mandag 21. mars 2011

Bygg oss ei blokk

Eg hugsar ein gong då eg på barneforening på Sandnes fortalde om folketettleiken i høgblokkene i Hong Kong, at ein gut tok opp handa og sa: "Tenk om vi hadde hatt ei slik blokk i Masfjorden, då hadde vi hatt plass til alle i den." Det hadde vore effektivt det! Kva skal vi eigentleg med 558 km2 når vi berre er 1670 sjeler i denne kommunen, f eks ? Vi kunne hatt ein skule, ein barnehage, eit butikksenter, ei kyrkje, ja berre eitt av alt. Effektivt. Så kunne hyttefolka hatt alt det andre, turistane og feriefolka frå Bergen og Oslo, og andre lønsame byar, Eller vi kunne rett og slett kutta ut det vi ikkje brukte, sette eit høgt gjerde rundt så vi ikkje såg det ein gong, og lete det bli villmark med urskog og jungel og det som berte måtte vera.
Det er visst slik mange tenkjer. Eg les at byrådsleiaren i Oslo synes distriktssubsidier er feilforvalta pengar, og at Statistisk sentralbyrå seier det er naturleg at bygder dør ut. Det er ikkje samfunnsøkonomisk at vi bur så spreidt lenger. Vi er ein uøkonomisk belastning vi som bur i bygdene. Vi er lite nyttige, med mindre vi har hyttetomtar til sals i kommunar med løyve til hyttepalass på fjellet. Eller om vi har lange urørte strandlinjer som berre lengtar etter kapitalen si boremaskin som kan sprengja plass til sklibane rett frå soverommet og ut i den salte sjøen.

Men bu der? Det er ulønsamt. Sjølvsagt vert det ulønsamt når vi ikkje vil at det skal løna seg.
Nei, plassèr oss alle i blokk, vi få millionane som bur i Norge, men plasser oss ikkje i Norge. Det er då så usentralt! Plasser oss i Kina eller i USA, dei vil ikkje merka at vi kom ein gong. Eller plasser oss i Brussel og gjev oss nokre euro i handa. Kvifor skal vi bu i Norge?

Det er visst slik vi vil ha det, også vi som bur i desse områda. Vi stemmer på FrP, Høgre og Ap. Sentrumspartia som har mykje fokus på distrikt, taper i bygdenorge også. Så får vi ha det slik då, det er ikkje verst for meg, gamal bestemor som eg er. Men dette er verst for dei som skal bli kjent med naturen frå TV, bøker, altankasse og dyrepark, og som skal sjå månen og stjernene kjempa om plassen mellom neonlysa og blinkande reklameskilt.

Seriøst?? Godt å få sagt det :-)

1 kommentar:

Audhild E. sa...

Hei Kari. Du kjem med kloke tankar på bloggen din, som vanleg, det er tankevekkjande det du skriv her. :-)