onsdag 17. oktober 2018

"Støvets alder"

Ho reiste med gitaren sin innover den trange fjorden med båt - båten som ho alltid syntes likna på eit gamalt strykejern!
Det var lenge før holet i fjella og vegen kom langs fjorden.
Saman med nokre andre skulle ho på misjonshelg til den tronge dalen.

Ho hugsar ikkje så mykje frå reisa. Men to ting hugsa ho.
Det eine var at ho var ung og og alt for svolten til å gå til sengs -  at det var alt for tidleg å eta siste måltidet kl 1800!
Det andre, og som gjer at ho skriv dette, var at ho fekk ein liten lapp med ein song på der inne i dalen.
Ho fekk den hjå ein gamal mann - ein svært så gamal mann syntes ho.

Første verset på songen var slik :
"Sytti år er støvets alder
Høstens time inne er
Blomsten visner, løvet faller
Lik en blomst er livet her.
Lengsel etter ro og fred.
Stilt vi synker hen og glemmes,
for i moder jord å gjemmes."

Ein underleg song å få syntes ho.
Ein nitrist song eigenleg, som ho undra seg storleg over at han gav til ein 19-åringen!
Ho ville ikkje tenkja på å bli 70! Det var ei lang æva til syntes ho.

Dei siste dagane ha ho gått og nynna på den første linja.
Ho har smilt litt, tenkt litt, og lurt på kvifor ho fekk denne songen.
Svaret veit ho jo ikkje, men det må ha vore noko med gitaren kanskje.
Kanskje han tenke at ho skulle syngja denne for dei eldre, og minna dei om "livets forgjengelighet"?
Ho gjorde aldri det, men lika å finna lappen att inn i den svarte songboka si.

Og så kjem ho på dette minnet og denne songen no når ho no har runda 70, og for alvor har  kome inn i "støvets alder".
Hennar erfaring er forresten at støvets alder starta for lenge sidan - alt ved det første skriket inn i verda
Heile livet minnar om det sårbare livet!
Men,  hausttid er hausttid.
Ingen kjem utan om det, ikkje ho heller.

Likevel - som 70-åring opplever ho at livet er rikt og fullt av gode livsfargar.
Ho tilstår at ho stundom kan lengta litt etter meire "ro og fred", men ho vert fort rastlaus om freden varer for lenge. Ho har framleis mykje ho vil i sine "gylne år" - i sine oktoberdagar, som ho likar å kalla det.
Det takkar ho for, og ho ber til sin Gud om helse og krefter til framleis å få leva med oktoberfargane sine varme fargar over livet - i trygg tru og tillit til han som styrer hennar vesle liv.
Støvets alder vil ho ikkje kalla det.

Ingen kommentarer: