søndag 10. april 2016

Aprilstrålar

Å sitja på steinen på høge topp
la tankar og kjenser få vengjer
Høyra på våryre fuglesong
kjenna seg takksam for det som kom
Då er det godt på steinen

Å tusla langs vegen, langs gamle spor
kjenna at her er du heime
Sjå liten kvitveis og hestehov
finn vegen mot lyset og kjenner seg stor  
Då er det fint langs vegen

Å sitja i solvegg med teppe på
nyta dei første strålar
Smaka på kaffi frå kaffikopp
kjenna det varmar ein frostig kropp
Då er det vår i veggen


tirsdag 15. mars 2016

Solsong i mars

Om eg var den hardpakka snøen i dag
så ville eg takka for sola
Eg ville takka for varmen som tina meg vekk
som trylla meg om til ein sprudlande bekk
- Det ville eg sanneleg gjera

Om eg var ei kjøttmeis i skogen i dag
så ville eg takka for sola
Eg ville flydd opp til den øverste grein
og utan sordin sunge songen så rein
- Det ville eg sanneleg gjera

Om eg var den mørkaste granskog i dag
så ville takka for sola
Eg ville meg skapt til ein skogskatedral
sendt lys mellom greiner til stien din smal
- Det ville eg sanneleg gjera 

Om eg var ein skogsvandar frostig og tung
så ville eg takka for sola
Eg ville gått opp til den høgaste nut
og kasta mot himlen kvar glede og sut
- Ja, det skal eg sanneleg gjera!

mandag 29. februar 2016

Er gamle dager i dag?

- Er gamle dager i dag, spør vår nyslåtte 6-åring ved frukostbordet.
Vi har snakka om korleis det var då pappa var liten, og så vart det lagt til
- du kjem til å fortelja korleis det var når du var liten til dine born, når du blir pappa!
Det er då den kvikke lysluggen snur hovudet raskt opp frå kornblandinga og spør - er gamle dager i dag?
Eit godt spørsmål som bestemora ikkje får ut av hovudet - "er gamle dager i dag?"

Tida er samansett av dyrebare sekund. Sekund som aldri kjem tilbake.
Dei trillar avgarde og blir til historie.
I første omgang til gamle sekund, så blir det fort ein gamal dag og eit gamalt år av det.
Vi lagar historie - dagen i dag blir fort "gamle dagar",

Det er det som skjedde ved frukostbordet denne morgonen seksåringen ser for seg at det skal forteljast om når han blir pappa. Difor har han rett, dagen i dag blir gamle dagar.

Vi blir dregen framover - tida lever sitt liv og formar vårt.
Mange av spora vi set i dag blir fort utviska i tidssanden.
Mange vil liggja i minnet som skattar og perler til livsmot og utvikling.
Somme vil liggja som sår det er vondt å røra ved.
Men alle sekunda gjer oss til den vi er - gjer oss til det vi vil fortelja om, eller det vi helst vil gløyma.

Bestemorsønskje- og trua er at den kjappe lysluggen vil ha mykje godt å fortelja når det er hans tur til å opna minnesekken frå gamledagane sine.

tirsdag 16. februar 2016

Den grå timen

Når vinden ular og himmelen er grå
då likar eg ikkje skumringstimen

Trea ser redde ut og
haugane krummar ryggen

Fjorden blir morsk
farleg og kald

Eg burde oversjå den grå timen
la den leva sitt eige liv der ute

Den grå timen er vemodet sin time
Den er ikkje timen min

onsdag 27. januar 2016

Strykejern og vaffelhjarte

Fine damer, enkelte i fargerike kjolar. Gode smil bak spente, spørjande andlet.
Vi gjev kvarandre ein god god-morgon klem, og eg prøver å hugsa namn som kling uvandt i munnen min.
I dag skal vi på butikkloftet for språktrening kombinert med arbeid desse kvinnene kan; stryka klede og laga mat.
Det er ikkje så lett å sei ordet "stryka" - Y-en vil ikkje passa heilt i munnen. Dei prøver på nytt og på nytt medan strykejernet går rutinert over gardinene.
På butikkloftskjøkkenet står ei ung, kvikk dame. Ho steikjer vaflar og har gule lappar på bordet og på veggen. "Jeg lager vafler" står det. Læraren som er med dei pratar, underviser, oppmuntrar og skriv på gule lappar. "Jeg lager vafler", seier dama.
Det er god stemning på butikkloftet, men det slår meg kor strevsamt det må vera med minimale lese- og skrivekunnskap å skulle læra eit heilt nytt språk. Godt at eg i det minste kan sei, og har ete "indjera"! At eg i det minste kan sei at eg har vore i Asmara og Keren, og at eg har vore på marknaden deira, og veit at der kan dei "pruta". Det nyttar ikkje i NMS- butikken :-)
Så har dei altså hamna her i vårt lokalmiljø - har med seg ein kultur vi ikkje kjenner, og er prega av opplevingar vi ikkje kan forstå. Latteren i Kaffikroken når kundane kom, prata og lo og smaka på vaflane, kjennes framleis som ei sitrande glede.
Godt å vera eit gjenbrukt medmenneske i NMS-butikken!

mandag 18. januar 2016

Froststille

Froststille
Berre lyden av knasande snø
under føtene mine

Lufta
Lyset
Sola
Snøen
Fjorden
Fuglane
Trea
Skuggen min, og eg

Eg uroar
Fuglane fyk opp der eg kjem
Snøen får fotefar der eg går

Forfedrane sine merke er her;
- Dyrka mark
- Gråsteinsmurar
- Granskog
- Gamle hus og
   kjerrevegar

Fjorden har eit florlett isteppe
Trea står som støypte
Ikkje eit vindrag
Fuglane flyg stille
Skuggen min er taus
Alt er froststille

Berre eg bryt stilla
når snøen knasar
under føtene mine

Eg kjenner at eg lever!

torsdag 14. januar 2016

Lys mellom stammane

Står i vindauga i skumringstimen
Ventar
Alltid ser det mørkare ut ute - når du står inne
Ventar på traktorlys i skogkanten, eg

Å sjå dei dukka opp
er kvardagslukke på høgt nivå

Ventar eg for lenge
er det ikkje lukke
men lette som er ordet
for lys mellom stammane