onsdag 25. juli 2012

Om å leva som vi talar

Å leva som ein talar er ikkje alltid like enkelt, og denne siste veka har utfordra oss på dette.
Etter det forferdelege som skjedde i fjor sommar har vi har fått eit sterkt, godt og vakkert språk om kjærleik, menneskeverd, respekt, likeverd og demokrati. Orda vart henta fram att under markeringa i helga, dei har på nytt løfta oss, og samhaldet har blitt styrkt. Vi hadde bruk for dette, året har vore ufatteleg tungt for mange!
Vi meiner det vi seier, og eg trur mange praktiserer det med større medvit enn før. Det er godt å finna store, varme og gode ord både i sorg og glede. Eg veit det, for eg gjer det sjølv. Ord hjelper oss til å koma vidare, gjev samhald og løftar!
Det er ikkje lett å leva som vi talar. Som kristne erfarer vi dette, og ofte blir vi råka av folket sin dom - "de er ikkje betre enn andre!" Og folket har rett! Kristne er ikkje betre enn andre!  Kallar vi oss kristne, så er det av Guds reinspikka nåde, eine og åleine!

Vår handsaming av romfolket er det som skapar kontrasten denne veka - orda om likeverd, respekt og menneskeverd blir brått for store. Vi klarar rett og slett ikkje å leva som vi talar! Alt for mange "gode nordmenn" vil ha bort desse folka som "ikkje høyrer til her". Desse som "forsyner seg av skattebetalarane sine pengar" - vi seier "buss dei heimatt!"
Og eg tenkjer - kva ville eg sagt om dei inntok bøane våre - sette opp telta sine mellom rundballar og veksande gras! Ville eg gått med vaflar og nysteikte bollar og helsa dei velkomne?
Ein ting er eg sikker på! Vi har eit ansvar og ei plikt, og dei har sine plikter og rettar. Orda våre forpliktar oss! Eg forventar at styresmakter finn ei løysing saman med dette folket - det blir neppe ei stor økonomiske utfordring. Staten bør hjelpa kommunane med dette.
Desse folka, som har ein kultur og eit levesett som er annleis enn vårt, skal også ha sin rett til å eta, bu og arbeida. Deira menneskeverd er av nett same kvalitet som vårt! Ikkje noko meir, og ikkje noko mindre!

Edelt er mennesket,
jorden er rik!
Finnes her nød og sult
skyldes det svik.
Knus det! I livets navn
skal urett falle.
Solskinn av brød og muld
eies av alle.

(til Ungdommen av N. Grieg)

1 kommentar:

Kari Skår Sørheim sa...

ser at mange har vore inne og lese dette innlegget. Takk for kommentarar og engasjement på facebook. Det er ingen lettvindte svar på romfolket sine utfordringar, heller ikkje på våre svar i Norge! Men vi skal alltid søkja å finna løysingar, og handsama kvarandre med respekt!