onsdag 5. september 2018

Tretankar

Rart at det går an å bli så glad i eit tre
Eit heilt alminneleg, gamalt bjørketre
Eg har eit slikt, og i dag har eg sete lenge ved det treet

Eg finn ro der
Likar å fylgja dei mange blada som dalar til bakken ein septemberdag
Frydar meg over fargane - dei varme haustfargane
Eg studerer klatreruter oppover - heilt til toppen
men eg testar dei ikkje
Eg treng ikkje klatra
Trur ikkje eg er eit klatremenneske
sjølv om eg har prøvd nokre toppar
Eg trivs med føtene på jorda
meiner eg sjølv i alle fall
Men kven trur vel at dei klatrar?

Så likar eg å tenkja på barneføter som har klatra her
Fleire generasjonar
Det er meistring i slikt
og små barneføter treng å meistra
treng å koma seg opp
Eg unner alle smågutar og jenter eit klatretre
Eit tre der dei lukkast
Eit tre med nokre skrubbsår og sundrivne bukser
Det er sunt det
Veldig sunt

Slik gjekk tankane i dag
under treet mitt i septembersola

Så har eg sendt ei stille bøn oppover
om at treet mitt overlever nokre hauststormar til
For eg har framleis små klatrarar som ikkje har klatra der endå

Til slutt ønskte bestemora at treet må få stå der så lenge ho
har føtene på denne jorda.
Og det sa ho høgt i dag!

Ingen kommentarer: