søndag 17. mai 2015

17.mai- morgon!

Gratulerer med dagen, 17. mai-dagen!
Dagen for fridom og demokrati
Dagen for fest og feiring for små og store
Dagen for:
- å høyra til i eit land
- å høyra til i eit samfunn og lokalmiljø
Dagen for samhald og for å minnast, heidra og å takka.

Eg har nett vore på facetime med to trommeslåarar i Kragerø!
To ivrige gutar på veg i badekaret for å bli klare for den store dagen.
I går hadde eg jobben med å stryka tre 17. mai-skjorter i Sandnes. Snart blir dei påkledde og klare for is, pølse og etter kvart, skitne barnehender. Når 17. maikvelden kjem er dei ikkje nystrøkne og reine lenger. Slik skal det vera.

Denne stille morgonen her på Skår har starta som alle andre dagar her heime; rett til frukostbordet som Knut har laga til med lys, og fine blomar frå nabo Berte sin frodige hage.

Så er spørsmålet - kva gjer du no, Kari?
Knut har reist til Masfjorden. Eg kom heim i går kveld etter nokre "heimeåleinedagar" i Sandnes, og kjende meg ikkje klar for Masfjorden rundt i dag. Bunadsskjorta er ikkje stroken, men eg dynka den på refleks for litt sidan. I tilfelle eg går ut!

17. mai er den dagen eg lengtar mest tilbake til Masfjorden. 27 aktive år i eit lite lokalsamfunn set sine spor. Eg saknar skulemusikk og flaggheising på skuleplassen rett bak haugen. Eg saknar lydar frå born eg kjenner sine instument, og russen sine fløyter og morgonoverraskingar. Eg saknar gudstenesta med bygdefolka, og å høyra 9. klassingar sine dikt ved bautasteinane gjennom Terje sin mikrofon! Eg saknar det akkurat passelige store og lange folketoget med fengande marsjar! Og meire til!

No set eg ustelt ved kjøkkenbordet mitt og skriv. Eg ser ut på flagget eg nettop har heist, ser at viss eg legg godviljen til, så har skylaget letta litt. Eg kjenner at facetimesamtalen gjorde godt, og at kaffien har gjort ein jobb i kroppen. Det er som at eg fornemmar ein vaknande driv, den driven eg likar å kjenna.

Så eg vandrar nok ut i dagen, sjølv om eg framleis kjenner meg litt "framand" slike dagar.
Kanskje har eg godt av å kjenna på nettopp det, bortskjemd som eg er!
Eg er neppe åleine, og eg veit at eg blir inkludert! At nokon blir glade for å sjå meg!
Det veit ikkje alle!
Det er både einsame, fattige og framande mellom oss "gode" nordmenn i dag!
Måtte alle få ein god dag!

Dette tek eg med meg ut i festdagen!

1 kommentar:

Kari Skår Sørheim sa...

Takk for mange gode helsingar på facebook i dag! Dagen vart fin i mi gamle, nye heimbygd! Takk for handtrykk, blikk og samtalar! Høgdepunktet var, kanskje ikkje overraskade, den flotte gudstenesta i Seimskyrkja! Takk til Presten Geir Øy! Kjekt også på Strilatun og i kveld på folkehøgsskulen på Frekhaug. - og eg som tenkte at eg ikkje trong bunadsskjorte i dag! Eg tok feil og er glad for det!