torsdag 21. mai 2009

Å hausta som ein sår

Eg har jo visst det alltid, eg har ei tøff veslesøster. Eg har i grunnen alltid hatt respekt for denne søstra mi, ho har meiningars mot sjølv om ho kanskje har "dabba av" litt med åra :-)
I Romsdals budstikke slår ho likevel denne helga alarm mot sjølvaste kultureliten, representert ved forfattaren Erlend Loe. Flott Åshild, og resten av Batnfjorden skule! Flott at nokon vågar å stilla spørsmål.
Å sprengja grensene er viktig. Det er viktig alltid å koma vidare, testa ut, vinna ny kunnskap og erfaring. Heile livet er dette viktig. Likevel, er det klokt å sprengja alle grenser, og er det grenser for kor tid det er klokt at grensene blir sprengde?
Eg trur det, men eg innser at det er vanskeleg å kontrollera dette i dag. Av og til seier eg stakkars barn og unge- dei blir eit offer for vaksne sine uforløyste kjensler og deira behov for å vera grensesprengjande og å tena pengar. På TV, på nettet og i litteraturen driv vi vaksne born og unge inn i det grenselause.

Eg har ikkje lese bøkene desse lærarane uttaler seg om, difor seier eg ingen ting om dei, men eg har erfart litt av det grenselause samfunnet vi lever i og eg likar ikkje alt eg ser.
"Sår du blomster vil blomstrene vokse, sår du ugress vil ugresset gro,
du skal høste som du sår, du skal høste som du sår, så ut det gode du får." syng Rune Larsen.
Vi veit at skal frøa og spirane veksa seg til det vi ønskjer, må ugraset vekk. Det rare er at ugraset veks så mykje lettare enn gulrotfrøet. Det er så paradoksalt, men kampen mot ugraset må vi ta. Eg trur lærarane på Nordmøre har gjort noko klokt!

Ingen kommentarer: