fredag 5. april 2013

Kva er namnet?

 
- Eg har time 0945, seier eg
- Følg den svarte stripa, seier ei ung dame i resepsjonen
Eg set meg ned saman med andre som også ventar med spenning i blikket
Det er ei svart og ei blå stripe på golvet

- Kva er namnet? spør ei venleg dame
- Sørheim seier eg - Kari Skår, legg eg til, og eg blir kryssa av på lista

Nokre minuttar etter, går ei dør opp, og ei ny venleg dame spør:
- Kva er namnet?
- Kari Sørheim seier eg, og dama kryssar av på arket, og går
Ti minuttar seinare kjem den same venlege dama bortover korridoren
- Kva var namnet, spør ho og ser på meg
- Sørheim, seier eg. Ho sjekkar lista, og eg får eit nytt venleg smil

Så kjem ho tilbake, stoppar nokre meter frå meg og seier:
- Sørheim, det er din tur!
Eg reiser meg, går med, og kjenner at hjarta dunka hardt

Så kjem vi inn på eit kontor, der set det ein lege
- Kari Skår Sørheim seier eg, og rettar fram handa
Den venlege dama, som er sjukepleiar, set seg ned på ein stol bort ved døra. Ho smiler fint til meg
- Du har gjort eit lite inngrep, og tatt nokre prøvar, seier legen og ser inn i skjermen
- Ja, eg var her før påske, svarar eg tappert
- Prøvane dine ser fine ut, det var ikkje kreft, seier legen og ser beint på meg
- Så godt  - var det ikkje kreft, høyrer eg meg sjølv spørja. Eg høyrde eg sa dette farlege ordet. Måtte få det stadfesta ein gong til
- Nei, dette er ikkje kreft, det ser heilt fint ut, sa legen
Gjennom hoved og hjarte forma det seg eit Takk! Takk Gud!
Den venlege sjukepleiaren smiler til meg - opplevest som ho delte gleda

Den venlege dama fylgde meg ut - la handa si på armen min, såg meg inn i auga og sa: så godt at det gjekk bra, at alt var fint!
Ho har nok lytta til tyngre domar enn den eg fekk i dag. Det er godt å vita at det finns slike menneske som ser på oss og som kan fylgja oss ut
Særleg for dei som ikkje er så heldige som eg var denne dagen
I dag har eg har møtt eit helsevesen som ser, og som viser omsorg! Det var tillitsvekkande og godt!Takk!
Eg tilgjev så gjerne dei mange spørsmåla om namn!



mandag 1. april 2013

Betalt!

Det er godt å ha pengar på konto når rekningar kjem, og det er ei god kjensle å logga ut av nettbaken og vita at årsavgifta på bilen, bompengar og straumrekninga er betalt. Uteståande krav må jo betalast, det er ingen veg utanom. Difor er det greitt å få ordna opp.
Vi lever i eit rikt land der dei fleste av oss får inn på konto kvar månad til det vi treng, og mange av oss til meir enn det.
Som innbyggjarar i eit av dei rikaste landa i verda kviler det eit stort ansvar på oss, og som kristne er det vår oppgåve å forvalta og å dela. Vi lever ikkje for oss sjølve, men vi er kalla til å bruka oss sjølve og vår rikdom til å tena våre medmenneske, og til å byggja Guds kyrkje på jorda. Bibelen gjev oss tydelege meldingar om dette.
Mange kristne har god struktur på gjevartenesta si, og tiende er ein god tommelfingerregel som gjev fridom for den enkelte, og god støtte til misjons- og kyrkjelydsarbeid. Andre har mindre struktur på gjevartenesta si, og kan gjerne bli utfordra på det.
NMS legg ikkje skjul på at vi treng pengar, og at vi stadig har bruk for meir. Vi har store og ambisiøse mål fordi vi ser at arbeidet vårt nyttar. Men vi er avhengige av pengar.
Foreløpige tal for 2012 viser svikt i innsamla midlar. Vi erfarer at inntektsgrunnlaget vårt er svekka. Vi må difor setja endå større fokus på stabilt inntektsgjevane arbeid, og vi må bli meir frimodige til å be om konkret støtte.  For det finst midlar!
I november var eg på misjonsreis på Madagaskar. Det var flott å oppleva at 350 NMS- kroner kunne brukast til å gje ei ung åleinemor ny kvardag på Madagaskar. Støtte til bakarovn gjorde at ho kunne brødfø seg sjølv og svigerforeldra, pluss tre unge jenter ho hadde i arbeid hos seg. For 350 kr vart ho sett i stand til å betala sine rekningar, og til å hjelpa andre til det same. Det var også meiningsfylt å sjå at 50 000 NMS-kroner, 10% av landsbyutviklingsprosjektet i Marolambo, gjev redusert spedbarns- og barselsdød, at fleire knekkjer lesekoden, at jorda gjev større avlingar og husdyrhelsa blir betre. At kyrkja i byen har blitt for liten, syner at arbeidet vi deltek i også gjev kyrkjevekst.
Det er snart påske! Påske handlar om at rekninga er betalt! Oppgjer og skuldsletting vart på ein underleg og dramatisk måte gjennomført. Det var ikkje med sølv eller gull vi vart frikjøpte, men med Kristi blod, skriv apostelen Peter i 1. Peters brev. Skuldbrevet mot oss vart sletta, skriv Paulus i Kol 2.14. Rekninga for all verdens synder er gjort opp, den vart stempla betalt av Jesus! Dette er den unike bodskapen vi skal formidla ! Ein bodskap til frigjering og oppreisning for menneske i denne verda, ein bodskap som gjev håp og framtid.

 Innlegg er skrive til Misjonstidende sitt påskenummer 2013.

torsdag 21. mars 2013

Treng eit møte med statsråden!

Inga Marte Thorkildsen (foto SV.no)
Eg inviterer meg med dette til eit møte med statsråd Inga Marte Thorkildsen. Målet med møtet er at eg vil at ho skal sjå meg inn i augene og seia at eg valde feil.
Eg har nemlig vore heimearbeidande i 25 år. Fem born har eg stelt med, born som også har gått i barnehage og hatt det fint der, om det skulle vera av interesse! Ho treng ikkje fortelja meg at eg taper pengar på valet mitt, for det veit eg, og eg har naturleg nok visst det sidan statsråden var ei lita jente. Det var difor inga nyhet ho kom med på sjølvaste kvinnedagen, men det er uhøyrt at ho skal fortelja meg via Aftenposten at eg har vald feil! Det må ho få sjå meg inn i augene og fortelja meg!
På møtet skal eg skal fortelja henne enkelt og greit om kvardagen min som heimearbeidande. At eg saman med mannen min har hatt ansvar for borna - at eg har vore fostermor i 18 år, at eg har stelt to funksjonshemma born, at eg har engasjert meg i frivilleg arbeid, fylt stovene med barneforeningsborn annankvar veke gjennom tre ti-år, vore med i skulemusikk og fotballag, delteke i politisk arbeid med medalje frå Kommunenes Sentralforbund endå til! Eg har hatt leiarverv i bispedømeråd og sentalkyrkjelege verv i 8 år, og no er eg landsstyreleiar i NMS  på 5. året. Dersom ho meiner at vi ikkje kan utvikla oss og ha eit meiningsfylt liv ved å velja litt annleis enn regjeringa legg opp til, så blir det faktisk heilt feil!
Men ein ting er vi einige om - eg taper økonomisk og det kan statsråden gjera noko med, faktisk! Så sett i gang Inga Marte - eg er snart pensjonist, så sjå til at eg får ein verdig pensjon!

Så skal eg fortelja henne at eg starta i arbeid utanfor heimen då eg var ca 50, at eg stortrivest som yrkesaktiv i ein alder der mange av mine medsøstre har pensjonert seg.
Men poenget med møtet er altså at eg vil at statsråden skal sjå meg i augene, og sei at eg har vald feil. Eg synes det er dårleg å få ei slik melding via pressa!
Sjølvsagt veit eg at eg ikkje har sendt nok skattekroner inn til felleskassen, men vi kan bruka nokre
minuttar på å laga eit samfunnsrekneskap saman, så skal vi sjå!
Kven som taper økonomisk veit eg!
Det siste eg skal sei henne er at eg gjennom jobben min har blitt kjent med mange flotte KrF-arar som med fordel kan overta jobben hennar til hausten!

PS! Dette skreiv eg 8. mars, men var så pass hissig at eg ikkje vågde å leggja det ut. No har eg redigert litt, og i kveld tør eg!

fredag 8. mars 2013

Kvinnedagen

Eg er kvinne, og er tilfreds med det. I over 60 år har eg levd mitt liv som jente og kvinne, og eg synes livet som kvinne er godt. Då eg var lita hadde eg nok ønskt at det var litt mindre skilnad på gutar og jenter både i leik og alvor. Eg hadde ofte lyst til å leika det same som gutane gjorde, men det var ikkje alltid heilt ok . Det var også litt opprørande å tenkja på at eldste søstra mi var odelsjente fordi vi ikkje fekk nokon bror!  Men vi levde bra med det. Det skal foreldra våre ha ære for. Far sa ofte "kva skal eg med gut når eg har så flinke jenter". Eg vart stolt når han sa det, og vi merka at han meinte det. Så lenge han levde heia han på jentene sine, og framleis når eg står framfor krevande oppgåver så høyrer eg far si stemme inni meg som seier "dette klarar du Kari, berre prøv".
Det er kvinnedagen i dag og vi har fokus på kvinner, likestilling og likeverd. Kampen for kvinner sine likestilte rettar har vore, og er framleis ein viktig kamp. Det er all grunn til å takka dei som har kjempa kampen for likestilling og likeverd i vårt land.
Personleg har eg aldri hatt noko sterkt fokus på kvinnepolitikk. Kanskje fordi eg har vore lokalpolitikar og latt meg inspirera og engasjera av å byggja eit godt lokalsamfunn for alle. Kanskje også fordi eg sjølv har hatt ein trygg identitet, og kjent med verdsett som kvinne på dei aller fleste arenaer der eg har engasjert meg. For meg kan det endå til vera slik at eg har fått verv og tillit nettopp fordi eg er kvinne. Eg ser ikkje bort frå det.
Det som tenner meg til kvinnekamp i dag er å opplever korleis kvinner mange stader rundt i verda har det. Når eg møter jenter og kvinner som så tydeleg ikkje har dei same rettar f eks til skulegang og utdanning som menn, eller at kvinner blir menn sin eigedom, blir utnytta og ikkje har eigne rettar. Då kjenner eg kampvilje og engasjement. Gjennom NMS sitt arbeid for kvinner sine rettar og medverknad i kyrkje og lokalsamfunn rundt i verda, får eg vera med å gjera livet betre for mange kvinner. Det arbeidet er eg stolt over. Eg er stolt over at NMS har "kjønnsperspektiv og kvinner sine rettar" som eit av våre tverrgåande tema i alle prosjekt. Slik er vi på vår måte med å løfta kvinner sitt menneskeverd og sin medverknad.
På reiser til misjonslanda våre har eg erfart at det blir lagt merke til at NMS for tida har ei kvinne som leiar. Mange kvinner eg har møtt har kommentert det, og seier det er til inspirasjon. Eg tenkjer det er bra, men samstundes seier eg tilbake at Norge har ikkje så myke å slå seg på brystet for i høve til kvinner sine rettar, sett i eit litt lengre persektiv. Vi feirer f eks 100 år for kvinners stemmerett i Norge i dag, i 2013!
Ha ein god dag mine medsøstre!

mandag 25. februar 2013

Skrivetørke

I dag skal eg skriva om det at eg ikkje får til å skriva. Eg håpar det hjelper, for eg har noko som må skrivast snart!
Rart dette at orda og tanken ikkje alltid vil vegen ut via tastaturet. Ikkje det at eg lever tankelaust eller manglar ord, det opplevest i alle fall ikkje slik i hovudet mitt. Nei, det surrar ord, tankar og meiningar, tankar til glede og tankar til sut. Tankar eg les om andre sine tankar, og tanker som spinn vidare på det andre seier, ja endå til tankar eg innbiller meg at eg er den første som har tenkt, kan overraska meg. Så då er det er jo berre å skriva.
Men så enkelt er det berre ikkje. Ikkje viss du må skriva, og eg er der at eg MÅ! Om ikkje i dag, så i alle fall i morgon!
I dag er de første vinterferiedagen. Nydeleg vintervårdag med sol på skitne stovevindauge, med sol  over bøar, grantoppar og fjord, ja med sol over alt på Skår. Til og med rett inn på sofaen til den elendige ryggen min som har tenkt å gjera vinterferien litt sur for meg, har den sendt sine varme strålar. Merkeleg forresten det med ryggen, for ryggen min brukar å vera grei den. Eg forstår ikkje kva det er den stressar med no når den kan sleppa både bilsete og kontorstol og berre ha det fint. Det er mulig den tenkjer å minna meg om at "det skal god rygg til å bera gode dagar!" For gode dagar har eg trass i skriveproblem og ein brysom rygg.
Ja, det blir berre dette som kjem på bloggen i kveld og det er skrive med eigenterapeutisk hensikt! Om det fører til at eg får skrive det eg må skriva har eg ikkje blitt overtydd om under denne skriveøkta, men det er i alle høve eit livsteikn frå meg til dykk som seier de saknar nye innlegg på bloggen min (og eg tilstår at det gjer godt for egoet mitt at ein del likar det eg skriv)
Ha ein flott kveld!

mandag 28. januar 2013

Avsporing

Vi likar Tore på sporet! Gripande historiar om menneske som finn sine røter, og som får hjelp til å koma vidare i livet. Programma gjer noko også med oss som ser på, dei viser oss at røter er viktig! At kanskje ikkje alle forsøka blir like vellukka får vi ikkje sjå, men er grunn til tru det.
Kvar vi kjem i frå, kven vi er, kvar vi har våre røter ligg djupt i oss menneske.
Til alle tider har det vore nokon som ikkje har fått visst, mange av dei har levd med eit sakn sjølv om dei har hatt ein god oppvekst. Kjærleik og aksept kan vega opp for mykje, men det djupe spørsmålet -kven er eg - vil liggja der. Difor er det så mange som leitar, og som tek kontakt med ulike "Tore på sporet-instansar".
Det er difor heilt ubegripeleg for meg at vi i vårt samfunn med støtte i norsk lov , skal kunna "skapa" born som ikkje skal få vita kven som er far. At det også pågår ein politisk kamp om rett til eggdonasjon, dvs at ei kvinne kan gje egg til ei anna kvinne, som får egget befrukta og sett inn si livmor, er kanskje endå meir ubegripeleg. Kven blir mor til eit slikt barn?
Det framstår for meg som eit paradoks at vi på den eine sida let oss røra til tårer over dei som endeleg finn sitt biologiske opphav, for så å snu oss trill rundt og meina at det er ok at vi med norsk lov i handa kan skapa born som ikkje skal vita kven som er far, og som får to mødre.
Dette må då vera ei avsporing. Eg er glad for at "Tore på Sporet" har sett det, og gått ut mot denne lovendringa.
Både Ap, SV, FrP og Oslo Høgre går inn for eggdonasjon. KrF og Sp seier nei. Det forventar eg at Høgre sitt landsmøte også seier.

Og så: - Det står i dag stadig fram menneske og grupper som gjer krav på oppreising og ansvarstaking frå samfunn, kyrkje og organisajonar for tap av barndom, livskvalitet og omsorg, og vi blir indignerte over fortida sine val og manglande forståing for borna.
Eg undrast - kven skal stå til ansvar om 30-40 år når dei "foreldrelause" borna vi skaper søkjer sine røter?
At ikkje fleire politiske parti ser dette er for meg uforståeleg. Eg må berre håpa at veljarane ser alvoret i dette.

fredag 11. januar 2013

Kristent kulturarv-vern

Kristen tru og kulturarv er viktig for mange, vi ser det tydeleg både i den offentlege og den private samtalen og debatten for tida. Kyrkja står sentralt som symbol og er formidlar av denne arven, og det verkar naturleg for store delar av den norske folk at slik skal det vera.
Ikkje alle tilhøyrer ei kristen kyrkje, men har eit anna livssyn, og samfunnet skal ta omsyn til det.
Debatten den siste veka etter at Stålsetutvalet har lagt fram si innstilling, viser at dette er ei sak som engasjerer. Eg synest dette er ein løfterik debatt.
Det er løfterikt at vi har ein offentleg, open debatt der vi snakkar om tru og trua sin plass for enkeltmenneske og samfunn. Vi treng ein slik debatt for å løfta fram at tru er ein viktig del av livet, at det er ok å snakka om tru, at det er lov å formidla tru, og at det er lov å skifta tru.
Mange av våre nye landsmenn har eit sterkare trusmedvit enn oss, og dei har sin rett til å leva med si tru også i Norge. Mange av dei er stolte av trua si, og eg tenkjer at vi som kristne har mykje å læra av våre nye landsmenn sitt trusfrimot. Dei fleste av oss plasserer trua inn i eit privat og lukka rom, og mange politikarar arbeider for at samfunnt vårt skal bli livsynsnøytralt.
Samstundes er det mange kristne nordmenn som er urolege for at kristen tru og tusenårig kulturarv skal mista fotfeste i landet, og eg meiner dei gjer det med god grunn.
Det er likevel eit tankekors for meg at vi så lett legg ansvaret for denne forvitringa på andre, og set oss sjølve på sidelinja. Det er så lett å tenkja at det er innvandrarar med andre religionar som er grunnen til avkristninga. Dette er alt for enkelt. Rett nok blir ofte minoritetane sine trusinteresser sett framfor fleirtalet, men det politikarane sine val -  ikkje innvandrarane si skuld!
Difor vil eg meina at det er VI SJØLVE som gradvis har endra kulturarven vår! Det er VI (eg også) som har svikta vår kristne tru, og som har gøymt den inn i eit privat rom. Det er VI som ikkje steller om og vidaredyrkar kristenarven. Litt tabloid kan det seiast slik - vi "dansar rundt gullkalven", og har sett vår lit til pengar og våre mange velferdsrettar, og vi har permitert Gud.
Ein arv som ikkje blir ivaretatt vil tapa sin verdi, og ein kultur som ikkje blir dyrka og stelt om, vil bli historie.
Eg håpar den debatten som går i desse dagar vil føra til eit større medvit og frimod mellom oss ca 80% som definerer oss innanfor den kristne trua i Norge. Vi kan ikkje skulda på våre nye landsmenn,  men vi kan læra av dei. Vi må ta vårt ansvar og frimodig vedkjenna oss vår eiga tru, stå opp for den, og visa kvarandre og nye generasjonar at dette betyr noko for oss. Eg oppfordrar oss til frimodig å ta eigarskap til trua vi definerer oss innanfor. Då ville det ikkje vera fare for forvitring, men kristen tru og kulturarv ville vidareutviklast og bli til glede og tryggleik. At det også vil bli ei meir spennande trusreise er garantert.