lørdag 29. august 2009

Valtest

Eg har testa ein del valguidar på nettet denne valkampen og det har vore ei artig oppleving. Eg meiner eg ein rimeleg trygg KrF-ar, har kjedelig nok aldri stemt noko anna enn KrF, men eg har hatt moro av å testa litt likevel. Det pussige har vore at eg ikkje alltid har blitt KrF-ar på desse testane og det synes eg aktisk er heilt greit.
At eg har blitt både SV-ar og Venstreveljar kan fortelja meg at testane ikkje er heilt gode (og det er dei jo ikkje), men det kan også fortelja meg at det ikkje er noko parti som er best for meg på alle plan.
Men det blir KrF i år også, eg er 100% trygg på det.

Her er mine tre viktigaste grunnar for å velja KrF:
1. Menneskeverdet - retten til liv frå første celledeling til naturleg død
2. Familien som grunncelle i samfunnet
3. Eit samfunn med plass for alle

Desse sakene er viktige for meg, og ingen andre parti gjev betre svar på desse sakene enn KrF.

Godt at det er mange som jobbar for å formidla denne politikken også i denne alkampen!

2 kommentarer:

Audhild sa...

Halloen Kari
Eg kjenner meg igjen i det du skriv om valtestar, men Krf-verdiane er det vigtigaste for meg og. Lukke til med valkampinnspurten, Heia KRF!

Kari Skår Sørheim sa...

Ja, heia KrF!