tirsdag 30. april 2019

30 april

På ein kveld som denne
der russen startar festen
og andre teiknar raude plakatar til morgondagen
På ein kveld der Frp-Sylvi kvesser våpen
og vil ha straffa utmålt etter gatenummer
På ein kveld der dei viktige flygararane framleis streikar
og keisaren i Japan abdiserer
På ein slik kveld - dagen før flagget skal opp
set eg i stolen min og lengtar etter kusymre
Lengtar etter noko så enkelt som gul og velduftande kusymre

Kan det finnast noko betre å tenkja på på ein kveld som denne
enn ein gul, velduftande kusymre?

Om det blir med kusymrelengten i kveld
gler eg meg likevel over
at eg:
- ikkje er russ i natt
- ikkje skal halda appell morgon
- ikkje treng høyra meire på Frp-Sylvi
- ikkje er i streik
- og ikkje blir ny keisar i Japan

Livet er heilt ok med
gul kusymrelengt
Det er lov å håpa at
den kanskje kjem i hus i morgon
medan flagget vaiar
over bygd og by


2 kommentarer:

Unknown sa...

Herleg, Kari! Ha ein fin dag i morgon!

Kari Skår Sørheim sa...

Takk for godord og gode ønskje! Ha ein fin 1. mai du også (kven du no er :-)