tirsdag 9. juni 2009

"Forlokkande stunder"

"Det var store forlokkande stunder når ein stakkar på krambua kom og fekk oppleva under på under i ei verd som visst aldri vart tom"
Dette er Jakob Sande sine ord lagt i vesleguten sinn munn, vesleguten som hadde så inderleg lyst på ein "oppsala trehest på hjul" men som opplevde at kronene ikkje strakk til, og som kjende den botnlause sorga då "sjølvaste prestegardsfrua" kom "siglande "inn på krambua og for med hesten rett framfor augo hans.
Eg opplevde ei stor stund i Jakob si bestefarsstove på søndag. Eg fekk sitja i over to timar å lytta til dikt, songar og historiar frå "ei verd som visst aldri vart tom" frå denne folkelege diktaren sin produksjon. Han som kjempa småkårsfolka sin kamp, han som med stor ordkunst, harmdirrande ironi, og vare mjuke setningar skildra livet til det folket eg kjenner meg så i slekt med. Eg sat med klump i halsen, tårer i auga og smil om munnen. På meisterleg måte klarar Sande å henta fram alt dette på same tid.
Eg ville gjerne vera ein talsperson for dei som lir urett, men eg kjenner at eg ikkje blir ein truverdig talsperson - eg er bokstavleg talt "prestegardsfrua" som kjem "siglande". Eg er ein representant for makta... Det er ikkje enkelt å vera truverdig, det var det kanskje ikkje for Jakob Sande heller alltid, som om det skulle vera noko trøyst.
Takk til mine gode veninner som gav med denne stunda. Flott å oppleva det saman med dykk, eg takkar dykk så heilhjarta for ei vellukka 60-årsgåva!
Dette var stort for meg - det var som om "Gud held fest i Fjaler" for MEG denne søndagen.
- Og - gjev eg lærer.....

Ingen kommentarer: