lørdag 21. januar 2012

Gråblå morgon

Vinterlyset er fasinerande. Eg set åleine med frukosten min og ser at morgonen og lyset kjem. Det gråblå lyset trengjer seg ned på halvvegs snødekka mark. Innimellom dei svarte, nakne bjørkekrunene kjem det, og sanneleg trengjer det seg innmellom dei svarte granane også. I nord er himmelen mørkegråblå. Blåfargen er ganske intens nett no.
Det er snø i skyene, våt snø som har liten verdi for meg. Blir ikkje noko snøglede i låglandet i dag. Men lyset og himmelen blir påverka og skaper ei lysoppleving for meg.



I går var eg i gravferd. Ei vemodig, trist og god gravferd for ein av mine venner her på Seim.
Sjukdomen hadde berre ein utveg for henne diverre, og vi set fattigare att.
Då eg kom til kyrkja i går var himmelen som i dag, berre endå meire intens. Har faktisk aldri sett den blågrå fargen slik - så djup, så skarp og så intens mørk blå! Vakkert, trolsk, ja nesten litt nifs i fargen. Passa godt til sinnstilstanden vår.
Då vi kom ut av kyrkja var den same nord-vesthimmelen klår for ei stund. Skyene hadde tømt seg medan vi var inne, og den høge frie himmelen med ei aning av sollys, låg over Seimsfjorden!
Passa godt for håpet, som hadde fått fornya næring inne i kyrkjerommet!
Dei tunge skyene vart tømde i går, i dag er dei tilbake.
Sollyset viste at det var der bakom skyene ein stad i går, i dag er dei borte igjen.
Det går mot lysare tider. Vi merkar det, litt lenger lyst for kvar dag. Godt det. For meg må denne tida gjerne gå seint, for eg vil nyta det fantastiske lyset! Det har jo så mange nyansar, og alt er jo så vakkert!
Lyset er livskreftene sitt pulsslag. Lyset har livskreftene sine mange lyse, gode, lunefulle og tunge nyansar.
Eg ser stor grunn for å takka for den fjerde skapingsdagen, dagen då lyset kom på plass i skaparverket!

Biletet har søster Ingvild tova 

2 kommentarer:

Marit Elisebet Totland sa...

Fint og stemningsfullt, både tekst og bilete. Er det du som står bak biletet, Kari?

Kari Skår Sørheim sa...

det er Ingvild, søstra mi. Du finn meir om du klikkar på namnet hennar i innlegget