torsdag 16. juni 2011

Søstre

Godt ein ikkje er åleine i verda. Heldig er eg som har familie, ein rimeleg stor familie, ja ein veldig stor familie dersom vi går langt nok bakover. Trist forresten at familiane blir mindre og mindre etter som åra går og generasjonane skifter.
I kveld vil eg skriva ei lita lovprisning til søstrene mine. Korleis hadde livet vore utan dei? Eg hadde vore einebarn i alle fall, og hadde gått glipp av mykje omsorg, hjelp og ærlege tilbakemeldingar.
Eg har ei storesøster og ei veslesøster, og den omsorga dei viser den mellomste søstera er strålande.Telefonar, sms-ar kjem når utfordringa krev litt av den mellomste. Eg kan ringja og eg veit at eg møter engasjement og omsorg. Kos går det ? eg tenkjer på deg - bra dette Kari! - eller var no dette så lurt ? kanskje du heller skulle? og ikkje minst; - no må du roa deg.
Eller som i dag då storesøstera, som veit at den mellomste mislikar sterkt å handla klær, seier i telefonen: Kari, eg har noko du kan få i dag, kom innom! Og så får eg eit nydeleg sett med klær, til og med slike klær som eg kan møta misjonsfolket med om eit par veker - ei sut mindre og eg blir ganske fin!
Eg takkar for søstrene mine! Dei er tolmodige med meg, og eg her den heldige søstera i midten!

2 kommentarer:

Marit Elisebet Høines Totland sa...

Ein rikdom å ha systre.
Ein bror i tillegg, skader heller ikkje.

Å miste kontakten med sine eigne grunna "dumme verdslege ting" som konflikter,arv o.l., synest derfor for meg å vera uendeleg vondt,- uerstattelege verdiar er då borte.

Anonym sa...

Dette var no reint rørande å lesa for storesystra. Eg er og glad for å ha to gode systre. Vi må fortsetje med å dela gleder og sorger, ja også praktiske utfordringar...
Klem frå Ingvild