fredag 12. september 2014

Nettlivet

- du hadde ein fin fjelltur i går ser eg
- skal sei du fartar
- du fekk deg plommer i år også forstår eg
Slike kommentarar får eg ofte av både nære og fjerne venner når eg møter dei på butikken, på båten, i kyrkja, i skogen, på gata eller i telefonen.
- Ja eg lever ope med livet mitt, svarar eg tappert med litt flau smak i munnen. Men den smaken går fort over, vi har fått kontakt, pratar og deler vidare med kvarandre ansikt til ansikt. 

Skal eg vera ærleg så tenkjer eg stundom at eg er for ivrig, at eg kanskje skulle la vera å leggja ut så mange av mine opplevingar, synspunkt og engasjement - at det faktisk ikkje er så mykje å skriva om mykje av det eg formidlar. Deler du den tanken, så er eg faktisk einig med deg.

Av og til tenkjer eg også at det er litt skummelt å leva her på nettet! Eg har jo så mange flotte nettvenner - så mange fine kvardagsvenner, så mange kloke og dyktige venner, så mange misjons, kyrkje- og humanetikarvenner, så mange politikarvenner av alle slags fargar, så mange bondevenner, naturvenner, medievenner, turvenner. Eg har venner som sørgjer, som slit, er sjuke og som kjenner seg utanfor, eg har nyforelska venner og lukkelege besteforeldrevenner. Heile spekteret er mellom vennene mine her på nettet! Det er jo ikkje lett til å ta omsyn til alle på ein gong!

Kvifor deler eg likevel likt og ulikt på facebook og blogg?
Fordi eg er glad i livet og i menneske.
Fordi livet er så mangfaldig.
Opplever eg vakre ting i naturen får eg lyst å stiga opp på eit berg og ropa ut så all verda kan sjå det same som eg!
Ser eg ned i maurtua sitt fantastiske rike, vil eg gjerne ha eit barnebarn i handa og sei; sjå så flott Gud har skapt det!
Høyrer eg fin musikk, ein god tale, kåseri, andakt, dikt eller foredrag så tenkjer eg; dette skulle fleire fått høyrt! Når det kristne fellesskapet lever godt, ønskjer eg å inkludera og dela med mange, mange. Når eg kjenner meg provosert, når verdiane mine blir trakka på og latterliggjort kjenner trong til å "smella med dørene" og stå opp for det eg trur på.

Dette er sikkert nokre av grunnane til at eg skriv. Det er godt å få sagt det! Difor vil eg nok ganske sikkert halda fram å skriva. Kanskje endå til meire ettersom eg snart er over i ein annan kvardag. Eg held ikkje det for usannsynleg.

I NMS har vi siste året hatt som motto "Skapt til å dele" Det har ei djupare meining enn mykje av de eg deler, men kanskje er det likevel noko av det same. Vi er faktisk skapte som sosiale vesen som har bruk for å dela av det vi har fått, sett og oppdaga, og som kristne er vi skapte for å dela tru, tid og materielle gåver.
Eg lovar ikkje tunge, djuptpløyande innlegg om dei store tinga i livet og verda, men enkle Karitankar, impulsar, kjensler, opplevingar og meininar vil framleis koma.  
Så difor kjære venner; slett meg eller oversjå meg viss/når de går trøytte av pratet mitt!
God helg!


2 kommentarer:

Marit Elisebet Totland sa...

Takk for at du skriv , Kari! Hald fram med det. Livet har ulike fasar, for oss og for dei me møter. Og kontaktnettet blir heilt annleis med nettet. Det skal me bruka til det gode det kan by på.
Det blir ofte snaka om nett-troll, men eg møter mange flotte folk, og ikkje minst mykje toleranse og mange gode samtalar, også om svært viktige sider ved livet. Kvifor skulle me ikkje vera her og snakka med folk?

Kari Skår Sørheim sa...

Heilt einig Marit Elisebeth! Nettet har kome og blir, og vi må ta det i bruk både som sosial arena, og som formidlar! Du inspirerer meg! Må få å få tak i boka di!