I dag har eg sendt brev til statsråd Kristin Halvorsen. Eg vart så oppmuntra av eit intervju eg las med henne i eit innstikk i BT i helga, og det ville eg gjerne sei til henne. Ho har gitt meg grunn til å tru at ho vil satsa på folkehøgskulen, og eg har minna henne på prosjektet vårt her i Masfjorden. Eg håpar ho les brevet og den fine brosjyra vi har laga, og eg håpar ho gjev oss signalet vi treng for å kunna starta førebuing til å ta i mot elevar, aller helst hausten 2011. Vi snakkar om livskompetanse, vi snakkar om folkehelse og førebygging, vi snakkar om fellesskap og å byggja relasjonar, og vi snakkar om å hindra drop out i vidaregåande skule. Eit år på folkehøgskule er av uvurderleg verdi.
For oss her i Masfjorden vil dette bety ca 70 unge pluss tilsette som kan innta bygda!
For oss her i Masfjorden vil dette bety ca 70 unge pluss tilsette som kan innta bygda!




I misjonen er det slik at vi vil så mykje, vi ser så mange muligheter, vi ser så mange utfordringar og difor vi blir så frustrerte når økonomien set sine nådelause grenser. Det var jo ikkje for å skjera ned på misjonsaktiviteten eg engasjerte meg, det var jo fordi eg ville vidare ut med julebodskapen!! Men eg prøver å festa blikket litt lenger framme - førebur meg på utfordringane vi må gjennom, og når balansen er eit faktum og inntektene aukar då skal vi vidare, endå lenger.