onsdag 10. oktober 2012

"Nå er livet gjemt"

I dag har eg brukt litt tid på å gjera blomar og hage i stand til haust og vinter. Dei blomsterpryda mjølkespanna, og den gamle sinkbaljen har mista si fargeprakt, og skal få overvintra inne. Blomane har hausten teke - eg var førebudd på at det skulle gå slik. Synes faktisk det er heilt ok, og det er nett som eg frydar meg over at potter og baljar skal få koma i hus og ha det trygt, tørt og godt inne. Kan ikkje vera stas å stå tomme ute i alle slags ver sjølv om bøtter og spann er døde ting. Men blomar og graset lever, og dør.
I dag er det 35 år sidan minsteguten vår vart fødd. Vesle Øyvind, han var ein nydeleg liten gutt. Ein knupp som sprang ut i livet, og såg så aldeles fullkomen ut. Men alt blir ikkje slik vi håpar, og slik det ser ut. Sjølv den vakraste rose visnar, og sjølv det mest fantastiske skal døy ein gong. Øyvind fekk fire og eit halvt år, akkurat som broren Åsmund. Men vakre var dei og verdifulle var dei, og livets rett hadde dei til fulle!
Det gjer meg vondt langt inn i sjela å vera vitne til debattar som går om dagen, m.a. frå Stortinget sin talarstol om tidleg ultralyd, og abort på grunn av ulike avvik. Var det vanskeleg å stå mot legar sin kunnskap og råd for 40 år sidan, er det slett ikkje lettare i dag. Eg har medkjensle med alle som i dag er i same situasjon som vi var i. Så einsamt, og så stort eit mamma- og pappaansvar når samfunnet seier at det ikkje er nødvendig at barnet blir fødd. Samfunnssvikt kallar eg det, sjølv om dei fleste politikarar er ueinige med meg i det.
Det er ei stor sorg, det er tøft og arbeidssamt når livet ikkje blir A4, men livet kan bli rikt, og blomebeda meir fargerike om også dei litt annleis blomane får vera med. Alle blomar skal jo visna -  og" mennesket er som gras", seier Skrifta. Dette ser eg tydelegare i denne haustdagen enn eg såg det for 35 år sidan.
Sorg og tap til trass, i dag vil eg gle meg over vesle Øyvind, og takka for den gleda han gav oss. Eg vil takka alle som forsto oss, som støtta og hjelpte oss, og så takkar eg Svein Ellingsen for alle hans flott salmar for krevjande livssituasjonar. I dag er det denne som passar så godt:

"Nå er livet gjemt hos Gud
Vi overgir alt til Ham
Håpet er tent i liv og død
Ingen er glemt av Gud"

4 kommentarer:

Marit Elisebet Høines Totland sa...

Varmt, ekte og sårt og viktig. Alt på ein gong. Takk, Kari!

Haldis Sveen Røed sa...

Så nydelig skrevet, Kari, og veldig tankevekkende og viktig! Har tenkt mange ganger på Åsmund, som jeg var så heldig å få "bli kjent med" som baby og til ca. 1-årsalder. Glemmer han aldr! Klem

Kari Skår Sørheim sa...

Takk for gode kommentarar begge to. Veldig kjekt det du Haldis skriv, godt å høyra frå slike som har opplevd gutane våre!

Ellensellereite@me. Com sa...

Vakkert skrive! Du har så rett,men eg husker begge gutane og gleda dei gav! Sorgarbeid var stor,men de veit begge at dei har gått føre dykk! Dé har skattbar i himlen og skattbar på jorda ! Barn og barnebarn! God haust Kari og Knut! Frå Ellen i Ørsta