torsdag 12. mai 2016

Noko av det eg har

To små barnegraver
ei dobbel foreldregrav 
og to besteforeldregraver
har fått raude og blå blomar i dag

Eg les alle namna
og kjenner at dette er mitt

Det er noko av det som vart meg
og mykje av det som eg gav 

Det er noko av det som eg fekk
og mykje av det som eg mista

Det er noko av det som eg har
og som alltid skal vera mitt

2 kommentarer:

Unknown sa...

Mange minne, samstundes gode, triste og gripande.

Kari Skår Sørheim sa...

Slik er livet!