lørdag 8. august 2009

Lotteriproblem

Loddsal har alltid fylgd misjonsarbeidet i Norge, kanskje var det endåtil misjonsforeiningane som var dei første som var ute med loddboka her i landet. Foreiningar og kyrkjer har seld lodd for å få pengar til misjonsarbeidet i alle år. Det er med stor undring vi ser at Lotteritilsynet vurderer å avslå søknaden frå Kristiansand frikyrkje om løyve til loddsal. Grunngjevinga er at det etter lova berre kan seljast lodd til humanitært arbeid, ikkje evangeliserande. Dette vitnar om at misjonskunnskapen er sterkt svekka der lover blir laga og forvalta. - Historielaust, seier Dagrun Eriksen, og det har ho heilt rett i.
I misjonsarbeidet går evangelisering, humanitært- og utviklingsarbeid hand i hand. Det er greit og rett at vi i høve til offentlege midlar, har klare avgrensingar og tydelege prosjekt, slik dette fungerar i misjonsorganisasjonane. Når det gjeld kva vi som foreiningar eller kyrkjelydar samlar inn gjennom f eks loddsal, er det ganske urovekkjande dersom Lotteritilsynet skal setja grenser for kva dei innsamla midlane skal nyttast til. Det er bra med eit tilsyn som ser til at lotteri går rett for seg, men det det må ikkje gløymast at det er frivilleg å kjøpa lodd, og alle som sel lodd for misjonen skal ha respekt for dei som seier nei takk fordi dei er imot evangelieformidling.
Å driva misjon er faktisk eit heilt legetimt arbeid. Det har sitt oppdrag frå Jesus og det er drivkrafta vår, men det er også nedfelt i Menneskerettane! Vi må ikkje gløyma det, det er slett ikkje ulovleg verksemd!
Vi må bli spart for "misjonsfobi" i landet vårt. Vi som driv aktivt misjonsarbeid utfører arbeidet med stor respekt for andre menneske si tru og overtyding, men vi har eit oppdrag og vi må sleppa bli sett på som "tvilsame" når vi gjer noko vi trur er rett, og som vi har full rett til.
Mitt tips er at Lotteritilsynet ser dette raskt, og at Kristiansand frikyrkje kan starta eit godkjent lotteri! Noko anna vil gjera Norge til eit trang samfunn.

Ingen kommentarer: