torsdag 25. oktober 2012

Lemstrappa

Lemstrappa i det gamle huset der eg levde mine første barneår, kjem for meg kvar gong eg syng "Den fyrste song". Trappa var gråmåla, og veggen var grønmalt trepanel. På kvart bord oppover hadde søstra mi skrive slike R-ar som lærarinna hadde skrive i leksebøkene hennar. Storesøster øvde seg, skulle nemleg bli lærar,  - og lærar vart ho! I svingen på trappa sto far sitt gevær, det han tok fram og pussa og stelte kvar gong han skulle i heimevernet. Ikkje noko innelåst våpenskap der i huset nei!
Eg har mange minne frå denne trappa. Det sterkaste er kanskje den marsdagen i 1954 då far kom heim og fortalde at eg hadde fått ei ny søster. Eg vart så skuffa over at det ikkje vart bror, at eg måtte skunda med opp i trappa for at far ikkje skulle sjå at eg ville gråta. Eg ville jo ikkje visa at eg var skuffa. Men eg kan forsikra alle om at det gjekk fort over - heldig var eg som fekk ei veslesøster!
Songen som får meg til å tenkja på denne trappa har eg sunge i gravferd i dag - songen av Per Sivle - og setninga som får meg til å tenkja på lemstrappa er denne, "dei synte meg ein fager veg opp frå vår vesle stova"
Til langt opp i barneåra tenkte eg at den vegen det var lemstrappa det! Den gjekk frå stova og opp der eg skulle sova. Opp til soverommet der mor og far, og etter kvart tre jenter sov. Så enkel var mi tolking!
Eg har etter kvart forstått at det ikkje er lemstrappa det er snakk om. Eg har på nytt oppdaga det i dag når eg har fylgt ei god mor, bestemor,oldemor og tippoldemor til grava og vi har sunge denne songen. Eg har sett i dag på nytt at det handlar om noko anna enn ei gråmalt trapp!
Det handlar om verdiar som både løftar og festar oss, og som gjev oss himmel over livet og styrke til kvardagen. 
Mange mødre og fedre har med og utan tone sunge verdiane inn i barnehjarte og barnetanke. Verdiar som har gjeve barnet retning og kurs for både gode og tunge dagar og netter! I min generasjon er vi mange som "høyrer stilt frå mor si grav" og takkar for det vi høyrer, og eg gler meg over foreldre som formidlar verdiane vidare til sine små! Det ligg livskraft og livsmeistring i slik formidling!
Tryggleik og omsorg, og tru på ein Frelsar og ein himmel.

1 kommentar:

kristi sa...

Det var nydeleg skrive, Kari! Vart glad heilt inn i hjarterøtene av å lesa det. Kristi