søndag 7. februar 2010

Kommunestruktur

Debatten om storkommune i Nordhordland er tilbake og den vil koma sterkare etter kvart. Vi gjer klokt i å tenkja gjennom dette, og saman våga å drøfta om dette er ei god løysing for dei tenestene innbyggjarane i kommunane har krav på. Slik eg ser det er det ikkje eit opplagt svar på denne problemstillinga, eg har vel heller ikkje tenkt gjennom alle konsekvensane.

Kva er dei viktigaste føresetnadane for at ein kommune framleis kan vera ein kommune?

Eg har tre hovedmoment:
1) At kommunen har ein forsvarleg økonomi
2) At vi har tilgang på god kompetanse på dei tenestene innbyggjarane har krav på
3) At kommunen utviklar seg og har vilje til endring

Desse punkta oppfyller Masfjorden kommune og difor ser eg ikkje at samanslåing hastar.
Men det er ingen tvil om at Samhandlingsreforma vil forsterka samanslåingsdebatten. Dei store oppgåvene i helsetenestene som kommunane får ansvar for innanfor førebygging, rehabilitering og oppfylging av pasientar krev regionalt samarbeid. Kommunestyret i Masfjorden skal få orientering om denne saka i kommunestyremøte 25. febr.
Interkommunalt samarbeid er viktig og dette har vi lang og tildels god erfaring med i Nordhordland. Utstrakt grad av samarbeid er likevel demokratisk krevjande og til tider tungrodd. Dette må også vurderast i samanslåingsdebatten.
Vi bør våga debatten og å ta den utan at konklusjonen er gjeve på førehand, Våga vega pluss og minus og ut frå ein slik debatt koma fram til ein god konklusjon.

Ingen kommentarer: