tirsdag 13. april 2010

Tida

Eg har forstått at den positive innfallsvinkelen til tida er at tida kjem, den går ikkje. Det er ein livskunst å tolka tida slik, kjem eg i tankar om i kveld... Med ein del år på nakken etter kvart erfarer eg jo at tida går, fortare og fortare. Det har jo nett har vore ein vår og så er det plutseleg vår att!
Eg elskar våren, har nett tusla rundt Presteneset, kjent sola sin varme, sett tjelden som leitar etter tomt i strandsona, og sett ungdomen som flatar ut på bakken! Ein ny vår, og eg kan konstatera at nok eit år av livet har gått i rekordstor fart!

Nei, eg vil ikkje tenkja at tida rasar avgarde! Eg vil heller tenkja at det er fantastisk at våren kjem, og eg vil møta den! At eg også har mykje å sjå fram til å gle meg til å ta i mot av den tida som kjem, er også godt å tenkja på. Sjølvsagt er det ein del sommarfuglar som skapar uro i magen når eg tenkjer på ein del av dei utfordringane som ventar meg, det får så vera. Slik er livet, men tida kjem - så lenge tida er.

Eigentleg er nok det klokaste eg gjer, å leva dagen i dag.