fredag 19. juni 2009

Kyrkjedemokrati

Kyrkjedemokratiet er lite verd. I dag igjen utnemner Giske ein annan biskop enn den kyrkjedemokratiet har bedt om å få. Det opplevest frustrerande. Det store engasjementet og grundige arbeidet som har blitt nedlagt av sokneråd, bispedømeråd, biskopar og kyrkjeråd vert sett til side av statsråden. Det er vanskeleg å akseptera, men slett ikkje overraskande. Nok ein gong overstyrer Giske og homofilisaka er grunnen, noko anna svar er ikkje forståeleg.
Både Aano og Pettersen har solid leiarerfaring, god teologisk kompetanse og internasjonal erfaring frå misjonsteneste. Begge er dyktige forkynnarar og gode leiarar. Skilnaden er at kyrkja ønskte Kjetil Aano som biskop i Stavanger, og då burde det blitt slik. Eg vil tru at dei mange i kyrkja som har vore med i prosessen er folk med både dømmekraft og innsikt i kva som tener kyrkja i Stavanger best. Eg seier ikkje at Erling Pettersen ikkje har fått eit kyrkjeleg votum, men det var ikkje han kyrkja peika ut denne gongen. Det er det som er saka og det er uforståeleg at ikkje Giske skjønar det.
Personleg er eg slett ikkje lei for at NMS framleis får ha Kjetil Aano som generalsekretær, han gjer ein svært god jobb og det er ei glede å samarbeida med han. Slik sett kunne eg la vera å engasjera meg fordi eg får ei utfordring mindre når vi slepp å finna ny generalsekretær. Likevel, han skulle blitt biskop!
Men makta har tala og eg ønskjer Erling lukke til som biskop, og eg ser fram til vidare godt samarbeid med deg Kjetil i NMS!

Ingen kommentarer: