tirsdag 23. juni 2009

Jonsok

Eg set her og filisoferar og nyt kvelden- strålande sol skin inn på verandaen. Hagen er nyfrisert av ein flittig, men bortreist mann, og det er nydeleg jonsokstemning mellom dei høge bøketrea. De skulle sett det - de skulle vore her! Men det er merkeleg stille her - ingen ungar som vil grilla og tenna bål - ingen som vil til sjøen og bada og ingen som vil vera lenge oppe og ute. Det er berre eg, humlene og svalene som er her.
Har eg det trist og einsamt? Nei, ikkje trist og heller ikkje så veldig einsam. Eg har det faktisk godt her eg set og filisoferar.
Den lengste dagen i året - det går mot mørkare tider kan vi tenkja, viss vi vil. Eg vil ikkje det, det skulle berre mangla på slik ein lys og fin kveld, eg vil leva i sola i kveld og i heile sommar - då vert det berre kjekt å tenna lysa til hausten.
Så kom eg litt i tankar om han som dagen er oppkalla etter - Johannes døyparen - han som sa: "Sjå der!!" Han peika på det store og sanne Lyset. Det vil eg filosofera litt på på denne flotte jonsokkvelden! Det kan bli ein aldri så liten brann, endåtil i meg av slike tankar.
PS! og så må eg pakka - i morgon skal eg til Oslo til Thorbjørn og Trude! Gler meg.

søndag 21. juni 2009

Sommarscene

Eg skulle på opning av sommarscena på Sandnes i dag - eg var der forresten litt, eller var eg det? Jau, eg var der litt men berre litt, og så var eg der ikkje lenger...... Men det er ikkje hovedbodskapen i dette vesle blogginnlegget - hovedpoenget er at det skjer mykje på Sandnes i sommar, eldsjeler og kommune får det til også i år. Sjå sjølv

lørdag 20. juni 2009

Frå grått til grønt

Aksjon "Grøn næringspark" på Matre er i full gang. På vel ei veke har Sandgropa blitt forvandla frå eit trist grått "hol" til ein velstelt og innbydande port inn til Stordalen. Næringsområdet har blitt pussa opp med jord og plantar, med buldrestein og Norges nest største sykkelbane, og pileskogen til Lise rammar området inn på ein stilig måte. Dette er verkeleg ei ansiktsløfting for Matre som både dugnadsfolk, næringsliv og kommune kan vera stolte over. På torsdag var kommunestyret på synfaring der og eg vart imponert. Det gledde meg spesielt å sjå kor flott ungdomsskuleelevane vart inkluder i arbeidet. Slikt skaper eigarskap og slikt knytter ungdomen til heimbygda. Frode Langhelle er leiar for prosjektarbeidet og dette er strålande Frode!
Gå inn på Arne Berg sine foto og sjå kva som skjer!

fredag 19. juni 2009

Kyrkjedemokrati

Kyrkjedemokratiet er lite verd. I dag igjen utnemner Giske ein annan biskop enn den kyrkjedemokratiet har bedt om å få. Det opplevest frustrerande. Det store engasjementet og grundige arbeidet som har blitt nedlagt av sokneråd, bispedømeråd, biskopar og kyrkjeråd vert sett til side av statsråden. Det er vanskeleg å akseptera, men slett ikkje overraskande. Nok ein gong overstyrer Giske og homofilisaka er grunnen, noko anna svar er ikkje forståeleg.
Både Aano og Pettersen har solid leiarerfaring, god teologisk kompetanse og internasjonal erfaring frå misjonsteneste. Begge er dyktige forkynnarar og gode leiarar. Skilnaden er at kyrkja ønskte Kjetil Aano som biskop i Stavanger, og då burde det blitt slik. Eg vil tru at dei mange i kyrkja som har vore med i prosessen er folk med både dømmekraft og innsikt i kva som tener kyrkja i Stavanger best. Eg seier ikkje at Erling Pettersen ikkje har fått eit kyrkjeleg votum, men det var ikkje han kyrkja peika ut denne gongen. Det er det som er saka og det er uforståeleg at ikkje Giske skjønar det.
Personleg er eg slett ikkje lei for at NMS framleis får ha Kjetil Aano som generalsekretær, han gjer ein svært god jobb og det er ei glede å samarbeida med han. Slik sett kunne eg la vera å engasjera meg fordi eg får ei utfordring mindre når vi slepp å finna ny generalsekretær. Likevel, han skulle blitt biskop!
Men makta har tala og eg ønskjer Erling lukke til som biskop, og eg ser fram til vidare godt samarbeid med deg Kjetil i NMS!

onsdag 17. juni 2009

Folkehøgskulen treng ny regjering

For oss som har jobba for å få folkehøgsskule til Sandnes er det nedslåande å registrera at regjeringa så til dei grader nedprioritera dette skuleslaget. I år etter år har det blitt søkt utan at det har gitt resultat.
Lisbeth Rugtvedt, statssekretær i Kunnskapsdepartementet, grunngjev avslaga med at andre tiltak er viktigare å støtte enn folkehøgskuleutbygging, ho nemner m.a. barnehageutbygging.
Dette er korttenkt tale. Folkehøgsskulen er eit viktig tilbod for utvikling av unge menneske, og det er ille at regjeringa nedprioriterar dette skuleslaget.
For oss i Masfjorden betyr dette at vi må leggja bort draumen om folkehøgskule på Sandnes så lenge vi har ei raudgrøn regjering. Vi har eit godkjent prosjekt på bordet, vi har folk som vil satsa og vi har lokalitetar som skrik etter aktivitet.
Vi treng ei ny regjering, ei regjering som ikkje berre tenkjer at det er det offentlege som skal ha kontroll over både barndom og ungdom, men som ser at alternativ til det offentlege tilbodet også har ein verdi.

tirsdag 9. juni 2009

"Forlokkande stunder"

"Det var store forlokkande stunder når ein stakkar på krambua kom og fekk oppleva under på under i ei verd som visst aldri vart tom"
Dette er Jakob Sande sine ord lagt i vesleguten sinn munn, vesleguten som hadde så inderleg lyst på ein "oppsala trehest på hjul" men som opplevde at kronene ikkje strakk til, og som kjende den botnlause sorga då "sjølvaste prestegardsfrua" kom "siglande "inn på krambua og for med hesten rett framfor augo hans.
Eg opplevde ei stor stund i Jakob si bestefarsstove på søndag. Eg fekk sitja i over to timar å lytta til dikt, songar og historiar frå "ei verd som visst aldri vart tom" frå denne folkelege diktaren sin produksjon. Han som kjempa småkårsfolka sin kamp, han som med stor ordkunst, harmdirrande ironi, og vare mjuke setningar skildra livet til det folket eg kjenner meg så i slekt med. Eg sat med klump i halsen, tårer i auga og smil om munnen. På meisterleg måte klarar Sande å henta fram alt dette på same tid.
Eg ville gjerne vera ein talsperson for dei som lir urett, men eg kjenner at eg ikkje blir ein truverdig talsperson - eg er bokstavleg talt "prestegardsfrua" som kjem "siglande". Eg er ein representant for makta... Det er ikkje enkelt å vera truverdig, det var det kanskje ikkje for Jakob Sande heller alltid, som om det skulle vera noko trøyst.
Takk til mine gode veninner som gav med denne stunda. Flott å oppleva det saman med dykk, eg takkar dykk så heilhjarta for ei vellukka 60-årsgåva!
Dette var stort for meg - det var som om "Gud held fest i Fjaler" for MEG denne søndagen.
- Og - gjev eg lærer.....