tirsdag 19. desember 2017

Damaskduk i dagslys

Du kan ikkje stryka fine dukar i lampelys. Du må venta til dagslyset kjem, då ser du at det blir fint.
Dette sa alltid mor.
Å stryka i lampelys ville ikkje gje eit fint nok resultat!
Eg har erfart at det er rett, og difor set eg meg ned og skriv midt i julestria, medan eg ventar på dagslyset, og medan juledukane ligg dynka og klare til å bli fine - helst så fine som mor ville ha fått dei. Mor eller tante Ingeborg. For det er deira dukar eg skal stryka.
Kvite damaskdukar.

Mor kjøpte ein fin duk til oss til jul året etter at vi hadde gifta oss. Ho meinte alle heimar skulle ha ein kvit damaskduk. Den rekk over bordet utan plate og tek til å bli utvaska.
Den andre duken fekk eg av tante Ingeborg, Mor si eldste søster - eldst av 12, og godt vant til å ta ansvar for andre. Tante Ingeborg fekk ikkje born sjølv, men vi var alle tante Ingeborg sine born. "Du er en av våre", sa ho då ho gamal på sjukeheimen ikkje heilt kunne skilja oss frå kvarander, vi tante- og grandtanteborn som kom på besøk.
Tante Ingeborg hadde ein stor damaskduk.
Den skulle eg få - eg som skulle bli "prestefrue"!
"Denne skal du bruke når biskopen kommer", sa ho på sitt kunstige bymål.
Tante Ingeborg hadde tent i eit "fint" kjøpmannshus i Bergen, og ho visste korleis det skulle vera og kva som trongs, også for biskopen!
Og det vart ein bispeduk - tre biskopar, Thor With, Per Lønning og Ole D Hagesæter har fått middag servert på denne duken! Stroken i dagslys, fin og glatt og med kjærlege tankar til tante Ingeborg i Kirkegaten i Sandviken.
Men ikkje berre biskopar. Duken har blitt mykje brukt - så mykje at den har blitt slitt og til og med fått eit lite hol! Eg vil tru den er eldre enn meg, og det er med dukar som med alt anna - tida krev sitt! Men brukast skal vi både duken og eg, også denne jula.
Sola kjem ikkje i dag - kanskje ikkje dagslyset heller. Det får stå til! Eg håpar det skal bli bra.
Det er vakkert med nystrokne damaskdukar!

Ingen kommentarer: