søndag 30. oktober 2011

Eit gamalt brev

I går fekk eg i hende eit gamalt brev, skrive av mor. Det var eit takkebrev frå henne til mor og søstre for julegåver. Det var kjekt å lesa, eg kjende att mor mi, og brevet var godt skrive.
Mor hadde fått ei skei, - den kom no så heilt uventa, eg hadde ikkje venta å få noko, men festleg var det, skriv ho. Kanskje var det skeia eg skreiv om ho fekk jula 1950? Eg vil lika å tru det. -  Ho Kari, og det var meg som toåring det, fekk ei dokke i eit badekar og "vart heilt begeistra", skriv mor. "Dal e dokko mi" ropte ho oppatt og oppatt, seier brevet. Det trur eg på, ho Kari kan bli begeistra framleis.
Så fortel ho om sokkar og labbar, lommetørkle, ein kakeboks, seks nysølvskeier frå svigermora, og at han Åsmund(far) hadde kjøpt henne ei kaffikanne! Kjekt å lesa. Mor verkar så glad.
Så skriv ho om kvardagen sin, om at ho burde fått hjelp til å sy klede til oss jentene. "Ingvild går i det blå foldeskjørtet både søndag og kvardag", les eg. Søstrene hennar var flinke til å sy, og ho hadde bruk for hjelp til å sy om konfirmasjonskåpa si til kåpe til søstra mi, skriv ho. Ho hadde ikkje mot til å gjera det åleine. Mor var alltid redd for å setja saksa i stoffet i frykt for at ho klypte feil og spolerte stoffet. Eg hugsar far måtte trå til å tenkja saman med henne. Det minnet kom no medan eg skriv.
Artig var det også å lesa kva ho fortel om Ingvild, som då var 5 år. - "Ingvild skriv så fælt om dagane, det er berre bokstavar det går i og no set ho her og tyt om at ho må få skriva namnet sitt på brevet". Og så står det INGVILD med slike bokstavar som alle femåringar skriv, sjarmerande!
Vidare skriv ho om at ho håpar silda kjem snart slik at far kan få seg ekstra arbeid i Marikoven. Gjelda må betalast. 1700 kr skal betalast i februar, står det. Mykje pengar det. Og så skriv ho at ho håpar at "du mor vil koma når han Åsmund reiser på sildarbeid". Mor likte ikkje å vera åleine med born og fjøs. Eg skjønar henne, og hugsar med glede når bestemor Hopland (som vi kalla henne)kom med sitt milde vesen og sine gode, oppmuntrande ord. Bestemor sa alltid at vi jentene var så fine, og at mor var så flink å stella med oss. Det sådde noko godt i småjentene, vi vart stolte av mor vår! Bestemor var ei flott mor til 12, og bestemor til mange...
Det er rart, og det er godt å lesa dette. Glede over sokkar og labbar, ei skei og ei kaffikanne. Sut for å få klede til borna, og håp om at silda, ekstrainntekt og bestemor skal koma. Sut for det daglege, og glede over det enkle.
Mor og far klarte seg, og dei hadde familie som trødde til med hjelp når det trongs. Ein stor familie, sjølv om mor si slekt var heilt borte på Frekhaug! Det var langt dit den gongen, fram og tilbake på ein dag var ikkje lett å gjennomføra - i dag brukar vi 15 min.
Verda, og tida har endra seg. Mykje til det betre, noko til det som er mindre godt. Sut for det daglege kjenner vi alle, og mange unge strevar med å få endane til å møtast, og til å finna sin plass i familie og kvardag. Glede over det enkle kjenner både små og store i dag også, det ser og opplever eg stadig! Likevel, eg er trur dei små gledene varer kortare enn for 60 år sidan. Vi er stadig på jakt etter nytt og reklamen skaper behov for stadig nye ting. Likevel, jakta på nye kortvarige gleder gjer oss neppe lukkelegare enn det mor og småjentene hennar vart for fine lommetørkle, ei kaffikanne og ei lita dokke jula 1950.
(Biletet: bestemor Hopland)

Ingen kommentarer: