tirsdag 6. juni 2017

Ord til vesle Frøya

Livet har brote seg fram frå sitt mørke og varme reir, og du er her hjå oss!
Velkomen vesle Frøya!

Å halda deg i armane fyller bestemor med takk!
Å sjå inn i dine mørke u-utgrunnelege auge, fyller henne med undring. 
Å sjå den leitande munnen din gjev glede - du vil veksa, verta sterk!
Å sjå dei sprikjande fingrane dine, får henne til å smila.

Det er lyst her ute, synes kanskje du!
Og mange rare lydar!
Mamma si stemme kjenner du, trur bestemor.
De har budd saman lenge allereie.
Det er det godt å tenkja på.

Vi kjenner deg ikkje enno.
Likevel, du høyrer så inderleg til her hjå oss!
Det kjenner vi!

Eit lite menneske skapt i Guds bilete, det er du!
Den tanken den er stor, du vesle jenta vår!

2 kommentarer:

Elna sa...

Hei! Takk for at du deler frå di kunstneriske gåve mvh Elna

Kari Skår Sørheim sa...

Takk! Om det er kunst veit eg ikkje, men det er godt å setja ord på eit og anna.