fredag 5. august 2011

Ny mobil ?

Gradvis har det kome snikande ein tanke som eg kanskje ikkje kjem til å klara å kvitta meg med før eg har gjort noko med den. Før eg rett og slett har gjort tanke til handling.
Eg er bitte litt usikker på om eg likar denne tanken, eller om det nettopp er det eg gjer. Likar eg eigentleg ganske godt at eg har oppdaga svakhetsteikn på min ikkje så alt for gamle, men likevel så alt for gamaldagse Nokia eit eller anna? Eg skal vera ærleg - eg likar det! Det er berre å tilstå det, eg likar svakhetsteikna litt for godt. Og med dette er det altså sagt -  eg ønskjer meg ein slik moderne, slank, flat, stilig, svart, touchtelefon med stor skjerm eg også! Eg har faktisk teke til å tenkja at eg BØR og MÅ ha ein slik telefon! Det er jo ingen andre av dei eg jobbar med eller er saman med (nesten) som set og trykkjer og blar på den måten som eg gjer lenger! Og ALLE les jo aviser, er på mail og på facebook på mobilen. Kan eg verkeleg fungera i jobben min utan ein slik telefon? Eg kjenner meg faktisk litt antikvarisk her eg går med den grå mobilen min.

Men så kjem innvendingane:
- treng eg eigentleg ny mobil, er problemet med den gamle så stort?
- orkar eg å bli kjent med endå ein ny telefon? det blir jo så mykje nytt å setja seg inn i (i tillegg til mine to nye høyreapparat- phu)
- er mann, born og kollegaer villege til å oppptre som  mobilstøttekontakt for meg nokre veker?
- er det lurt å skifta rett før ei hektisk tid på jobb? det er jo valkamp snart og tenk om eg ikkje får til å svara når Knut Arild ringjer?
Godt det er helg så eg får tenkt meg om, men ingen skal få meg til å sei at dei ikkje er stilige og freistande desse nye flate maskinene.

6 kommentarer:

Anonym sa...

Då er me to som har tenkt tanken!
Inger J

Kristi Rydland sa...

Finn du ein brukande ein som er lett å betjena, så sei ifrå. Eg burde vera på leiting etter ein eg og.

Kari Skår Sørheim sa...

Tippar det kjem ei melding frå meg her eller der, dersom om så framt i fall eg fell for freistinga og skaffar meg ein ny!

Kolbjørn sa...

Tenk miljø Kari. Det er ei form for foruensing å kjøpa nytt berre for å vera "upp to date". Men eg skjønar tanken. Har den sjølv,men den gamle fungerar fint til å senda tekstmeldingar og å ringja med, og det er jo derfor eg har den. Ja, så kan eg gå på fjesboka med den. Ein ny slik flat vil berre "stela" meir av tida mi

Kari Skår Sørheim sa...

Enig Kolbjørn,eg vil vera miljøvenleg og eg kjempar mot å vera "upp to date", men når den "gamle" viser trøtthetsteikn så er jo saka litt annleis- håpar eg...

Ingvild Skår sa...

Skulle du falla for freistinga, kan eg gjerne overta den "gamle". Min er nemleg mykje verre enn din. Men elles støttar eg innlegget til Kolbjørn