tirsdag 1. mai 2018

På ein 1. mai!

I dag er det 55 år sidan Kåre i Skare kom heim til oss og avtalte - med far - at eg skulle starta som butikkdame på Seim Handel så snart framhaldsskulen var slutt!

Far og eg hadde vore ute heile dagen med vårarbeid på garden, og vi var innom for å få oss mat.
Eg hadde skitne arbeidsklær på meg, og ville ikkje møta Kåre slik.
 - Eg kan snakka med Kåre sa far, og dei sette seg i søre stova - eg sette meg innfor døra i den nore stova og prøvde å lytta. Vi visste kvifor han kom.
Far visste kva eg ville. Han visste at eg var så skulelei og skuletrøytt etter eit ganske krevjande framhaldsskuleår, at eg ikkje orka tenkja på å starta på ungdomsskulen til hausten. 
Vårt kull fekk tilbod om å starta saman med klassen under oss på den nyinnførte ungdomsskulen. 
Det ville blitt to år til på skule, og eg makta det ikkje.

Heldig var eg som hadde foreldre som skjøna, og at det på den tida var andre utdanningsvegar å sjå for seg når ein vart litt eldre.
- Du kan arbeida hjå han Kåre til du er 17 så kan du reisa på folkehøgsskule. Der vil det opnar det seg nye vegar for deg, sa far og mor! 
Eg trudde på dei, og starta hjå Kåre 20. mai 1963. Eg slutta seinsommaren 1965 for å reisa til Frekhaug på folkehøgsskule.

Eg lærde mykje desse to åra. Med kvitt forkle møtte eg bygde- og byfolk. Lærte nye folk og skikkar å kjenna, og stifta kjennskap til nye varer, lukter og smakar. 
Eg smurde nistepakke til svoltne BNT-sjåførar, og visste kva drops og tobakk dei ville ha! Eg var "mobiltelefonen" til Nils Torsheim når bussar og mjølkebilar skulle stoppast, og eg fylte diesel på bussar og varebilar i mitt kvite forkle, og eg var barnejente for dei to herlege borna til Kjellaug og Kåre.

To lærarar var ofte innom butikken for å handla. Ofte sa dei til meg: Skal tru kva det blir av deg Kari - kva hylle kjem du på i livet? 
Eg veit ikkje om det var uro eller forventning i stemma deira, og det undra meg at begge to var så opptatt av dette. Eg hadde min plan, men den delte eg ikkje med dei.
- Ikkje bry deg om det, sa dei heime når eg fortalde dette,  - du kjem til å klara deg.

Mange gongar seinare har eg tenkt - var det eit klokt val eg tok? For det var mitt val!
Eg trur det, også i ettertida sitt lys. Det vart rett nok inga formell utdanning på meg. Stundom har det hemma meg, gjeve meg mindreverdskjensle og gjort med utrygg. Andre gongar har det gjort meg stolt. Eg har endå til klart oppgåver som kanskje har vore i største laget, og hatt eit meiningsfylt liv.

I dag er eg takksam til både foreldre, Kjellaug og Kåre og andre vaksne som trudde på den unge jenta, og som såg henne som ein vaksen alt før ho fylte 15 år!

Utdanning er viktig, men eg har stor respekt for dei som ikkje orkar minimum 13 samanhengande år på skule. Eg er ikkje sikker på at det er klokt at det skal vera slik for alle.
Ein er ikkje tapar om ein kan oppleva det slik!
Eg går med ei uro over at vi styrer dei unge så lenge at det fører til resignasjon, motløyse og dårleg sjølvbilete.
Difor ønskjer eg på denne 1. mai å slå eit slag for dei skuletrøytte. Lat dei få koma i arbeid, bruka kropp, hovud og kreativitet ved å gjera noko dei opplever som meiningsfylt og nyttig saman med vaksne. 
Skulle ønskja at mange skuletrøytte ungdomar vart både lønsmottakarar og skattebetalarar tidlegare enn dei fleste blir det i dag! Det trur eg både dei og samfunnet hadde tent på!

2 kommentarer:

Odd Birkestrand sa...

Mykje bra tankegods på ein dag det er grunn til å markere, Kari!

Kari Skår Sørheim sa...

Takk for det Odd!