søndag 1. januar 2012

Knerten og Det Nye Året

Etter at eg for ca 30 år sidan las  Knertenbøkene oppatt og oppatt til ein liten kar som hadde oppdaga at Knerten var eit triveleg liten trepinne, har eg på nyttårsdagane ofte tenkt på Knerten og Lillebror sin dramatiske, men likevel vakre nyttårshistorie.

Ein tidleg nyttårsdagsmorgon medan dei andre sov, la Lillebror og Knerten  ut på si vandring  for å leita etter det nye året, og til si store forundring fann dei det - på kyrkjetrappa. Ja, det måtte vera det nye året dei fann, det meinte dei begge, og så forundra blei dei over det dei fann at dei like godt kalla funnet for Forundringspakka! Godt innpakka, liggjande kyrkjetrappa, fann dei ein liten baby, ei lita jente som ei fortvila ung mor hadde lagt der for at nokon gode folk skulle finna henne og stella godt med henne. Ein rørande historie som enda så godt for både Lillemamma, Lillebror og Knerten!

Det er mykje i verda som er vanskeleg for så mange. Slik var det også for "Lillemammaen" som la veslejenta si på kyrkjetrappa på sjølvaste nyttårsnatta.

Vi har ynskt kvarandre Godt nyttår dei siste timane. Det er ei god oppleving å få ta familie og venner i handa og sei Godt nyttår, og vi gler oss over helsingar på SMS og Facebook. Vi meinar det verkeleg, vi ønskjer kvarandre alt godt!
Så vakna eg opp til min nyttårsmorgon og fann at det nye året ikkje starta så godt. På nyhetene fann eg informasjon om dødsulukke på vegen i nabolaget der vi køyrte kort tid før det skjedde. Det er vondt. I skrivande stund utviklar det seg eit stort jordras utanfor Trondheim, naturkreftene rår vi ikkje med. Det er skremmande. Slik vart mitt første  "forundringspakkefunn" denne nyttårsdagen 2012!
Men ikkje berre det, heldigvis. Også i dag kom eg ned til fint dekka frukostbord av ein nyttårsfrisk mann. Kaffi, egg og lys på bordet. Slik har mine nye dagar starta  i nærare 40 år! Blir dette funnet ei forundringspakke for meg i dag også, skal tru? Det sto i alle fall ikkje noko om dette på nettet i dag tidleg. Eg synes det fortener ein plass der  i dag! Eg ønskjer ikkje slutta å forundra meg over det alminnelege og kvardagsgode!

Nyttårsdagen, som kvardagen, har både det gode og det vonde i seg. Vi må leva med det, vi må hjelpa kvarandre, og gle oss med kvarandre. Knerten sin forundringspakkehistorie enda godt fordi menneske tok ansvar for kvarandre. Vi har lært litt om dette det siste halve året vi nordmenn.

Kongen sa det slik i går kveld:
"Alle lyste vi opp veien videre ved samholdet vi skapte og varmen vi omsluttet hverandre med. Ved at vi søkte sammen i stedet for å vende oss mot hverandre. Ved at vi strakte ut en hånd i stedet for å trekke oss unna. Det er slike fakler vi fortsatt må tenne for å se veien videre. Det er fra slike kilder vi må øse for å reise oss."

Det er godt sagt av vår gode konge!

På denne nyttårsdagen vil eg også, gjennom nokre vers av Svein Ellingsen, peika Gudsdimensjonen i dei kreftene som kjem til oss frå kjelder utanfrå oss sjølve:

"Vi rekker våre hender frem som tomme skåler,
kom til oss Gud og gi oss liv fra kilder utenfor oss selv.

Vi løfter våre hender frem i bønn for verden,
La dem som lider finne vern mot kalde hjerters is og sne.

Vi venter etter smertens vår din nådes sommer,
Og sorg og glede blir til vekst med frukt vi ikke selv kan se."

For meg er dette det forunderlegaste av alle forundringspakker - Gudsrikeskreftene til hjelp i vår kvardag, og med håp for vår framtid! Eg kan ikkje slutta å peika på dette......

Godt nyttår!

Ingen kommentarer: