fredag 20. mars 2009

Yes !

Tre gode grunnar for at dagen i går vart god:

1. Vi opna NMS gjenbruk i Knarvik - veldig bra! Mykje folk, flott butikk og god stemning. Kreativ misjonsengasjement kallar eg det.

2. Eg opplevde å vera til nytte for innbyggjarar i Masfjorden gjennom møte i formannskapet! Det er ikkje alltid folk gjev uttrykk for takk - det gjorde godt å få det i går!

3. Sola skein på Sandnes, eg var der og fekk sjå det :-)

søndag 15. mars 2009

Sofasesong

Eg les i avisa, og erfarte frå min sofakrok i gårkveld, at sofasesongen har starta - dvs no skal det dreia det seg om fotball- frå faste til advendt...
På sjølvaste lørdagskvelden, midt i beste sendetid vart vi sendt i godstolen, eller i sofakroken, for å sjå på at vaksne mannfolk spring etter ein ball. Fram og tilbake, på vinterslitne baner som ikkje får venta på våren sine krefter, skal dei springa etter denne runde kula av lær . Prestisje, pengar, presse og popularitet håpar spelarar og klubbar på. Eigentleg synes eg fotballen er bra, særleg barne og ungdomsfotballen i lokalmiljøa er bra, (pluss Ole Gunnar S). På fylkesårsmøtet vårt i helga var det ein politikarar som omtala alle trenarar og leiarar for fotballaga som det nye "husmorlaget" fordi dei gjer ein formidabel frivilleg innsats for born og unge. Ikkje eit vondt ord om denne innsatsen skal koma over min munn, eg tenkjer med glede tilbake på mine mange trivelege, kalde, våte timar som heiagjeng på sidelinja når mine håpefulle med "proffdraumar" sprang i sine drakter etter ballen, og eg takkar trenarar og leiarar!
Eg håpar verkeleg at det vart glede i dei tusen heimar som benka seg i sofaen med pizzaen sin, at Lillestrøm og Stabekkspelarar sprang etter ballen på sjølvaste laurdagskvelden. For meg vart det heller ein litt søvndyssande laurdagskveld, for medan eg venta på mine vener frå Aidensfield, så sovna eg......
Kanskje hadde eg godt av det. God fotballsesong - (eg heiar på Sogndal, så er det sagt! :-)

lørdag 21. februar 2009

Skatt for skulemusikken

Skulemusikken betalar 25% moms på notar og instrument - den kommunale musikkskulen slepp. Kirkens bymisjon betalar 25% moms på kaffimaskina si, McDonals slepp. Er dette fornuftig og rettferdig?
Knut Arild Hareide skriv om dette på sin blogg
Er du engasjert i frivilleg arbeid så klikk deg inn og les eit fornuftig innlegg.

torsdag 19. februar 2009

CO2-reinsing og kreftfare

Kanskje såg du Dagsrevyen i går - CO2 reinsing på Mongstad kan medføra kreftrisiko, var den urovekkande meldinga som kom. Lindåsordførar Astrid Aa Byrknes går sterkt og bestemt ut og ivaretek innbyggjarane i Nordhordland sine interesser - vi kan ikkje setja innbyggjarane sitt liv og helse på spel, seier ho og krev informasjon og handling.
I dag melder stortingsrepresentant Laila Dåvøy saka som eit spørsmål til Olje-og energiministeren. To handlekraftige damer frå KrF.
Det er viktig at denne problemstillinga vert avklart.
For KrF er det viktig med CO2 reinsing frå dag ein på Mongstad. Dersom tekniken som skal nyttast fører til helserisiko for oss som bur i området, ja då har Månelandingsprosjektet eit vesentleg probem.
Vi må tru, og vi forventar at det vert ei forsvarleg handtering av desse utfordringane.

lørdag 14. februar 2009

KrF-damer

Eg har nett pakka meg inn med pledd og ullsokkar etter ein heller "våt på beina- kald dag" på stand på Torgalmenningen. Det er Valentin-dag i dag, og KrF hadde aksjon som vanleg. Vi møtte mange trivelege folk, og det å vera på stand med Laila Dåvøy er ei oppleving, ho får kontakt med alle! Det blir godt humør, gode samtalar om politikk og samfunnsutvikling, og ikkje minst samtalar om livet. Det er rusmissbrukaren som ventar på behandlingsopplegg som får seg ein prat og ein varm kaffikopp, det er mannen med Downs syndrom som har sine djupe tankar. Det er fagforeningspersonen som kjenner Laila att frå Sykepleierforbundet, og det er den gamle mannen som har eit brev i lomma frå det offentlege som han ønskjer synspunkt på. Det er dei unge som stiller sine kjappe spørsmål, og born som får balongar med KrF på. Laila lyttar, pratar, noterar, oppmuntrar og smiler og tar saka med seg! Det e så "gøy på stand" seier ho, "eg liker å prate med folk.."
På torsdag hadde Masfjorden KrF årsmøte. Ordførar Astrid Aa Byrknes frå Lindås held tale og ho snakka om m.a. om det å ha enkeltmenneske i sentrum når vi gjer våre vedtak. - Kva konsekvens får det vi gjer for enkeltmenneske må vi alltid spørja,understreka ho.
Kva er politisk arbeid? Kva skal stå att etter oss? Ein veg - ei bru - eit bygg?
Det vert ofte slike ting som er teikn på politisk handlekraft.
Denne veka har eg på nytt fått stadfesta at vår oppgåve som politikarar på alle plan er å leggja tilrette for enkeltmenneske. Det er vanskeleg, det er dyrt og det er nesten umulig. Men tanken på den enkelte må aldri forsvinna i vår politiske aktivitet.
Eg kjenner meg utrulig stolt over dei to flotte KrF-damene eg har fått vera på lag med denne veka. Eg er stolt over både Laila og Astrid, dei er politikarar som får ting til, dei har mot og dei vert lytta til.

søndag 8. februar 2009

Morsdagstankar

Eit spirande frø
endra heile livet
det gav meg ein son
- eg vart mor

To kloke barneauge såg på meg
vi fann kvarandre og livet fekk ny glede
- eg vart mor

Ei smilande tulle strekte armane mot meg
vi høyrde saman, eg kjende meg rik
- eg vart mor

To er gøymt morsdagstanken
Skaparen gløymde eit lite enzym og tida vart alt for kort
- dei er ikkje gløymde
- eg ER mor

Takk til alle fem
Pappa har kokt egg
og blomar er på plass på bordet…
I går hadde eg kontakt med Thailand, Oslo og Bergen
I dag er alle fem i tanken….
God søndag.

lørdag 7. februar 2009

Det er så bra!!

Det er mange ting som gler meg for tida. Mine hovedengsjement i misjon og politikk gjev meg stadig gode påfyll. Lesarane mine har sett det i det siste.
Strilen si torsdagsutgåve gav meg eit av desse positiv påfylla. Synd det ikkje var lenke til oppslaget slik at alle kunne fått lesa det, men det rår jo ikkje eg over.
Oppslaget var med fire flotte masfjordungdomar mellom 20 og 25 år som satsar på bondeyrket i Indre Haugsdalen. Det var så bra å lesa - takk til Silje og Åsmund, Klaus og Hanne Kristin for den positive haldningen de har til heimbygda, til livet med jord, dyr og fjell og at de satsar på dette livet! Eg ønskjer dykk lukke til, de er gode ambasadørar for Masfjorden!