søndag 26. april 2020

Stolpejakt

Stolpar
er in
Stolpar
som kan jaktast på

I minnekortet mitt hadde stolpar leidningar
som fører straum
til bygd og by
ENERGI til folket

Andre stolpar
hadde leidningar
som ved eit under
førde samtalar
frå hus til hus
KONTAKT mellom folka

I minnekortet jakta vi
på hjorten
med jaktløyve og gevær
heilt utan stolpar

Men alt er annleis
i desse tider
Vi jaktar på stolpar, vi

Og det merkelege,
og det gode
er at jakta fører
ENERGI og KONTAKT
til folket
der dei med to meters avstand
luskar i skog og fjell
med eit trålaust våpen
i handa
og med rå muskelkraft
på stolpebeina!

mandag 13. april 2020

Det var Han

Dei gjekk på vegen
til Emmaus
Tunge til sinns
med bøygde hovud
og delte
opplevinga
og sorga

Ein dei ikkje kjenner
kjem inn i følgje deira
Kva snakkar de om?
spør han

Dei kunne svara
- vi snakkar om Deg
Men dei visste det ikkje
auga kunne ikkje sjå
sorga var for tung

Men hjarta brann
då Skriftene vart utlagd
medan dei gjekk
Augo vart opna då han
braut brødet
medan dei åt
Då kjende dei han

Så vart han borte

Han dei hadde
gått vegen med
lytta til
invitert inn
ete med
Det var Han!

I same stunda
braut dei opp
Sprang ut og fortalde
til dei andre.

Oppstodevitne
vart dei
Og alt vart nytt!

onsdag 8. april 2020

Kvar kjem det frå?

Kvar kjem det frå
dette smeltande smilet
frå eit nyvakna liv
som smiler mot oss
Som smiler utan å ha lært
Som smiler
utan å vita at det er eit smil

Kvar kjem det frå
dette umedvitne smilet
Dette ekte smilet
som ingen har lært
men som kjem
og gjer så godt
og som får heile verda
til å smila?

Kvar kjem det frå?


tirsdag 7. april 2020

Dåpssong til Ylva


Denne songen vart skrive til Mathea sin dåpsdag i 2010.
Seinare har vi bytta namn og sett inn Lukas, Levi, Silas, Åsmund, Frøya og Ylva.
Bestefar har på dåpsdagen sunge songen til alle desse.
Kaja, den første, kom til verda før songen, men namnet hennar hadde passa fint inn det også!

Gud signe deg du vesle  Ylva vår
så inderleg god og så fin
ho bestemor kjenner på gleda når
ho ser deg på dåpsdagen din

Gud styrke deg du vesle Ylva vår
må foten din veksa seg sterk
Eit nytt liv frå dåpen til æva når
og du er eit Guds underverk

Gud vare deg du vesle  Ylva vår
må foten din gå på den veg
der dåpen sin Herre deg føra får
då trygg du kan gå dine steg

Gud, takk for eit under, for  Ylva vår
ha takk for ein heilt nyskapt skatt
Vern livet for tornar og djupe sår
lat vegen bli bein, ikkje bratt

Gud, bestemorsbøna for  Ylva vår
vil nå deg kvar einaste dag
Ei pakt har du teikna, på denne det står
at Ylva og du er på lag

melodi: Ein fin liten blome