mandag 1. april 2013

Betalt!

Det er godt å ha pengar på konto når rekningar kjem, og det er ei god kjensle å logga ut av nettbaken og vita at årsavgifta på bilen, bompengar og straumrekninga er betalt. Uteståande krav må jo betalast, det er ingen veg utanom. Difor er det greitt å få ordna opp.
Vi lever i eit rikt land der dei fleste av oss får inn på konto kvar månad til det vi treng, og mange av oss til meir enn det.
Som innbyggjarar i eit av dei rikaste landa i verda kviler det eit stort ansvar på oss, og som kristne er det vår oppgåve å forvalta og å dela. Vi lever ikkje for oss sjølve, men vi er kalla til å bruka oss sjølve og vår rikdom til å tena våre medmenneske, og til å byggja Guds kyrkje på jorda. Bibelen gjev oss tydelege meldingar om dette.
Mange kristne har god struktur på gjevartenesta si, og tiende er ein god tommelfingerregel som gjev fridom for den enkelte, og god støtte til misjons- og kyrkjelydsarbeid. Andre har mindre struktur på gjevartenesta si, og kan gjerne bli utfordra på det.
NMS legg ikkje skjul på at vi treng pengar, og at vi stadig har bruk for meir. Vi har store og ambisiøse mål fordi vi ser at arbeidet vårt nyttar. Men vi er avhengige av pengar.
Foreløpige tal for 2012 viser svikt i innsamla midlar. Vi erfarer at inntektsgrunnlaget vårt er svekka. Vi må difor setja endå større fokus på stabilt inntektsgjevane arbeid, og vi må bli meir frimodige til å be om konkret støtte.  For det finst midlar!
I november var eg på misjonsreis på Madagaskar. Det var flott å oppleva at 350 NMS- kroner kunne brukast til å gje ei ung åleinemor ny kvardag på Madagaskar. Støtte til bakarovn gjorde at ho kunne brødfø seg sjølv og svigerforeldra, pluss tre unge jenter ho hadde i arbeid hos seg. For 350 kr vart ho sett i stand til å betala sine rekningar, og til å hjelpa andre til det same. Det var også meiningsfylt å sjå at 50 000 NMS-kroner, 10% av landsbyutviklingsprosjektet i Marolambo, gjev redusert spedbarns- og barselsdød, at fleire knekkjer lesekoden, at jorda gjev større avlingar og husdyrhelsa blir betre. At kyrkja i byen har blitt for liten, syner at arbeidet vi deltek i også gjev kyrkjevekst.
Det er snart påske! Påske handlar om at rekninga er betalt! Oppgjer og skuldsletting vart på ein underleg og dramatisk måte gjennomført. Det var ikkje med sølv eller gull vi vart frikjøpte, men med Kristi blod, skriv apostelen Peter i 1. Peters brev. Skuldbrevet mot oss vart sletta, skriv Paulus i Kol 2.14. Rekninga for all verdens synder er gjort opp, den vart stempla betalt av Jesus! Dette er den unike bodskapen vi skal formidla ! Ein bodskap til frigjering og oppreisning for menneske i denne verda, ein bodskap som gjev håp og framtid.

 Innlegg er skrive til Misjonstidende sitt påskenummer 2013.

Ingen kommentarer: