torsdag 11. november 2010

Lukke til Marit

Marit Steinestø har blitt ny varaordførar i Masfjorden ! Eg synes det er spennande at ho får denne muligheten, og eg er overtydd om at det går bra. Det er fleire grunnar til at eg trur dette går bra for Marit har lang erfaring frå Masfjordpolitikken, og ho har evne til å tenkja politisk. Ho har også engasjement og driv i seg til å finna løysingar for saker innbyggjarane synes er viktig, og det er ein god eigenskap. I tillegg har ho eit aktivt lokalt KrF i ryggen, det viste Masfjorden KrF i gårkveld då ca 30 av ca 45 medlemar stillte på medlemsfest, ei flott fest som Marit leia på ein god og trygg måte.
Når ho i dag også får meldinga om at KrF sin Knut Arild Hareide seier ja til å bli leiarkandidat i partiet hennar, ja då trur eg ho får seg ein ekstra inspirera for partiet som har satsa på henne. Lukke til Marit

1 kommentar:

Helge sa...

Eg ynskjer Marit lykke til i det nye vervet.