lørdag 13. august 2011

"Utryddingstruet"

Eg har møtt ei ung kvinne i svart T-skjorte i dag - ei svart T-skjorte med eitt ord på. Ordet var: "Utryddingstruet". Det var ikkje villaks eller ulv det dreide seg om, men om menneske som var slik som henne. Ei ung kvinne med Downs syndrom.
- Vi snakker så fint om et inkluderende samfunn hos oss, sa ho og spurde - gjelder ikke det for slike som meg? - Vi snakker om at alle skal med, gjelder det også slike som meg? Vi tar livet av foster med Downs, like til 20 svangerskapsuke sa ho vidare. Teksten på skjorta brukte ordet "utryddingstruet"

Brutalt. Eg vågar nesten ikkje skriva det. Sjølv for meg som deler hennar tankar, og er svært kritisk til det manglande rettsvernet det ufødte barnet har i vårt samfunn, så var det sterk kost å høyra den utilsminka bodskapen denne kvinna kom med i dag. Rett i "fleisen" på mange politikarar med stort ansvar i kommunar, fylke og Storting presenterte ho det!
Ho snakka også om det å bli inndelt i grupper, og at det ikkje oppleves som at alle grupper har same verdi. Dette er ikkje denne gruppa åleine om å kjenna, men vi skjønar kva ho meiner, og det stikk oss i hjarta! Ho avslutta talen sin med å syngja Gabriellas sång "Jag vill leva lycklig For at Jag er jag". De skjønar nok at det var sterkt!
Alle vil vi ha eit godt samfunn. Alle vil vi ha eit inkluderande og tolerant samfunn. Alle ønskjer vi å visa livet respekt . Utfordringa er at menneskeverdet må gjelda alle, på alle stadier i livsløpet, også dei 20 første vekene. Menneskeverdet må gjelda uansett utrustning og ytevene, uansett helse, hudfarge og tru.
Dette er ikkje lett. Vi har "ete mykje av kunnskapens tre" vi menneske, og vår oppgåve må vera å bruka denne kunnskapen til å byggja menneskeverd, frå A til Å i livsløpet! Det kviler eit tungt ansvar på oss, vi som stadig får ny kunnskap og som ikkje alltid klarar å handtera den kunnskapen vi har fått til beste for alle. Som f eks det at vi meiner det er rett, og ofte best, å ta bort spirande liv som har fått eit kromosom for mykje, eller som eg har erfart, eit enzym for lite. Måtte vi få visdom og vilje å skapa eit samfunn der alle er med. Om fødselsgåva gjev oss noko for mykje eller noko for lite, så har kvart menneskebarn sitt unike menneskeverd.
Det er denne saka som har gjeve meg eit politisk parti, og eg treng neppe nemna namnet.

1 kommentar:

Anonym sa...

Dette var sterkt og er veldig alvorleg for velferds Norge. Det slo meg når eg leste dette ein episode frå koneklassen på Bibelskulen på Meng. Me snakka om det å drepa. Kanskje det var boda som var tema? Eg fortalde dei korleis lova var i Norge om fri abort, og sa kor mange som vart drepen kvart år. Konene vart rysta. Velferdsstaten Norge kunne gjera noko slikt??Det var heilt utenkeleg for dei......K.A.F