søndag 22. april 2012

Til eit nyskapt barnebarn

Gud signe deg du vesle frø i mørke, varme verd
Ein liten knupp med livskraft i, så ny men alt så nær
Ein spire langt der inne i ei vakker skapingsverd
Om livet ditt er nyskapt nytt, du høyrer til oss her

Gud vare deg du vesle frø i mørke, varme verd
Eit storskapt under visst du er, på starten av di ferd
Bruk tida godt i landet ditt, finn styrke, vokster god
Du har di skapingstid i livet ditt, i verda di nett no

Takk Gud for livsens under stort, i djupe, dunkle rom
Takk for at barnebarn blir til, at liv på nytt det kom
Styrk mor og far og gjev dei glede, tryggleik god
Lat kjærleiksfrukta veksast sterkt frå livet til dei to

Så skal du vita vesle frø langt inne i di verd
Det gjer eit best’morshjarta godt å vita du er der
Og bestemor vil be kvar dag, for deg og far og mor
Og takka for eit underverk, eit heilt nytt liv på jord!

Helsing bestemor