torsdag 22. oktober 2009

Ei annleis veke

Eg lever eit spanande liv - men denne siste veka har gjeve uvanleg mykje spenning, både på godt og mindre godt.
Sist torsdag drog eg til Stavanger for å starta landsstyremøte og strategikonferanse i NMS frå fredag morgon. Det var tøffe dagar. Alvoret i misjonen sin økonomiske situasjon kom sterkt inn over oss alle. Noko må skje, eg veit vi finn veg, men vegen er ikkje utan tornar. Eg ber om at vi saman finn vegen, og at mange fleire som ser at misjonsarbeid er ein viktig del av vårt kristne oppdrag, finn måtar å støtta oss på. Stor takk til alle som er med!!!
Midt under innspurten på landsstyret sitt møte kom gladmeldinga om at vesle Mathea var fødd på Stavanger sjukehus! Det var stort - ingen ting i verda er større enn eit bitte lite nyfødt barn!! Mathea betyr gåve frå Gud, og eg jublar inni meg: Takk gode Gud! Alt går bra med familien der sør. At det var eit lite misjonærbarnebarn vart litt spesielt i den ramma eg var den kvelden. Eg fekk takka Gud saman med mange andre når Rolf stemte i "Nå takker alle Gud med hjerte, munn og hender..." - og når møtet var over fekk eg halda henne i armane mine.
Når eg så kom heimatt venta det endå ei ny utfordring. Frå 20.okt har eg permisjon frå fylkessekretærstillinga og har gått inn i rolla som fugerande ordførar i Masfjorden , i ordførar Håkon Matre sitt sjukefråver. Dette er ei stor oppgåve som eg går inn i med stor respekt. Eg er glad for at Håkon får den hjelpa han treng for å koma frisk tilbake, og eg skal saman med dei andre i formannskap, kommunestyre og administrasjon gjera mitt beste for denne kommunen som eg er så glad i, og så sterkt knytta til.

I skrivande stund set eg og ser utover ein fantastisk fargerik hausthimmel, og eg seier på nytt - ingen plass er himmelen så vakker som på Sandnes. Det gjev ro i tanke og sinn å sjå på dette synet.

Ingen kommentarer: