torsdag 23. juni 2011

Ei flaske Jonsokbrus

Eg har oppdaga at eg har blitt det dei kallar eldre. Merkeleg, men i radioen på veg heim frå jobb i dag omtala dei meg som eldre. Det var berre ei trøyst i det eg høyrde, dei kalla nemleg også 50-åringar for eldre. Eller, kanskje det ikkje er noko trøyst, for viss 50- åringane er eldre, då må jo eg vera endå meire eldre...
Men i kveld, på denne Jonsokaftan skal eg faktisk innrømma at eg høyrer til dei eldre. Eg set inne, og berre det er vel eit eldreteikn. Rett nok grilla vi ute og synes det hadde sin sjarm der vi sat godt påkledde og kosa oss i sommarkulden, vi to eldre. Men det er ikkje det at vi kraup i hus att som gjer at fekk ei kjensle av at noko var rett i det dei kjekke unge mennene snakka om i radioen. Nei, den snikande erkjenninga kom gjennom vindauga der eg gjennom tett bjørkekratt skimtar Haugane hans Ottar. Haugane der vi brende bål då eg var jente. Og plutseleg fekk utsikten meg til å tenkja og tru at eg muligens kan ha levd i hundre år.
For fram i minnet kom ei appelsinbrusflaske, ei veldig etterlengta brusflaske. Ei av fire i året. Ei brusflaska med eit spikarhol i korken. Slik varde brusen lenger, kolsyra gjekk seinare ut, og vi kunne nyta den lyksalige smaken heile kvelden, ja endå til ha att nokre dåpar til neste dag. Det var ved denne tanken eg brått kjende at dei i radioen i dag hadde rett, erkjenninga kom.
Eg høyrer til generasjonen som vaks opp med ca fire brusflasker for året, ei på 17. mai, ei på søndagsskulens dag, ei på fødselsdagen og ei på Jonsokaftan.
Og så dukkar tanken på alle brusrestar eg har tømt i vasken opp, restar etter brusmette store og små. Verda har endra seg, eg er definitivt mellom dei eldre.
(men no kjem Knut med jordbær og is - det kallar eg "å leve lykkelig med sukker på")

torsdag 16. juni 2011

Søstre

Godt ein ikkje er åleine i verda. Heldig er eg som har familie, ein rimeleg stor familie, ja ein veldig stor familie dersom vi går langt nok bakover. Trist forresten at familiane blir mindre og mindre etter som åra går og generasjonane skifter.
I kveld vil eg skriva ei lita lovprisning til søstrene mine. Korleis hadde livet vore utan dei? Eg hadde vore einebarn i alle fall, og hadde gått glipp av mykje omsorg, hjelp og ærlege tilbakemeldingar.
Eg har ei storesøster og ei veslesøster, og den omsorga dei viser den mellomste søstera er strålande.Telefonar, sms-ar kjem når utfordringa krev litt av den mellomste. Eg kan ringja og eg veit at eg møter engasjement og omsorg. Kos går det ? eg tenkjer på deg - bra dette Kari! - eller var no dette så lurt ? kanskje du heller skulle? og ikkje minst; - no må du roa deg.
Eller som i dag då storesøstera, som veit at den mellomste mislikar sterkt å handla klær, seier i telefonen: Kari, eg har noko du kan få i dag, kom innom! Og så får eg eit nydeleg sett med klær, til og med slike klær som eg kan møta misjonsfolket med om eit par veker - ei sut mindre og eg blir ganske fin!
Eg takkar for søstrene mine! Dei er tolmodige med meg, og eg her den heldige søstera i midten!

søndag 12. juni 2011

Ein kopp kultur

Gamle koppar innheld mykje kultur. Eg har hatt interesse av å samla på gamle kvardagskoppar, og i hytteveggen fylles det opp etter kvart. I det siste har eg "spissa" denne hobbyen til å gjelda koppar frå forsamlingshus og lag og organisasjonar. I dag kom Knut heim frå Frøyset og hadde med seg ein fin kopp frå Hosteland Bondekvinnelag. Den har eg ynskt meg lenge, og eg takkar Henrikke Ynnesdal som har skaffa meg den. Du ser den til venstre saman med den flotte koppen frå bedehuset på Andvik.
Slike koppar er for meg symbol på kultur, fellesskap og engasjement. Bondekvinnene på Hosteland samlast for å få fellesskap og for å læra av kvarandre som bondekvinner. Det er ikkje velfriserte hender med lilla neglelakk som har ført desse koppane til munnen. Nei, det er reinvaska arbeidshender med hard hud og snev av fjøslukt som har fått den velgjerande kaffidråpen dit den skulle. Eg ser det for meg og kjenner meg andektig.
Andektig blir eg også av bedehuskoppen frå Andvik. Den har gjeve mang ein god dråpe til folket i bygda der, også til meg. Om det er samling om Bibel og bøn, julefest eller misjonsbasar, kaffikoppen gjer godt og styrkjer fellesskapet.
Koppane blir for meg symbol på frivilleg aktivitet og engasjement. Symbol på samhald og fellesskap. I Masfjorden er det mange slike koppar - eg har ein del av dei. Målet mitt er å få frå alle bygdene. Kvifor? Fordi dei er symbol på viktige verdiar i desse bygdene eg kjenner meg så knytta til, og fordi dei minner meg om mange strålande menneske som har kokt kaffi og drukke den saman fordi dei hadde eit engasjement! Ikeakoppar og plastkrus tek lett over for den gamle med namn på. Det får så vera, det viktigaste er engasjementet!

lørdag 11. juni 2011

Glad misjonsdame

Du verden kor mykje flott og spennande eg får vera med på! I heile går sat eg saman med landsstyret i NMS og gjekk gjennom rapportar frå prosjekta vi driv verda rundt. Det er til stor inspirasjon, det nyttar!
Det handlar om evangelisering og kyrkjevekst, det handlar om diakoni og bistand, og det handlar om organisasjonsbygging og medverknad.
På nytt blir det tydeleg for meg at arbeidet vårt skapar håp. Evangeliet blir forkynt og menneske får nytt liv. Nye kyrkjelydar vert etablert, 50 nye siste året berre på Madagaskar. Lokalsamfunn blir endra og istandsett til å takla kvardagen. Vatn, mat, helse, miljø, energi fylgjer som resultat av nokre "få" kroner", sett med norske auge.
Eg opplever tydelegare og tydelegare at misjon engasjerer både mitt kristne engasjement og mitt samfunnsengasjement og eg er takksam, ja nesten litt høgtidleg her eg set på ein litt stille lørdagflyplass på Sola og ventar på fly heim. Eg merkar at eg plutselig nynnar på denne strofen; " takk at jeg også fikk ditt kall og skal få være med".
God pinse!