tirsdag 13. desember 2016

Desse dagane

Desse dagane 
når skodda legg seg som florlett slør over bakkar og vatn
og dreg oss inn i eventyret!

Desse dagane 
når sola leikar gøymsle mellom skoddeflaka
og spreier sine gylne fargar 
lik ein pensel blandar fargar over lerretet!

Desse dagane då verda blir pakka inn 
og vi anar noko bak!

Desse eventyrdagane!

Fotograf: Knut Fr. Sørheim

2 kommentarer:

Marit Elisebet Høines Totland sa...

Desse dagen - som er så flotte - men som me ikkje såg då me hasta forbi. Noko bra er det med å ha eit anna tempo.

Kari Skår Sørheim sa...

Herleg å ha tid til å sjå§ Det er så vakkert!