene, eller fordi eg brukar dei?
Går det an å spara på kreftene til "senere år" for oss opp i åra når det ikkje er mogeleg for ungdommen ?

Nei Kari, du veit svaret!
Du kan ikkje spara på kreftene - "problemet" er berre at batteriet tek til å bli gamalt, og du må liggja lenger "på lading". Du må faktisk akseptera det!
Så enkelt, Kari - det er faktisk ikkje synd på deg, frisk, aktiv og heldig som du er!

PS- Eg skulle jo skrive eit seriøst innlegg om Olsok - men det får bli ein annan gong!

søndag 10. juli 2016

Tre og Bibelord

Skogen betyr mykje for meg. Vi har den tett innpå oss. Ofte går eg i den, og stundom skriv eg om den.
I kveld deler eg eit dikt som sto i bønneboka vår i dag. Synes det var fint!
Det er skrive av Oskar Stein Bjørlykke, og det passa fint til mine bøner. tankar og filosoferingar.

Trær

Herre, det er veldig mange rare ord. Ikke minst
i Bibelen. De står der som store trær.
Selvsagte, men likevel på en måte ubegripelige.

Rettferdigheten det er en stor furu, jeg kan
støtte meg mot den og se rett opp til Himmelen.

Nåde er et bøketre. Veldig og bredt.
Jeg kan stå under det, i sol og vind og regn.

Håp er en asp. Den står skjelvende og skimrer
i hvit og stille glede.

Kjærligheten trodde jeg først var en eksotisk plante,
en palme, et fikentre eller noe veldig sjeldent noe.
Men så er det jo gran. Og jeg vet at det finnes enorme skoger av gran.

Herre, takk for at vi
skal få leve i skogen
av dine ord.

torsdag 7. juli 2016

Blandingsved


Eldgamle seljer i løemuren, rotvelta granar, older, hegg, osp, hassel og meire til etter vinterstormar, må ryddast og bli til ved - Svært mykje ved. Husbonden har hatt ufatteleg mykje arbeid i vinter, og vi har god ved i lang tid. Blandingsved er ein god ting - den utfyller kvarandre  (nett slik som vi ulike menneskeskapningar gjer det.)
Meg er det ikkje mykje hjelp i, men eg stablar litt i ny og ne, og erfarer at det er vanskeleg å få beine fine stablar av slik ryddeskog. Det er visst litt ære i fine vedala. Det får så vera, berre det står!
Og så gjer eg noko så unyttig som å bruka tid på å skriva litt om vedstabling av blandingsved. Forstå det den som kan, og les den som vil!

Blandingsved
Det blir ikkje kunstverk av blandingsved
kreksete, krokete blandingsved
prøv den som vil
prøv å få til
snorbeine stablar av blandingsved

Det luktar 'kje bjørk av blandingsved
kreksete, krokete blandingsved
og ti sortar minst
av trea som finns
gjev krokete stablar av blandingsved

Det luktar god skog av blandingsved
kreksete, krokete blandingsved
men om lukta er god
og laet mitt sto
blir det krokete stablar av blandingsved

Det blir ikkje kunstverk av blandingsved
kreksete, krokete blandingsved
om det tærer på æra
skal laet få vera
det blir varme av kreksete blandingsved

tirsdag 28. juni 2016

Hald meg i handa

Hald meg i handa
når skodda vil koma
og reisa sig inn i
ei tåkelagt verd
der det kjente blir ukjent
det klåre blir uklårt
og båten driv ut
på ei skoddelagt ferd

Hald meg i handa
og sjå meg i auga
syng stille mot øyra
at skodda har letta 
når eg stig i land

På ein skoddefull dag vart dette vesle, litt alvorlege diktet til! 

Det handlar kanskje om ei nær hand, men det er endå meire ei bøn til han eg trur på og som fører gjennom skoddedagen, og fram til ein forløyst soloppgang!

lørdag 25. juni 2016

Knarvik kommune!

Det går mot kommunesamanslåingar, også i Nordhordland.
Lindås, Meland og Radøy har jobba godt, og fått vedtak om samanslåing. Det blir spennande, og avtalen dei har framforhandla skapar positiv forventning og framtidstru! Austrheim, Fedje, Masfjorden og Modalen har gjort vedtak om framleis å vera eigne kommunar. Dei fortener respekt for sine val!

Kva skal så den nye kommunen heita? I dag skriv eg fordi eg vil gje den nye kommunen eg skal bu i, eit namn!
Namnedebatten har forståeleg nok, ikkje hatt noko fokus.
Så langt har eg høyrt eitt uoffisielt namn på den nye kommunen, og det er Nordhordland kommune!
Det er eit godt namn dersom alle kommunane blir med. Blir det ikkje slik når siste ord er sagt, må namnet Nordhordland ikkje brukast!

Mine argument mot dette namnet er følgjande:
For det første - det vil vera å fråta delar av Nordhordland deira regionidentitet. Det vil eg oppleva som svært uheldig. La alle nordhordlendingar framleis få vera nordhordlendingar!
For det andre - Det vil gje kommunane som har sagt nei til samanslåing rett i deira frykt for å bli oversett i ein storkommune. Dei "store" har makta - har ca 80% av befolkninga, og med det rett til å   bestemma.

Mitt forslag er KNARVIK kommune!

Det vil eg grunngje slik:
Alle er eining om at vi skal skapa ein ny kommune. Det er ikkje ein kommune som blir utvida!
Tre kommunar i Nordhordland skal bli ein NY kommune, og ny kommune treng nytt namn!

Knarvik er sentrum i regionen og i den nye kommunen.
På sikt bør Knarvik utviklast til å bli ein by, og det er naturleg at kommunenamn og bynamn er det same.

Knarvik kommune vil vera eit namn alle i den nye kommunen kan identifisera seg med. Det blir ein ny kommune med eit namn vi alle har eigarskap til!

onsdag 22. juni 2016

Ja, eg saknar

Ja, eg saknar det unge miljøet eg hadde rundt meg i arbeidet mitt!
Mange dyktige, resurssterke unge som ville noko, og som kunne så mykje.
Dei lærte meg mykje om livet, om samfunnet, trua og verda.

Eg tenkjer på dei mange besøka og samtalane på kontoret mitt. Eg tenkjer på dei friske debattane og latteren rundt lunchbordet, med stor glede.
Vi delte engasjement, drøfta politikk og delte gleder og sorger som livet byr på!
Eg kjenner at eg saknar dette fellesskapet !

Ein ting er sikkert, eg kjente meg avhengig av desse unge, ivrige folka!
Dei dreiv meg vidare - kom med idear og fekk meg til å testa nye arbeidsmåtar. 
Det inspirerte meg! Gav meg energi! Og mykje av jobben min kunne eg faktisk ikkje fått til utan at dei trådde til med hjelp og kompetanse! Det har eg sagt dei, og dei har sagt at det var vinn/vinn! Eg trur på det!

I dag er mange av dei i sving som aktive politikarar i kommune, fylke og Storting. Andre står fram som leiarar eller debattantar som pregar lokalmiljø og samfunn! Mange også som ansvarlege, flotte familiemødre- og fedre! Det er så bra!

I går kveld kom to av desse på besøk til meg! Det var nydeleg! Vi prata og lo - vi diskuterte og delte erfaring, tru og liv, og eg skal leva på dette lenge!
Ungdomane "mine" har blitt vaksne, og eg har kanskje blitt noko slikt eg også, men ungdomar skulle vi alltid hatt rundt oss!

mandag 20. juni 2016

Sommar-regn

Og så kom regnet
og alt vart grått,
vått, hustrig og kaldt

Og eg som skulle stabla ved i dag,
eg slapp fri

Og eg som skulle vaska vindauge i dag,
eg slepp å gjera det

Så bra at regnet kom,
eg hadde bruk for ein roleg innedag

Så bra at regnet kom,
det trongs ei rotbløyte no

Så bra at regnet kom,
brønnen vår er snart tom

Så er vi venner då, ein dag eller to,
regnet og eg
her hjå oss

Ja, kom du gode sommarregn
Vask naturen
Vatna jorda
Fyll brønnen
Stopp eit par dagar
Dra så til andre
som treng deg meir enn oss

For det er mange av dei her i verda,
som treng regnet!
Dei vil synast somme av mine gledesgrunnar er banale,
Og dei har så inderleg rett !

Ca 16 millionar opplever tørkekatastrofe i Etiopia
melder Kirkens Nødhjelp!
For stort til å forstå!

Der trengs du sårt du gode,
livgjevande regn og rotbløyte!

Der vil dei skjøna å takka deg!


tirsdag 7. juni 2016

Andre sin heim

Det er ei brutal handling å
skifta kledning på eit gamalt hus
Vi bryt oss inn
i andre sitt privatliv
- kjennes det som

Fine reir
kunstferdige vokskaker
og skjøre vepsebol
har hatt trygge kår
bak ein gamal kledning

Utan nemneverdige skruplar går vi inn
i heim og matlager
for medskapningar
som har jobba for tilværet
for seg og sine
av same grunn som oss

Liv skal levast
mat skal sikrast
og slekta skal vidareførast
Og sanneleg; dei har ein viktig jobb
å gjera for verda, dei også!

Så kjem det eit brekk-jern
som raserer livsverket
fort og brutalt

Vi hevdar vår rett
vi sikrar vårt hus
Er fornuftige og ansvarlege
menneske
som steller vår heim

Lukkeleg skal eg vera
som får ha hus og heim i fred
Takksam skal eg vera!

Det er nok av dei
mellom menneskeslekta
som opplever det same
med heimen sin
som det humla og svala opplever
her på fredelege Skår
i huset vårt!

Ein ubegripeleg og vond tanke!



mandag 23. mai 2016

Heilt ny i verda!

Ti små fine fingrar
ti små fine tær
strekkjer seg mot verda
seier; eg er her!

To små djupe augo
ser mot verda stor
mykje skal han møta
godt ha far og mor

Liten kropp i verda
menneske så stort
Heilt unik og ekte
skaparverk av beste sort

Sjette blom i kransen
bestemor sin krans
vakraste av alt ho veit
vakraste av alt som fans

torsdag 12. mai 2016

Noko av det eg har

To små barnegraver
ei dobbel foreldregrav 
og to besteforeldregraver
har fått raude og blå blomar i dag

Eg les alle namna
og kjenner at dette er mitt

Det er noko av det som vart meg
og mykje av det som eg gav 

Det er noko av det som eg fekk
og mykje av det som eg mista

Det er noko av det som eg har
og som alltid skal vera mitt

søndag 8. mai 2016

Undring

Så kom alt det grøne
Det eksploderte rundt oss på 8. mai 2016
Dei fantastiske, grøne livskreftene kom og overtok bygda

Kvar kjem dei frå?
Kvar har dei vore?

Staren kom frå landa i sør
Vatnet kom frå skyene
Varmen og lyset frå sola

Men alt dette som kom i dag?
Alt dette grøne?
Kvar kom det frå?

Dei kloke veit svara
Dei truande trur det er Gud

Eg må berre undra meg
sjølv om eg veit om knuppar og røter og fotosyntese
sjølv om eg trur på ein Skapar som skapte og skaper
Eg veit - og eg trur
men undringa skal ingen ta frå meg

tirsdag 3. mai 2016

I vinden

Eg har gått i blåsten og vinden i dag
Gjekk i skogen fordi det er lunt der når vinden morskar seg
Det er fint å stå i granskogen når "vindråsene" kastar seg mellom trea
Eg likar den djupe skogstonen, og det er godt å merka at trea tek støyten
På toppen av lia var det meire nakent, og med det opnare
På fine dagar er det fint der, men i dag var det surt og kaldt og vinden ruska meg

Skogsturen minna meg på noko eg veit, og stadig erfarer
Saman gjev vi kvarande livd!
Saman blir vi sterke!
Eg trivest mellom trea, som eg trivest i flokken som gjev meg ly,
støtte, heiarop og omsorg når det trengs

Til tider har eg kjent vinden på toppen har ruska meg
Då er det nakent og einsamt
Både i det heilt personlege som ingen andre ser, og i det som er synleg
Det er lett å bli riven overende, og det hender eg ramla der
Men noko har hjelpt meg oppatt, og vidare
Himmelen er større og opnare der oppe, har eg erfart

I desse dagar er det mange som står "tett som skogen" rundt dei mange
som står i vinden frå ein avriven rotor vest i havgapet
Men dei står heilt åleine der vinden tek hardast

"Ber børene for kvarandre" seier Skrifta
"Kvar må bera si eiga bør" seier den også

Slik er det å vera medmenneske og menneske under den store himmelen!

søndag 10. april 2016

Aprilstrålar

Å sitja på steinen på høge topp
la tankar og kjenser få vengjer
Høyra på våryre fuglesong
kjenna seg takksam for det som kom
Då er det godt på steinen

Å tusla langs vegen, langs gamle spor
kjenna at her er du heime
Sjå liten kvitveis og hestehov
finn vegen mot lyset og kjenner seg stor  
Då er det fint langs vegen

Å sitja i solvegg med teppe på
nyta dei første strålar
Smaka på kaffi frå kaffikopp
kjenna det varmar ein frostig kropp
Då er det vår i veggen


tirsdag 15. mars 2016

Solsong i mars

Om eg var den hardpakka snøen i dag
så ville eg takka for sola
Eg ville takka for varmen som tina meg vekk
som trylla meg om til ein sprudlande bekk
- Det ville eg sanneleg gjera

Om eg var ei kjøttmeis i skogen i dag
så ville eg takka for sola
Eg ville flydd opp til den øverste grein
og utan sordin sunge songen så rein
- Det ville eg sanneleg gjera

Om eg var den mørkaste granskog i dag
så ville takka for sola
Eg ville meg skapt til ein skogskatedral
sendt lys mellom greiner til stien din smal
- Det ville eg sanneleg gjera 

Om eg var ein skogsvandar frostig og tung
så ville eg takka for sola
Eg ville gått opp til den høgaste nut
og kasta mot himlen kvar glede og sut
- Ja, det skal eg sanneleg gjera!

mandag 29. februar 2016

Er gamle dager i dag?

- Er gamle dager i dag, spør vår nyslåtte 6-åring ved frukostbordet.
Vi har snakka om korleis det var då pappa var liten, og så vart det lagt til
- du kjem til å fortelja korleis det var når du var liten til dine born, når du blir pappa!
Det er då den kvikke lysluggen snur hovudet raskt opp frå kornblandinga og spør - er gamle dager i dag?
Eit godt spørsmål som bestemora ikkje får ut av hovudet - "er gamle dager i dag?"

Tida er samansett av dyrebare sekund. Sekund som aldri kjem tilbake.
Dei trillar avgarde og blir til historie.
I første omgang til gamle sekund, så blir det fort ein gamal dag og eit gamalt år av det.
Vi lagar historie - dagen i dag blir fort "gamle dagar",

Det er det som skjedde ved frukostbordet denne morgonen seksåringen ser for seg at det skal forteljast om når han blir pappa. Difor har han rett, dagen i dag blir gamle dagar.

Vi blir dregen framover - tida lever sitt liv og formar vårt.
Mange av spora vi set i dag blir fort utviska i tidssanden.
Mange vil liggja i minnet som skattar og perler til livsmot og utvikling.
Somme vil liggja som sår det er vondt å røra ved.
Men alle sekunda gjer oss til den vi er - gjer oss til det vi vil fortelja om, eller det vi helst vil gløyma.

Bestemorsønskje- og trua er at den kjappe lysluggen vil ha mykje godt å fortelja når det er hans tur til å opna minnesekken frå gamledagane sine.

tirsdag 16. februar 2016

Den grå timen

Når vinden ular og himmelen er grå
då likar eg ikkje skumringstimen

Trea ser redde ut og
haugane krummar ryggen

Fjorden blir morsk
farleg og kald

Eg burde oversjå den grå timen
la den leva sitt eige liv der ute

Den grå timen er vemodet sin time
Den er ikkje timen min

onsdag 27. januar 2016

Strykejern og vaffelhjarte

Fine damer, enkelte i fargerike kjolar. Gode smil bak spente, spørjande andlet.
Vi gjev kvarandre ein god god-morgon klem, og eg prøver å hugsa namn som kling uvandt i munnen min.
I dag skal vi på butikkloftet for språktrening kombinert med arbeid desse kvinnene kan; stryka klede og laga mat.
Det er ikkje så lett å sei ordet "stryka" - Y-en vil ikkje passa heilt i munnen. Dei prøver på nytt og på nytt medan strykejernet går rutinert over gardinene.
På butikkloftskjøkkenet står ei ung, kvikk dame. Ho steikjer vaflar og har gule lappar på bordet og på veggen. "Jeg lager vafler" står det. Læraren som er med dei pratar, underviser, oppmuntrar og skriv på gule lappar. "Jeg lager vafler", seier dama.
Det er god stemning på butikkloftet, men det slår meg kor strevsamt det må vera med minimale lese- og skrivekunnskap å skulle læra eit heilt nytt språk. Godt at eg i det minste kan sei, og har ete "indjera"! At eg i det minste kan sei at eg har vore i Asmara og Keren, og at eg har vore på marknaden deira, og veit at der kan dei "pruta". Det nyttar ikkje i NMS- butikken :-)
Så har dei altså hamna her i vårt lokalmiljø - har med seg ein kultur vi ikkje kjenner, og er prega av opplevingar vi ikkje kan forstå. Latteren i Kaffikroken når kundane kom, prata og lo og smaka på vaflane, kjennes framleis som ei sitrande glede.
Godt å vera eit gjenbrukt medmenneske i NMS-butikken!

mandag 18. januar 2016

Froststille

Froststille
Berre lyden av knasande snø
under føtene mine

Lufta
Lyset
Sola
Snøen
Fjorden
Fuglane
Trea
Skuggen min, og eg

Eg uroar
Fuglane fyk opp der eg kjem
Snøen får fotefar der eg går

Forfedrane sine merke er her;
- Dyrka mark
- Gråsteinsmurar
- Granskog
- Gamle hus og
   kjerrevegar

Fjorden har eit florlett isteppe
Trea står som støypte
Ikkje eit vindrag
Fuglane flyg stille
Skuggen min er taus
Alt er froststille

Berre eg bryt stilla
når snøen knasar
under føtene mine

Eg kjenner at eg lever!

torsdag 14. januar 2016

Lys mellom stammane

Står i vindauga i skumringstimen
Ventar
Alltid ser det mørkare ut ute - når du står inne
Ventar på traktorlys i skogkanten, eg

Å sjå dei dukka opp
er kvardagslukke på høgt nivå

Ventar eg for lenge
er det ikkje lukke
men lette som er ordet
for lys mellom stammane


torsdag 7. januar 2016

"Bestemødre FOR"

Det er fint å vera bestemor på heiltid nokre dagar - flotte og kjekke born, og så langt går alt som det skal. Vi får kvardagen til å gå fint, rekk både skule og barnehage kvar morgon. Barnevenleg middagsliste er planlagt, og blir gjennomført! Til og med tomatsuppe og fine rundstykker til kvelds kan det bli!
Det er eit privilegium å få fylgja kvardagslivet til barneborn og få kjenna at vi byggjer tillit og tryggleik med kvarandre. Godt å få pussa små kvite tenner, og få sitja ved sengene til søvnen let travle små skrottar få kvila! Fint å vera bestemorspensjonist og ha tid! Fint å oppleva det eg ofte drøymer om. Som i denne fabelen!

Det er berre ein ting eg kunne tenkt annleis i dette bestemorsoppdraget, og det er at BarneTV kunne koma tilbake i tilnærma gamal form, og at det KUN blir sendt mellom kl 1800 og 1830, slik som i "gamle dagar"!
Ikkje det at vi har så mykje tid til TV her i huset, men kvar aldersgruppe skal få sine tilmålte minuttar, så blir det jo litt kveldsunderhaldning.
Vi ser på Brannmann Sam og Legofilm, på Annie, Emil og andre filmsnuttar som skal vera tilpassa 3 til 12-åringar. Menyen er full av alternativ, og alle tre har stemmerett. Det gjeld å vera rettferdig, pedagogisk og diplomatisk! Skulle vi ikkje bli einige, så har vi jo I-pad og mobiltelefonar i fleng, og BarneTV fins då over alt! (Godt med ein 12-åring som hjelper ei utdatert bestemor)

Og når så alternativa er utvald, og freden senkar seg i flokken, tek alle lydane til. Skvizz - svupp - kviiin, babu/babu og musikkliknande tonar! Sterke, kvasse lydar og stemmer rett inn i bestemor sin øyreteknikk! - Er det ikkje litt for høgt, spør bestemora. - Nei det er fint, er svaret. Til og med bestefar synes vist det er ok.
Då er berre ein ting å gjera; Ta ut lyden din bestemor - lag tomatsuppe til kvelds.

Eg har fått ein idè i kveld. Tenkjer på om eg skal starta ei aksjonsgruppe med parolen "Bestemødre FOR ein halv times BarneTV" -  eller aksjonsgruppa "Bestemødre FOR BarneTV med snille, mjuke lydar".
Ja, eg vil vurdera det!