onsdag 22. juni 2016

Ja, eg saknar

Ja, eg saknar det unge miljøet eg hadde rundt meg i arbeidet mitt!
Mange dyktige, resurssterke unge som ville noko, og som kunne så mykje.
Dei lærte meg mykje om livet, om samfunnet, trua og verda.

Eg tenkjer på dei mange besøka og samtalane på kontoret mitt. Eg tenkjer på dei friske debattane og latteren rundt lunchbordet, med stor glede.
Vi delte engasjement, drøfta politikk og delte gleder og sorger som livet byr på!
Eg kjenner at eg saknar dette fellesskapet !

Ein ting er sikkert, eg kjente meg avhengig av desse unge, ivrige folka!
Dei dreiv meg vidare - kom med idear og fekk meg til å testa nye arbeidsmåtar. 
Det inspirerte meg! Gav meg energi! Og mykje av jobben min kunne eg faktisk ikkje fått til utan at dei trådde til med hjelp og kompetanse! Det har eg sagt dei, og dei har sagt at det var vinn/vinn! Eg trur på det!

I dag er mange av dei i sving som aktive politikarar i kommune, fylke og Storting. Andre står fram som leiarar eller debattantar som pregar lokalmiljø og samfunn! Mange også som ansvarlege, flotte familiemødre- og fedre! Det er så bra!

I går kveld kom to av desse på besøk til meg! Det var nydeleg! Vi prata og lo - vi diskuterte og delte erfaring, tru og liv, og eg skal leva på dette lenge!
Ungdomane "mine" har blitt vaksne, og eg har kanskje blitt noko slikt eg også, men ungdomar skulle vi alltid hatt rundt oss!

mandag 20. juni 2016

Sommar-regn

Og så kom regnet
og alt vart grått,
vått, hustrig og kaldt

Og eg som skulle stabla ved i dag,
eg slapp fri

Og eg som skulle vaska vindauge i dag,
eg slepp å gjera det

Så bra at regnet kom,
eg hadde bruk for ein roleg innedag

Så bra at regnet kom,
det trongs ei rotbløyte no

Så bra at regnet kom,
brønnen vår er snart tom

Så er vi venner då, ein dag eller to,
regnet og eg
her hjå oss

Ja, kom du gode sommarregn
Vask naturen
Vatna jorda
Fyll brønnen
Stopp eit par dagar
Dra så til andre
som treng deg meir enn oss

For det er mange av dei her i verda,
som treng regnet!
Dei vil synast somme av mine gledesgrunnar er banale,
Og dei har så inderleg rett !

Ca 16 millionar opplever tørkekatastrofe i Etiopia
melder Kirkens Nødhjelp!
For stort til å forstå!

Der trengs du sårt du gode,
livgjevande regn og rotbløyte!

Der vil dei skjøna å takka deg!


tirsdag 7. juni 2016

Andre sin heim

Det er ei brutal handling å
skifta kledning på eit gamalt hus
Vi bryt oss inn
i andre sitt privatliv
- kjennes det som

Fine reir
kunstferdige vokskaker
og skjøre vepsebol
har hatt trygge kår
bak ein gamal kledning

Utan nemneverdige skruplar går vi inn
i heim og matlager
for medskapningar
som har jobba for tilværet
for seg og sine
av same grunn som oss

Liv skal levast
mat skal sikrast
og slekta skal vidareførast
Og sanneleg; dei har ein viktig jobb
å gjera for verda, dei også!

Så kjem det eit brekk-jern
som raserer livsverket
fort og brutalt

Vi hevdar vår rett
vi sikrar vårt hus
Er fornuftige og ansvarlege
menneske
som steller vår heim

Lukkeleg skal eg vera
som får ha hus og heim i fred
Takksam skal eg vera!

Det er nok av dei
mellom menneskeslekta
som opplever det same
med heimen sin
som det humla og svala opplever
her på fredelege Skår
i huset vårt!

Ein ubegripeleg og vond tanke!



mandag 23. mai 2016

Heilt ny i verda!

Ti små fine fingrar
ti små fine tær
strekkjer seg mot verda
seier; eg er her!

To små djupe augo
ser mot verda stor
mykje skal han møta
godt ha far og mor

Liten kropp i verda
menneske så stort
Heilt unik og ekte
skaparverk av beste sort

Sjette blom i kransen
bestemor sin krans
vakraste av alt ho veit
vakraste av alt som fans

torsdag 12. mai 2016

Noko av det eg har

To små barnegraver
ei dobbel foreldregrav 
og to besteforeldregraver
har fått raude og blå blomar i dag

Eg les alle namna
og kjenner at dette er mitt

Det er noko av det som vart meg
og mykje av det som eg gav 

Det er noko av det som eg fekk
og mykje av det som eg mista

Det er noko av det som eg har
og som alltid skal vera mitt

søndag 8. mai 2016

Undring

Så kom alt det grøne
Det eksploderte rundt oss på 8. mai 2016
Dei fantastiske, grøne livskreftene kom og overtok bygda

Kvar kjem dei frå?
Kvar har dei vore?

Staren kom frå landa i sør
Vatnet kom frå skyene
Varmen og lyset frå sola

Men alt dette som kom i dag?
Alt dette grøne?
Kvar kom det frå?

Dei kloke veit svara
Dei truande trur det er Gud

Eg må berre undra meg
sjølv om eg veit om knuppar og røter og fotosyntese
sjølv om eg trur på ein Skapar som skapte og skaper
Eg veit - og eg trur
men undringa skal ingen ta frå meg

tirsdag 3. mai 2016

I vinden

Eg har gått i blåsten og vinden i dag
Gjekk i skogen fordi det er lunt der når vinden morskar seg
Det er fint å stå i granskogen når "vindråsene" kastar seg mellom trea
Eg likar den djupe skogstonen, og det er godt å merka at trea tek støyten
På toppen av lia var det meire nakent, og med det opnare
På fine dagar er det fint der, men i dag var det surt og kaldt og vinden ruska meg

Skogsturen minna meg på noko eg veit, og stadig erfarer
Saman gjev vi kvarande livd!
Saman blir vi sterke!
Eg trivest mellom trea, som eg trivest i flokken som gjev meg ly,
støtte, heiarop og omsorg når det trengs

Til tider har eg kjent vinden på toppen har ruska meg
Då er det nakent og einsamt
Både i det heilt personlege som ingen andre ser, og i det som er synleg
Det er lett å bli riven overende, og det hender eg ramla der
Men noko har hjelpt meg oppatt, og vidare
Himmelen er større og opnare der oppe, har eg erfart

I desse dagar er det mange som står "tett som skogen" rundt dei mange
som står i vinden frå ein avriven rotor vest i havgapet
Men dei står heilt åleine der vinden tek hardast

"Ber børene for kvarandre" seier Skrifta
"Kvar må bera si eiga bør" seier den også

Slik er det å vera medmenneske og menneske under den store himmelen!