onsdag 21. juni 2023

Karitankar


På ein nydelege maidagen tok eg boka mi med meg ut i vårdagen og oppdaga at eg endeleg var «moden» for å sei at boka mi - Karitankar - var klar for salg!
Det var ikkje så lett....det set langt inne for ei slik som meg å sei at eg har skrive ei bok som eg endåtil vil prøva å selja. Men no har eg prøvd det i nokre veker, og har vorte litt modigare.

Fordi boka har same tittel som den forsømde bloggen min, har eg lagt ut info om den her også - for eg har sjølvsagt bøker til salgs framleis. Du finn den ikkje i bokhandelen, men eg har tre alternativ:
1 - har den alltid i bilen😉(Knut også)
2 - bøkene blir med på nokre arrangement etter kvart
3 - eg kan senda til deg i posten
Boka kostar 300kr- ev med porto - 375kr
Betaling- Vipps 922 21 123

onsdag 8. juni 2022

Kråkeprat

Ikkje det at eg er spesielt glad i kråker.
For min del kunne verda vore utan den rasen.
I dag rørte likevel kråka meg- eg fekk forståing av at den er eit omsorgsfult vesen med same morsinstinkt som andre skapningar!
For aldri har kråka skrike og flaksa for meg som i dag - eg vart nett som «mannen som gjekk seg i vedaskog» nesten litt redd, sjølv om ikkje eg tenkte like dramatiske tankar som han!
Men kva anna kunne ho gjera enn å skrika og flaksa? Fint lite.
Men det gjorde ho til gagns!
Ikkje kunne eg hjelpa den gråsvarte ballen hennar som låg på stien min og såg på meg med svarte auge. Han var tydelegvis «for tidleg ute»- det er ein del slike…
Ikkje kunne eg hjelpa mora som skreik og raste rundt meg heller
Eg kunne berre koma meg vekk fortast mogeleg!
Det var hjelpa mi….
Den tøffe naturen må rå, men eg håpar det beste for kråka og ungen hennar - Verda tåler ei kråke til!

tirsdag 1. mars 2022

Verda skjelv

Verda skjelv 
makt og vondskap rår
Vi høyrer drønna
vi kjenner lukta
vi ser tårene
for verda skjelv

"Spenn  sanning til belte om livet"
"Snør fredens evangelium til sko på føtene"

Vi ropar
Kyrie eleison!
Gud vår Far miskunna deg!

mandag 3. januar 2022

Eit lite sekund

På eit sekund
eit ørlite sekund
er året nytt!
Underleg!

Vi feirar med rakettar
eller set oss ned og ventar
på dette sekundet
Sekundet som kjem med eit tidsskifte
Sekundet som gjev oss eit nytt år og
som for alltid vil kjennast på talet 2022!
Eit mektig sekund-
Eg ønskjer oss alle eit godt tidsskifte- eit godt nytt år!

torsdag 28. oktober 2021

mandag 18. oktober 2021

Lite og mykje

den jamne pusten
den gode varmen
frå vesle kroppen
som veit så lite
som er så mykje
på bestemorsfanget
tidleg ein fredagsmorgon

torsdag 16. september 2021

Haustkåpe

Fryd deg over meg
seier blåbærlyngen
stolt over si nye kåpe
Eg har gjort mitt
Har vore raus i år
No kler eg meg i jordfargen
Fryd deg over den
den er ekte
Ja, fryd deg over jorda
og ver du også raus



torsdag 9. september 2021

Heimreis

Det set ei lita erle ut for glaset
På den grå grusen
Ei einsleg lita sølvgrå erle
Ho har funne seg ein liten sølepytt
Pussar fjørdrakta si
Pussar, pussar og pussar
Pussar dei grå vengjene
og den kvite bringa si
Tenkjer du å reisa vesle erle
- Klart eg skal reisa
- Alle reiser heim
Ho gjorde eit vengeslag
trekte opp føtene og drog!

lørdag 6. mars 2021

Ropte høgare
då svara var enklare
Synet var klårare
då fokus var smalare
- Det freistar å teia i dag

onsdag 17. februar 2021

Gamalt venskap

 

Sitja på kvar sin stol
På kvar si side av eit kafebord
Maska må av då!👍
Sjå kvarandre inn i augene
prata, prata, prata
Smila og le
og kjenna stemma skjelva
Vi har delt mykje
Gjennom viktige fasar i livet
Møtes alt for sjeldan
- og åra går
- og går
Men gamalt venskap varer!

lørdag 6. februar 2021

Utover

 Når ein går langs ein smal fjord går ein enten innover eller utover! Slik tenkjer eg det!

I dag har eg gått utover langs fjorden. Over bøar og bygdevegar med snø på!
Eg tek meg i det og tenkjer - er det utover som er vegen å gå i denne verda?
Er det der framtida ligg?
Eg oppdagar at hendene lett legg seg på ryggen medan eg går, og at eg stoppar og snur meg. Ser innover!
«Dei gamle» gjekk på søndagstur med hendene på ryggen. Kvar skulle dei elles gjera av dei når dei ikkje gjorde på noko?
Og eg tenkte- no er eg visst som dei gamle - og ja, eg er då på deira alder - innser eg.
Men eg går utover langs fjorden.
Eg vil gå utover fjorden!
Eg vil tenkja at framtida er utover!
Men eg kjem oftare enn før til å leggja hendene på ryggen- snu meg og sjå innover.
Det ligg så mykje der, og meire vil det koma etter som stega går.
Men framtida ligg utover til det eg endå ikkje har sett!

torsdag 28. januar 2021

Fullmåne


Månen lyser opp
her i grisgrende strøk i kveld.
Ingen veglys dempar glansen her
- og fordi eg ofte blir litt undrande i månelyset, så tenkjer eg mine rare og tildels barnlege månetankar.
Månen, den underlege skapningen der oppe
som oppfører seg så
opp og ned
og som openberrar seg på himmelen slik i ny og ne,
og som endå til blir bortimot full på ein onsdagskveld- midt under pandemi og elende i den store vide verda.
Så er det no godt for noko då,
at polet er ope
- slik at månen kan bli full også i januar 2021.
- Men det var vel tullete tenkt!
Han skal no ha takk
for det kalde lyset han sender - ja, for månelyset er kaldt!
Og eg ønskjer han ei god natt.
Eg håpar stjerner og planetar rund han passar på no når kveldsroen fell over Skår
- og eg håpar han ikkje frys langt der oppe i kuldegradene!
Ingen må frysa!
- Men mange frys!
Det er det vondt å tenkja på!
Frys inne i si einsemd.
Frys ute på gater og i skur.
Månen kan lite gjera med det
anna enn å visa seg der oppe
som eit teikn
frå ei betre verd
Ei verd der ingen frys!

mandag 7. desember 2020

Med munnbind

Der var det eg skulle hatt!
Det var ei fin veske, full av gjennomsiktige munnbind, eg skulle hatt.
Eg skulle hatt den med meg på julehandelen.
Eg skulle gjeve eit til ho/han som står i kassen 
bak maska si.
For eg  skulle så gjerne sett kva dei sa!

Men, eg tenkte ut ein strategi - løysingsorientert som eg likar å tru at eg av og til er.
- Berre svar nei takk kvar gong du trur dei spør deg om noko, Kari
Det går jo bra for
spørsmåla er jo enkle
- har du medlemskort?
- vil du ha pose?
- vil du ha kvittering?
Berre sei nei takk
kvar gong!
Smil med augene bak maska di til dei bak bak disken med maska si, og sjå nøgd ut!
- Dei veit jo ikkje at eg er hørselshemma!

Eg tek sats og prøver.
Svarar nei takk,
og nei takk,
og nei takk.

Så kjem eg på at det kanskje er lurt med byttelapp.
Det er jo vanskeleg å treffa smak og storleik til så mange...
- Legg du ved ein byttelapp, spør eg 
- Ja, det var det eg spurte deg om, smiler ekspeditøraugene.
Så måtte det seiast - beklager- eg er hørselshemma -
Og så avslører eg strategien min! 
Han smiler med augene og seier noko fint - trur eg! 

Og medan vi ventar på gjennomsiktige munnbind, må eg tenkja ut ein ny strategi.
Eg må få inn eit ja takk! 
- helst på rett plass!

søndag 15. november 2020

Vidare

Når også det beste 
må bli eit minne
Puss det blankt
med tårer  
av takk 
og tårer 
av sakn
Lat det stå der å skina
Men bli ikkje blenda
Reis deg 
og gå

tirsdag 6. oktober 2020

Stunda


Fjorden ligg svart og blank
Fargerike ospeblad
heng urørlege
Hauststilla
er vakker og god

Fjorden og ospeblada
veit det skal så lite til
- så uendeleg lite til
Difor samlar dei på stunda

Eit vindpust
og fjorden er grå
Eit vindpust
og blada driv mot bakken
Difor samlar dei på den hauststille stunda

Det skal så lite til
i oktober
Så lite
for fjorden
for haustbladet
og for henne
under ospetreet
ved fjorden

Fjorden og ospeblada
er utan tanke
Men omtanke
og varme
veit dei å visa.

Oktoberjenta takkar
og samlar på stunda

lørdag 20. juni 2020

Takk likevel

draumen i natta
der augo våre møttes

dei fine augo dine
vesleguten min

ville løfta deg 
men rakk det ikkje

slik er draumen
den korte draumen
- men takk likevel

Mange av lesarane mine veit at to av gutane våre døydde då dei var 4 1/2 år.
Den eine i 1977 og den andre i 1982.
Det er lenge sidan dette, men dei er alltid med.
Stundom kjem dei så levande fram i draumen - i den korte, så alt for korte draumen.
Det gjer godt, og det gjer vondt.
Eg tenkjer: så godt at det framleis gjer vondt!
Alle skjønar at det er katastrofalt å mista born....

Men livet har gått vidare, og mykje, mykje godt og fint har det gjeve.
Likevel -plassen deira er plassen deira!
- Og, eg skriv ikkje for å få medkjensle - det har eg fått mykje av gjennom åra.
Eg skriv fordi det gjer godt!

søndag 24. mai 2020

Treåringen vår
fyller tre i dag
Ny i verda
- men verda er ikkje ny
Treåringen smiler trygt
- men verda er utrygg
"Alt skal bli bra"
skriv borna
Men alt blir ikkje bra
Nokon betalar prisen
for det vonde
Borna også
Bestemor tente lys i kyrkja i dag
eit lys for borna
For treåringen sin
men også for
borna
i flyktningeleir
borna
med dei tomme matskålene
Borna er skatten vår
rikdomen vår
framtida vår
Også dei spirande livsfrøa
er med i bøna
Frøa som ligg gøymt
i det lune, mørke rommet
Kyrie eleison må bestemora ropa
Lys
for ein treåring
Lys
for alle born
i ei verd
der ikkje alt blir bra
før ventetida er omme.
" Herre, når din time kommer,
åpenbarer du ditt rike,
og i klarhet får vi skue,
alt det skapte, frigjort, fullendt.
Vi skal se deg som du er!
- Svein Ellingsen - nr 510 i Salmeboka

søndag 26. april 2020

Stolpejakt

Stolpar
er in
Stolpar
som kan jaktast på

I minnekortet mitt hadde stolpar leidningar
som fører straum
til bygd og by
ENERGI til folket

Andre stolpar
hadde leidningar
som ved eit under
førde samtalar
frå hus til hus
KONTAKT mellom folka

I minnekortet jakta vi
på hjorten
med jaktløyve og gevær
heilt utan stolpar

Men alt er annleis
i desse tider
Vi jaktar på stolpar, vi

Og det merkelege,
og det gode
er at jakta fører
ENERGI og KONTAKT
til folket
der dei med to meters avstand
luskar i skog og fjell
med eit trålaust våpen
i handa
og med rå muskelkraft
på stolpebeina!

mandag 13. april 2020

Det var Han

Dei gjekk på vegen
til Emmaus
Tunge til sinns
med bøygde hovud
og delte
opplevinga
og sorga

Ein dei ikkje kjenner
kjem inn i følgje deira
Kva snakkar de om?
spør han

Dei kunne svara
- vi snakkar om Deg
Men dei visste det ikkje
auga kunne ikkje sjå
sorga var for tung

Men hjarta brann
då Skriftene vart utlagd
medan dei gjekk
Augo vart opna då han
braut brødet
medan dei åt
Då kjende dei han

Så vart han borte

Han dei hadde
gått vegen med
lytta til
invitert inn
ete med
Det var Han!

I same stunda
braut dei opp
Sprang ut og fortalde
til dei andre.

Oppstodevitne
vart dei
Og alt vart nytt!

onsdag 8. april 2020

Kvar kjem det frå?

Kvar kjem det frå
dette smeltande smilet
frå eit nyvakna liv
som smiler mot oss
Som smiler utan å ha lært
Som smiler
utan å vita at det er eit smil

Kvar kjem det frå
dette umedvitne smilet
Dette ekte smilet
som ingen har lært
men som kjem
og gjer så godt
og som får heile verda
til å smila?

Kvar kjem det frå?