tirsdag 13. april 2010

Tida

Eg har forstått at den positive innfallsvinkelen til tida er at tida kjem, den går ikkje. Det er ein livskunst å tolka tida slik, kjem eg i tankar om i kveld... Med ein del år på nakken etter kvart erfarer eg jo at tida går, fortare og fortare. Det har jo nett har vore ein vår og så er det plutseleg vår att!
Eg elskar våren, har nett tusla rundt Presteneset, kjent sola sin varme, sett tjelden som leitar etter tomt i strandsona, og sett ungdomen som flatar ut på bakken! Ein ny vår, og eg kan konstatera at nok eit år av livet har gått i rekordstor fart!

Nei, eg vil ikkje tenkja at tida rasar avgarde! Eg vil heller tenkja at det er fantastisk at våren kjem, og eg vil møta den! At eg også har mykje å sjå fram til å gle meg til å ta i mot av den tida som kjem, er også godt å tenkja på. Sjølvsagt er det ein del sommarfuglar som skapar uro i magen når eg tenkjer på ein del av dei utfordringane som ventar meg, det får så vera. Slik er livet, men tida kjem - så lenge tida er.

Eigentleg er nok det klokaste eg gjer, å leva dagen i dag.

søndag 7. mars 2010

Stor utfordring

Ja det er ei stor utfordring å få etablert eit fastlandssamband over Masfjorden. Eg er svært glad for kommunestyret si positive mottakting og haldning til vidare arbeid med dette prosjektet. Eg er også svært nøgd med Strilen sin leiar 1. mars. Les den her.
Draumen min er at vi innan ti år har realisert prosjektet!

tirsdag 23. februar 2010

Kristin Halvorsen

I dag har eg sendt brev til statsråd Kristin Halvorsen. Eg vart så oppmuntra av eit intervju eg las med henne i eit innstikk i BT i helga, og det ville eg gjerne sei til henne. Ho har gitt meg grunn til å tru at ho vil satsa på folkehøgskulen, og eg har minna henne på prosjektet vårt her i Masfjorden. Eg håpar ho les brevet og den fine brosjyra vi har laga, og eg håpar ho gjev oss signalet vi treng for å kunna starta førebuing til å ta i mot elevar, aller helst hausten 2011.
Vi snakkar om livskompetanse, vi snakkar om folkehelse og førebygging, vi snakkar om fellesskap og å byggja relasjonar, og vi snakkar om å hindra drop out i vidaregåande skule. Eit år på folkehøgskule er av uvurderleg verdi.
For oss her i Masfjorden vil dette bety ca 70 unge pluss tilsette som kan innta bygda!

Masfjordbru

Eg har fått fornya tru på at vi skal lukkast i å få bru over Masfjorden. Dei siste vekene har vi hatt fokus på dette, og det er med stor interesse eg registrerar at det er fleire enn eg som har tru på dette (og det er jo i høgste grad nødvendig at vi er mange :-)
Til våren blir dei seismiske undersøkingane i fjorden gjort, og ut frå resultatet av dette vil vi kunna gå vidare med planlegginga. Mykje målretta arbeid lyt gjerast, og mange gode samarbeidspartar må vi ha for at brua kan stå ferdig seinast i 2020.
Eg ser fram til at kommunestyret skal drøfta framdrift for dette arbeidet på torsdag. Slik eg ser det vil dette vera det største samfunnsutviklingsprosjektet nord om Fensfjorden dei neste ti åra.

søndag 7. februar 2010

Kommunestruktur

Debatten om storkommune i Nordhordland er tilbake og den vil koma sterkare etter kvart. Vi gjer klokt i å tenkja gjennom dette, og saman våga å drøfta om dette er ei god løysing for dei tenestene innbyggjarane i kommunane har krav på. Slik eg ser det er det ikkje eit opplagt svar på denne problemstillinga, eg har vel heller ikkje tenkt gjennom alle konsekvensane.

Kva er dei viktigaste føresetnadane for at ein kommune framleis kan vera ein kommune?

Eg har tre hovedmoment:
1) At kommunen har ein forsvarleg økonomi
2) At vi har tilgang på god kompetanse på dei tenestene innbyggjarane har krav på
3) At kommunen utviklar seg og har vilje til endring

Desse punkta oppfyller Masfjorden kommune og difor ser eg ikkje at samanslåing hastar.
Men det er ingen tvil om at Samhandlingsreforma vil forsterka samanslåingsdebatten. Dei store oppgåvene i helsetenestene som kommunane får ansvar for innanfor førebygging, rehabilitering og oppfylging av pasientar krev regionalt samarbeid. Kommunestyret i Masfjorden skal få orientering om denne saka i kommunestyremøte 25. febr.
Interkommunalt samarbeid er viktig og dette har vi lang og tildels god erfaring med i Nordhordland. Utstrakt grad av samarbeid er likevel demokratisk krevjande og til tider tungrodd. Dette må også vurderast i samanslåingsdebatten.
Vi bør våga debatten og å ta den utan at konklusjonen er gjeve på førehand, Våga vega pluss og minus og ut frå ein slik debatt koma fram til ein god konklusjon.

onsdag 3. februar 2010

Ein god tirsdag

Gårsdagen vart ein flott tirsdag! Dagen starta med tur til Bergen på kurs i Planlov saman med formannsakapsmedlem Vigdis Søvik. Kurset var nyttig og lærerikt, og det å få tid til å prata saman med ein god politikarkollega var nyttig, og ikkje minst kjekt. Det blir for lite tid til uformelle samtalar når ferja alltid går med det same klubba fell....
Om ettermiddagen hadde vi eit svært interessant møte mellom formannskapet, Masfjorden næringsråd, representant frå Wergeland-Halsvik og fylkesordførar Torill S Nyborg. Vi drøfta samferdsleutfordringar i Masfjorden, og her er det nok å ta av. Eg har fått fornya tru på at brua over Masfjorden kjem!
Dagen slutta med årsmøte i Masfjorden KrF i helselagsstova på Hosteland. Det var ei oppmuntring av dei store, og mismodstankar om uro i KrF fordufta i samtale og debatt med dei som var der. Masfjordingar er kloke og fornuftige folk, og KrF har ein flott gjeng som eg med gled representerer i kommunen. Eg er overtydd om at heile partileiinga i KrF hadde fått mot om dei hadde vore saman med oss i går.

mandag 1. februar 2010

Mandagstankar


Eg veit ikkje kva eg skal skriva
men let berre fingrane gå
Vil eg så kan eg det sletta
vil eg så kan det få stå
Det er jo det store med denne maskin
som står her på bordet med skjermen som skin.
Så kom alle tankar som inni meg vankar
ja kom berre fram ei maskin her dykk sankar
ho gjer dykk så klåre
det blir mest ein fåre
For kven skal vel meina og tenkja og tru
det meste blir feil, og det skjønar nok DU