mandag 28. januar 2008

- og takk for "goa pote"

Eg har vore på reis i fleire dagar, slurva med middag i to dagar, og vore på hotell i to dagar. Det vart skralt med gode poteter. I går trilla bilen min heimover att, eg gledde meg og hadde eit ønskje- eta gode poteter. Heilt vanleg, gode poteter - ikkje småpoteter, båtpoteter, bakte poteter eller potetmos på Shellstasjonen, men heilt vanlege poteter, kokt med skall og med krusande sprekker. Eg kokte berre poteter, surra litt løk, sette meg til bords til eit "herremåltid". Min vane tru sendte eg ei stille bøn opp til han som velsignar maten, og før eg fekk sukk for meg, og før eg fekk sagt amen sa eg(eller tenkte eg): "og takk for goa pote..." Det vart nesten litt komisk, men det var faktisk heil ekte...
Det er poteta sitt år i år, og eg meiner nesten at det å dyrka poteter skulle vore ei plikt... Kanskje, om ikkje vi får gjort noko alvorleg med klimautsleppa, så vil 90% av matjorda i fattige land vera borte. Vi treng ta vare på matjorda vår, ikkje først og fremst fordi eg skal få "goa pote", men fordi menneske treng mat... Vi har ei kjempeutfordring...

tirsdag 22. januar 2008

Nyevegen på Seim opna

Sjølv om det helst er masfjordtankar eg presenterer på bloggen min må eg likevel få vera litt seimar i dag. Det gler meg stort at den nye vegparsellen Åse/Herland i dag endeleg er opna. Denne vegstrekningen har vore diskutert og omtala nesten så lenge eg kan hugsa. Planar har blitt laga og forkasta gong på gong. Strekninga har vore ein flaskehals for trafikken nordover, og det er nok mang ein sjåfør som er glad for at den no er erstatta med ein ny og flott veg.
Eg gler meg sjølv om eg ikkje lenger får køyra forbi Johnsen, over Vongjæ eller kikka innover Kopperdalen...
Så må eg også få sei at eg er ganske stolt over dei to damene "mine" som representerte kommune og fylkeskommune i heimbygda mi i dag. To flotte KrF-ordførarar, Astrid Aarhus Byrknes frå Lindås, og fylkesordførar Torill Selsvol Nyborg. Sjukepleiarar, tidlegare Perumisjonærar begge to, og no i nye rollar som ordførarar! Rollar dei fyller på ein flott måte!!

søndag 20. januar 2008

Skitrekket

Går alt etter planen opnar eit fornya skitrekk i Stordalen søndag 27. januar.
På Idrettslaget Bjørn West si heimeside står det:
Stordalen Skisenter er klart for kjøring 27 januar 2008.
Masfjordnen og Nordhordland's nye vintertilbud, utvider med nytt tallerkentrekk!! Lengre, bedre og med større kapasitet. Skitau i egen barnebakke.

Det er ganske fantastisk det dei på ganske kort tid har fått til i Stordalen, og Idrettslaget Bjørn West har gjort ein formidabel jobb. Det arbeidet som er lagt ned der oppe gjev heile Nordhordland eit nytt tilbod. Vi er sjølvsagt glade for støtta anlegget har fått gjennom Fyrtårnmidlar og andre tilskot, men utan eldsjelene i Bjørn West hadde dette aldri kome på plass. Det er ikkje profitt som ligg bak dette engasjementet, langt der i frå, det er engasjementet for ungdomane og trivsel for små og store i Masfjorden, i hyttegrendene og i Nordhordland som har ført til at somme av "Matres fedre"har "budd i anlegget" dei siste åra. Eg vågar nesten ikkje å nemna namn, men eg fornærmar vel få om eg framhevar Arne og John Olav. Bør fleire nemnast, kan de leggja det som kommentar og eg tek det gjerne inn.

.....eg set faktisk her, medan eg skriv og lurar på om eg burde fått meg slalomski.... er det lyst til det eg kjenner????...eg har aldri vore i eit trekk.... men det ser kjekt ut.... men det endar vel med lårhalsbrot og utgifter for samfunnet... kanskje ikkje så lurt???
....det er mange som får det til.... kjenner meg - kva skal eg sei ....litt gamal, stiv og støl eller noko slikt???? Hmmmmmmm.........?????

fredag 18. januar 2008

Årsmøte

Torsdag kveld hadde Masfjorden KrF årsmøte på Einekavane på Matre. Same dagen som forslaget til Nasjonal Transportplan kom med alle sine små og stor skuffelsar, kom vi oss omsider over over Romarheimsdalen der trailarar sto på kryss og tvers i snøslapset. Ca ein time etter tida var alle på plass og vi var faktisk 20 stk. Ikkje verst i eit lite lokallag med 52 medlemar.
Tradisjonen tru startar vi med litt kultur og kva var vel meire naturleg enn å bruka eigne krefter. Rognald Matre tidlegare kommunestyremedlem for KrF, og sonesonen Lars Rognald trylla fram både friske og melankolske melodiar frå folketradisjonane våre. Tusen takk, vakkert å høyra, og kanskje ikkje minst å sjå det fine samspelet deira!
Pål Kårbø, gruppeleiar for KrF på fylkestinget held politisk tale. Ikkje uventa vart det både informasjon om konsesjonskraft, samferdsle, bokbåt og vidaregåande skule. Masfjorden KrF har god kontakt med fylkestingsgruppa, og særleg Marit Steinestø fekk "heiderleg omtale" for sitt iherdige engasjement for å få fylkespolitikaren til å skjøna kvar konsesjonsmidlane kjem i frå.
Debatte etter talen synte at KrF er eit oppegåande og engasjert parti. og kveldens yngste uttalte at dette var meir interessant enn ho hadde tenkt.
Eg gjekk ut av styret ved valet på årsmøte, har vore leiar i mange år og det var tid for utskifting. Eldbjørg Mjanger gjekk også ut, og inn kom Marit Steinestø og Lillian Andvik. Styret vel leiar på førstkomande styremøte.
Takk til alle som kom og gav ny inspirasjon til oss alle.

tirsdag 15. januar 2008

Ja til KRL

I dag er eg takksam og glad. Har vore på kommunestyre og KrF hadde levert inn forslag til uttale i samband med Kunnskapsdepartementet sitt forslag om endring av KRL-faget i skulen. Forslaget vårt fekk støtte frå alle bortsett frå Ap. Dette er vi i KrF svært glade for. Kanskje er eg spesielt glad for at Sp støtta dette. Det var jo for så vidt ikkje uventa, men det er ikkje sjølvsagt at eit regjeringsparti går mot si eiga regjering. KrF og Sp har mykje til felles, ikkje minst i verdispørsmål, difor gler det meg at dei støtta dette. Takk også til Høgre, Venstre og FrP.
Så må eg få sei at eg skjønarar at saka kom litt brått på somme i kommunestyret i dag, det hadde nok vore betre om saka hadde vorte utgreid og det var også vår intensjon. Når ikkje det vart slik, er eg glad for at fleirtalet aksepterte vår argumentasjon og framlegg. Kommunestyret har sagt at vi ønskjer at kristendomen skal ha ein særstilling i skulen, og det er viktig.

Framlegget som vart vedteke lydde slik:

Som høyringsinnstans i samband med Kunnskapsdepartementet sine endringsforslag til KRL- faget vil Masfjorden kommune uttala fylgjande:

· Det er viktig at alle fag i skulen er i samsvar med Menneskerettserklæringa
· Det kan verka som regjeringa går unødvendig langt i høve til domen i Den Europeiske Menneskerettsdomstolen, når det gjeld å reduser kristendommen sin plass i faget.
· Masfjorden kommune meiner lov og føreskrifter om faget tydeleg bør innehalda formuleringar som gjev grunnlag for at kristendomen, som har prega vårt land si utvikling og kulturgrunnlag dei siste tusen åra, framleis kan stå i ei særstilling i skulen si undervisning.
· Det er ingen grunn i høve til domen i å problematisera at eit land sin skule gjev ein kvantitativ grundigare innføring i den religionen som historisk og kulturelt har prega landet mest.

søndag 13. januar 2008

Nokre ord til Giske

Gode Statsråd!
I dag er eg inspirert til å skriva nokre ord til deg. Eg har vore i Solheim på gudsteneste i dag, og det vart for meg ei god oppleving - folkekyrkja på sitt beste, spør du meg. Ei fin blanding av unge og eldre deltok, flotte og deltakande konfirmantar med foreldre, fin musikk og salmar for ein kvar smak, vakker kyrkje .....og med fare for i vera innhabil seier eg likevel - ein dyktig prest - utruleg at han kan få noko så bra ut av ein heller vanskeleg tekst.

Debatten om Statskyrkja er ein viktig debatt, og i halvåret som ligg framfor oss skal du leggja fram oss korleis du vil ha di kyrkje. Du har mykje makt, du får det slik du vil, regjeringsfleirtalet sikrar deg det.

Eg anar diverre, at ikkje du presenterer den kyrkjeforma som eg og mange med meg ønskjer, og eg kjenner meg litt motlaus i høve til det. Ikkje fordi du skulle ha høyrt på meg, men fordi du skulle ha høyrt meir på dei som i Gjønnesutvalet har hatt viktige og gode endringsforslag til prosessen, som f.eks at kyrkja bør få utnemna sine biskopar sjølv. Men nei Giske, du vil gjera dette sjølv, og etter det ryktene seier skal bli nok at berre Kyrkjestatsråden er medlem av kyrkja, andre statsrådar kan vera kva dei vil, humanetikarar, pinsevennar, muslimar, ja kva som helst. Du blir Kongen i Statsråd - "erkebiskop" Giske.
Gode kyrkjestatsråd - tru ikkje at vi som er glade i kyrkja di tenkjer å rasera folkekyrkja! Hadde du vore i Solheim i dag hadde du sett det. Det er underleg at du ikkje har tillit til kyrkjedemokratiet, til dei valde kyrkjelege organa, frå sokneråd, bispedømeråd til kyrkjemøte, men at du meiner det er du, som kanskje det einaste statskyrkjemedlemmet i regjeringa, som skal gje kyrkja demokratisk legetimitet!
Du seier at kyrkja ikkje er moden nok til å ta det heile og fulle ansvar. Eg mistenkjer deg for at det er ei sak du tenkjer på då, den er vanskeleg nok, men det vert likevel for banalt å kalla ei 2000 årig kyrkje for umoden dersom det då er statsråden som er det modne alternativet.
Eg håpar eg tek feil, og at det du leverar til våren i Stat/Kyrkjemeldinga, viser at du trur på oss som er medlemar i kyrkja, trur på dei som har viktige verv i sokneråd, bispedømeråd og kyrkjemøte, trur på dei tilsette, trur på at folkekyrkja også er eit trussamfunn, der menneske møter det heilage og finn meining i, og styrke til kvardag og fest.

søndag 6. januar 2008

Gul stripe

På heimesida til Masfjorden kommune ligg eit referat frå ungdomsmøtet som kommunen arrangerte i romjula. Det er flott at ordførar og rådmann tek eit slikt møte med ungdomane, eg trur det er nyttig og viktig å lytta til dei, og eg trur det er viktig at kommunen viser at den bryr seg om dei.
Som venta er ungdomane opptatt av arbeidsplassar, og det er greit å sjå at dei har tru på det som skjer i Sløvåg. Elles så er det god og rask veg til Knarvik som er viktig - "gul stripe" er stikkordet.
Eg reknar med at ordføraren orienterte om arbeidet for den gule stripa. Eg har forventning til at vi denne fireårsperioden skal koma nokre steg nærare den. Det er bra å ha ei ungdommeleg pressgruppe i ryggen, og eit målretta arbeid skal gje resultat.

onsdag 2. januar 2008

"Valresultat" i Kenya

Det gjer inntrykk å høyra om situasjonen i Kenya. Valet har resultert i uro og opptøyer, og det har kosta mange menneskeliv. Høyrer ifølgje NTB at Daily Nation på lederplass i dag skriv at at vi kan få ein situasjon som dei vi har sett mellom anna i Rwanda, Somalia og Sierra Leone. Det er skremmande og må ikkje skje!

Eg set og blar i mine enkle notatar frå møte med ulike offentlege instansar då eg var med ein KrF-delegasjon til Kenya for vel eit år sidan.

Eg har notert stikkord:
Landet har store resursar, men folket er fattige mellom anna pga

  • politisk leiing
  • makta manglar ein sosial agenda

  • tørkeperiodane er lengre og regntida kortare

  • kvinnene er i stor grad utestengde frå det politiske livet

  • store etniske konfliktar

  • storfamilien blir oppløyst pga HIV/Aids
Desse stikkorda er korte og enkle ord som rommer eit hav av utfordringar. Det er eigentleg latterlig, og kanskje tilnærma uansvarleg av meg å våga å skriva noko som helst om desse veldige sakene. Kva forstår vel eg, og kva betyr vel det eg skriv? Eg gjer det likevel, gjer det fordi vi kan ikkje teia i vår makteslause avmakt. Vi må ha tru på at det nyttar å bry seg, nyttar å engasjera seg, også for dei store sakene.

Vi må tru at det nyttar å arbeida for fred, menneskeverd, miljø, demokrati og rettferdig fordeling. Vi kan ikkje gje opp og vi skal ikkje bli likesæle.
Eg håpar dei leiande politikarane, "vinnarar og taparar" av valet, set seg ned og samtalar - eg håpar verdssamfunnet deltek konstruktivt så orden kan gjenopprettast og demokratiet får sigra i dette flotte landet.