onsdag 28. februar 2018

Lyset og kulden

Takk for dagen - for sola og lyset!
Takk for lyset som skin på skitne vintervindauge.
Det er heilt greit i dag!
Lyset er godt for sjel og sinn!

Ute er det isande kaldt.
Det gjer ikkje noko kan eg tenkja, eg som har mykje ved og ei varm og god stove.

- De kan godt vera svoltne ei stund, men at de frys - det likar eg ikkje, sa mor når vi kom kalde og frosne inn frå vinterdagen.
Så varma ho tjukke leistar på omnen, og la strykejernet eller ein varm murstein i sengene våre.

Tanken på dei som frys på gater og i skur når natta snart kjem, snik seg inn i stovevarmen min.
Eyvind Skeie si bøn, som avsluttar seks av dei sju versa i salmen "Vi er barna fra Betlehem" surrar i meg. Bøna er denne "Gud hjelpe alle som fryser".

Skulle ønskja han som styrer vintersola hadde ekstra varme med til dei som frys!
Godt å vita at han i alle fall har ein del folk, senger, kyrkjer og stader med omsorg og varme til dei som manglar varme når den iskalde natta kjem!

Eg skal så sanneleg ikkje klaga over avslørte skitne vindauge.
Ein kan avslørast for verre forsømmingar enn vindaugsvask!

Ingen kommentarer: