søndag 12. juni 2011

Ein kopp kultur

Gamle koppar innheld mykje kultur. Eg har hatt interesse av å samla på gamle kvardagskoppar, og i hytteveggen fylles det opp etter kvart. I det siste har eg "spissa" denne hobbyen til å gjelda koppar frå forsamlingshus og lag og organisasjonar. I dag kom Knut heim frå Frøyset og hadde med seg ein fin kopp frå Hosteland Bondekvinnelag. Den har eg ynskt meg lenge, og eg takkar Henrikke Ynnesdal som har skaffa meg den. Du ser den til venstre saman med den flotte koppen frå bedehuset på Andvik.
Slike koppar er for meg symbol på kultur, fellesskap og engasjement. Bondekvinnene på Hosteland samlast for å få fellesskap og for å læra av kvarandre som bondekvinner. Det er ikkje velfriserte hender med lilla neglelakk som har ført desse koppane til munnen. Nei, det er reinvaska arbeidshender med hard hud og snev av fjøslukt som har fått den velgjerande kaffidråpen dit den skulle. Eg ser det for meg og kjenner meg andektig.
Andektig blir eg også av bedehuskoppen frå Andvik. Den har gjeve mang ein god dråpe til folket i bygda der, også til meg. Om det er samling om Bibel og bøn, julefest eller misjonsbasar, kaffikoppen gjer godt og styrkjer fellesskapet.
Koppane blir for meg symbol på frivilleg aktivitet og engasjement. Symbol på samhald og fellesskap. I Masfjorden er det mange slike koppar - eg har ein del av dei. Målet mitt er å få frå alle bygdene. Kvifor? Fordi dei er symbol på viktige verdiar i desse bygdene eg kjenner meg så knytta til, og fordi dei minner meg om mange strålande menneske som har kokt kaffi og drukke den saman fordi dei hadde eit engasjement! Ikeakoppar og plastkrus tek lett over for den gamle med namn på. Det får så vera, det viktigaste er engasjementet!

1 kommentar:

Sondre sa...

Utrolig godt skrevet: "Det er ikkje velfriserte hender med lilla neglelakk som har ført desse koppane til munnen. Nei, det er reinvaska arbeidshender med hard hud og snev av fjøslukt som har fått den velgjerande kaffidråpen dit den skulle."